Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Snorri Sturluson

Snorri Sturluson

Sammendrag av Snorres liv på nynorsk (sidemål).

Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
05.11.2008


’’Vi hentar mest kunnskap frå det som er fortalt i dei kveldane som blei kvedet for høvdingane sjølv, eller sønene deira’’…

(Snorri Sturluson)

 

Den verdsberømte Snorri Sturluson, eller Snorre Sturlason som vi kjenner han i dag, blei født på det vakre Island i om lag 1178. Hans biologiske foreldre var Sturla Pandanson, og Gudny Bodvarsdottir, men han blei oppfostra i lærdom hos datidas fremste høvding, og seinare rekna som Islands klokaste mann, Jon Lofsson. Jon kom frå ein svært mektig familie, og budde på ein av dei rikaste gardane på den tia. Denne garden heit Odde, og var sentrum for nesten all kultur på Island. Det var her Snorri lærte seg og las og skrive, samt fekk opplæring i både latin, matte, og det islandske lovverket.

 

Snori vekse opp til å bli ein stor høvding, og ein av Islands mektigaste personar i sin tid. Han var også representant på det islandske Alltinget, kor han styrte nokon lange og minneverdege periodar, i åra 1215-18, og 1222-31. Her hadde han det høgste embetet som lovsigemann, noe som var ein av hovudgrunnane til hans store makt.


 

Mange menneske forbinder namnet Snorri med Noreg, men han har faktisk berre vori her to gonger i sitt liv, og aldri i ein periode på meir enn 2 år av gongen. Fyrste gong Snorri besøkte Noreg var i perioden 1218-20. På den tida låg Kong Inge av Noreg på sitt dødsleie, og det var ein stor indrestrid mellom hans halvbror Skule jarl, og birkebeinaranes representant, Håkon 4., om kven som skulle bli den neste kongen av Noreg. Snorri støtta sin gamle ven Skule, og gikk i all løyndom inn i hirda hans som lendmann. Dette var dessverre noko han skulle komme til å angre bittert på.

 

For den andre gongen Snorri besøkte Noreg skulle det komme til å koste ham livet. Han oppsøkte Noreg denne gongen, delvis for å sleppe unna sine mange og mektige fiendar, men også for å sleppe unna dei dårlege kåra som var på Island på den tia. Dette var i perioden 1237-39, også kjent som Sturlingstida. Ein epoke som var prega mykje av overfall, mordbrannar, og avrettingar, kor av Snorri var ein av dei få heldige overlevande. Men sia Snorri siste besøk i Noreg hadde det mykje skjedd. Blant anna hadde Håkon 4. nettopp blitt krona til Noregs konge, noe som gjorde at å oppsøke sin ven Skule skulle bli katastrofalt for Snorri. For da Kongen fikk høre om dette ble Snorri sjølvsagt augeblikkleg stempla som ein forrædar, og måtte i all hast forlate landet i 1239. Men til tross for kor hardt han enn prøvde, klarde ikkje Snorri å unnslippe sin lagnad, og han døde i kamp på garden sin i ein alder av 62år, da ein hærskare av kongens menn oppsøkte han den 23. september i Herrens år, 1241. Og med det ende det storslagne livet til ein av dei mektigaste høvdingane i Nordens historie.

     

Som vi kan sjå var Snorri i sin samtid oppfatta som ein høvding, og ikkje ein forfattar. Dette kom først i seinare tid. Likevel skrev han mange av dei mest sentrale verka frå heile den norrøne tidsalder. Vi har både: Den Yngre Edda, og dei norske kongesagaene, også kalla Heimskringla. Nokon vil også gi Snorri æra for å ha skrivi Egilssaga, men dette strides det mykje om. Det populære kallenamnet til kongesagaene, nemlig Heimskringla, kjem frå dei fyrste orda i verket, og betyr ’’Den runde jordskiva’’.

 

Og det er vel nettopp Heimskringla som er ein av hovudgrunnane til at så mange menneske reknar Snorri som ein norsk forfattar, og til at han framleis er hugsa den dag i dag. Det er også Snorri som har gitt oss det meste vi veit om den gamle mytologien, og hans verkar har hatt ein avgjørande betydning når historikarar skal forsøk å danne seg eit bilete av vikingtida, og middelalderen. Snorri la også grunnlaget for nesten all litteratur i Norden etter 1200-tallet.

 

Disse sagaene brukte han 10 år på å skriv, og dei har seinare blitt ført vidare gjennom tida av munkar som skreiv dei for hand heilt fram til trykkerikunsten kom. Kongesagaene til Snorri er i dag ein av dei mest verdifulle kunstskattane vi har i Noreg. I kongesagaene skildrar Snorri livet til alle dei norske kongane, frå Harald Hårfagre, og heilt fram til Magnus Erlingsson. Han prøver til og med å knyte dei norske kongane heilt tilbake til Odin. Gjennom alle kongesagaene visar Snorri ein imponerande evne til å skrive historisk, samtidig som forteljingane hans er svært spennande, noko som er typisk for alle sagaer. Han bruker også ein autoral og refererande synsvinkel heile vegen, noko som hjelper til å bygge opp det inntrykket at forteljingane hans er sanne. Mykje av dette finn man også igjen i den Yngre Edda.

 

Den Yngre Edda er ein lærebok i gammal skaldekvad og mytologi, og er sannsynlegvis eit forsøk frå Snorris side, på å redde skaldekvad, norrøn mytologi og litteratur, som heldt på å døy ut på grunn av kristendommen. Her blir alle dei gamle mytane fletta inn i ei historie om ein svensk konge som reiser til Åsgard for å treffe den ’heidenske treenighet,’ som var Odin i alle mulige skikkelsar.

 

Snorris liv hadde derfor ein avgjørande betydning, ikkje berre for historia slik vi kjenner ho i dag, men også for all litteratur og språk i heile Norden sia 1200-tallet. Og ein kan ikkje anna enn å beundre ein person som klarte og utrette så mye i løpet av sin 62 års korte livstid.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil