Søk i stiler
 

Kommunikasjon utan ord


Handlar om korleis vi ser på andre menneske, fyrsteinntrykket. Handlar og om identitet og personlegdom. Vær så snill å les den!
Sjanger:AnnetLastet opp:29.09.2008
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Identitet
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



”Jeg lurer på hva du har i bagasjen, hva du lurer under overflaten..”

- Karpe Diem

 

Har du nokon gong sutte på ein kafé og berre stira ut på folkemengda? På alle menneska som småspring forbi på sin eigen personlege måte, med sine eigne personlege tankar og kjensler? Nokon legg du ekstra godt merke til. Dei som skil seg ut frå mengda. For eksempel ei overvektig kvinne med ei Cola-flaske i den eine handa og ei pølse i den andre handa. ” Menneske, har du absolutt ingen sjølvkontroll? Det der har du ikkje godt av”, tenkjer du, og før du anar det har du gjort deg opp ei meining om denne kvinna.

 

Du kan ikkje vite at denne kvinna heiter Irene. Du kan ikkje vite at Irene ein gong hadde ei lovande karriere innan handball, og at ho øydelagde det venstre kneet sitt i ei ulykke og fikk beskjed om at ho aldri kunne spela igjen. Du kan heller ikkje vite kva dette gjorde med Irene, at ho vart tung til sinns og byrja å trøsteeta. Du kan ikkje vite at ho sleit med denne depresjonen i mange år, før ho møtte Lars, og alt endra seg. At dei gifta seg i Nidarosdomen i 2003. At dei saman fekk ei skjønn lita jente, Emma. Og at både Lars og Emma vart drepne i ei bilulukke eit år seinare.

 

Du kan då for faen ikkje vita dette, og difor lagar deg eit inntrykk av denne kvinna, og du tenkjer ikkje noko særleg meir over den saken.

 

Identitet er eit fint ord. Eg veljar å kalle det eit vedunder, dette ordet. Eit mirakel. Samfunnet veljar å kalle det personlegdom.

 

Kva vil eg at andre skal tenkja om meg?

 

Eg kallar det eit vedunder fordi det er noko av det vakraste eg veit. Berre tenk på det. Kvart einaste menneske i heile verda har sin heilt eigen personlegdom. Og det er faktisk ganske mange menneske i verda, tenk. Eg likar hip hop, snøbrett og øl. Eg hatar politikk, og eg hatar matte. Eg elskar å lesa bøker, men eg hatar å lesa avisa. Og dette er meg. Min identitet, min personlegdom.

 

Ettersom vi veks opp, formar vi oss til å bli ulike variantar menneske, for alltid. Vi utviklar eigne interesser, eigne meiningar og skapar eigne haldningar. Alt ein opplev gjennom livet, er med på å forma personlegdomen vår. Ingen har ei medfødd spiseforstyrring for eksempel.

 

Sameleis med oss menneske, er også verda i stadig endring. Ting skjer heile tida, og det gjer noko med deg og din personlegdom. 11. september gjorde noko med mange amerikanarar. Haldninga deira til Irak endra seg, haldninga deira til terrorisme endra seg. Noko som før hadde vore så fjernt, vart brått så nært, noko som aldri før hadde vore ein del av personlegdomane deira, blei brått det.

 

Det er viktig for alle å finne sin eigen identitet. Og spesielt for oss unge. Vi lengtar heile tida etter respekt og merksemd frå andre, medan alt på innsida kan vera eit einaste stort kaos. Vi samanliknar oss med andre heile tida.

 

Er ho finare enn meg?

 

Vi ungdommar plasserar folk i inn i grupper, vi rangerer dei frå topp til tå, på same måte som lærarane gir karakterar til elevane sine. Systematisk, presist, upersonleg og iskaldt.

 

Om vi ser ein gjeng svarthåra, pierca, bleike og tatoverte ungdommar, går dei anten musikklinja, tilber Satan, kuttar seg sjølv med barberblad i handleddet eller enkelt og greitt, ale delane. Slik er det med den saka. Punktum finale.  

 

”Jævla emo, eg er ikkje ven med deg”, tenkjer du, medan du inni deg går rundt å undrar og funderar på kven desse individa eigentleg er. Nysgjerrig er du, men du er også ung, usikker og redd for det ukjende..

 

Det same inntrykket får desse svartkledde ungdommane når dei passerar nokre av dei mest populære jentene på skulen. Blonde, oversminka ”bimboar”, med kvite Lacoste- t-skjorter, miniskjørt og Louis Vittoun vesker.

 

Korleis er det å vera deg?

 

På denne måten kommuniserer vi med kvarandre, utan ord. Vi kjenner kvarandre ikkje, kanskje har vi ikkje eingong utveksla eit lite ”hei” på skulen, sjølv om vi passerar kvarandre i korridorane kvar einaste dag. Førsteinntrykket har bestemt at det skal vera slik. ”Eg og deg skal ikkje snakka saman, for du er ikkje som meg, og vi har ingenting til felles”.

 

Fyrsteinntrykk er eit stygt ord. Eg veljar å assosiere fyrsteinntrykk med dømming. Feildømming. Ei blondine er ikkje dummare enn ei brunette for eksempel. Ei blondine er eit eige individ ulik frå alle andre blondiner, brunetter og raudhåra. Kanskje ho ikkje veit dette, fordi ho aldri har teke seg tid til å tenkje over det?

 

Kort sagt er det dette livet handlar om; å finna seg sjølv. Noko som er alt anna enn enkelt. Noko dei færraste klarar, med svært få unntak. Vi blir fødde som unike originalar, så kvifor døyr vi då som kopiar av andre? Greitt nok. Eg likar hip hop, snøbrett og øl. Eg hatar politikk, og eg hatar matte. Eg elskar å lesa bøker, men eg hatar å lesa avisa.

 

Men kven er eg eigentleg?


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

Julie
14.10.2008 18:03

Bra!
2
anbefalinger
Hei. Dette her var svært svært bra, ei av dei gode! Du dreg fram mykje som er både viktig og sant her, og stort sett er eg kjempeeinig. Kanskje har du med litt for mange fordommar her, og ved å skrive om dei, styrkar du dei, jamvel om du jo også snakkar i mot fordommane og dei feilaktige førsteinntrykka. Eg meiner heller ikkje at ei blondine er dum og slikt. Teksten din er veldig rett-på-sak, og du skriv det du meiner og det du meiner skriv du svært bra, og med varierte ord og utrykk, og med ein masse poeng!
Ganske sikker på at du fekk anten 5 eller 6 på denne, ikkje sant?

Håper du kan ta deg tid til å lese enten Klasseturen og/eller Christina's World. Dei er begge noveller her på daria.

Dessuten burde du virkelig prøva å titta innom Skrivebua, viss du vil legge ut meininger og tekster og slikt. Besøk gjerne profilen min også: Julie93.


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)



På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.032 sec - 1 pageviews