Tarjei Vesaas og Alf Prøysen

Sammendrag av livene til Tarjei Vesaas og Alf Prøysen.
Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2008.09.24

Tarjei Vesaas blei fødd i 1897 og vaks opp på ein gård i Vinje i Telemark. Som barn var Vesaas interessert i å skrive og lese. Han satt ofte for seg sjølv og las, mens dei andre i familien satt ved peisen og prata. Han var ikkje så interessert i åtgaum.

 

<bilde>

 

Vesaas starta å skrive i 1923. Då skreiv han romanar, novellar og dikt. Han prøvde å modernisere lyrikken ved å eksprementere med forskjellege skrivemåtar. Han var ein prosaforfattar. Det var ikkje føyr i 1952 han slog igjennom som forfattar. Då kom han med novellesamlinga ”Vindane.” For novellesamlinga fekk han ”Venezia-prisen.” Det kan sammenliknas med å bli europameister i litteratur. Vesaas henta dei fleste av sine metaforar og symbol frå naturen.

 

Vesaas er også kjend for to andre romanar. Det er ”Is-slottet” og ”Fuglane.” ”Fuglane” kom i 1957 og handlar om ein mentalt tilbakeståande mann. Namnet hans er Tusten. ”Is-slottet” kom i 1963 og handlar om eit vennskap mellom to jenter, beggje på 11 år. Ho eine døyr, mens den andre jenta må leve med sorg.

 

Tarjej Vesaas var gift med lyrikern Halldis Moren Vesaas. Beggje to brukte mykje tid på å reise, derfor var ingen av dei mykje heime saman. Dei reiste rundt om i Europa for å halde seg oppdatert på kva som skjedde og kva dei andre kunstnarane var oppteken av.

 

Vesaas var oppteken av å skrive riktig nynorsk. Han fulgte opp dei rettskrivingsendringane som blei vedtatt av Stortinget. Han ville at nynorsken skulle vere meist muleg moderne. Vesaas døydde i 1970. Då blei han 73 år gamal.

 

<bilde>
Prøysen blei fødd i 1914 og vaks opp i ein fattig husmannsfamilie på husmannsstaden Prøysen (oppkalt etter landet Preussen) på Rudshøgda i Ringsaker, Hedmark. Hans egentlege namn var Alf Olafsen, men han tok namnet Prøysen etter husmannsplassen kvar han og hans familie budde. Han gjekk på Furu skule frå 1922 til 1929. Annenkvar dag måtte han gå tre km til skulen. På skulen var han ein av dei beste elevane. I 1945 møtte han Elise Storhaug og tre år etter gifta dei seg.

 

Prøysen blei fyrst kjend gjennom radio. Han blei kjend som visesangar og fortellar. På tida Alf levde var det kun ein radiokanal, derfor fekk han mykje åtgaum. Han hadde sitt eget program for dei minste barna. ”Barnetimen for de minste” blei ein stor suksess og Alf drog på mange turneer landet rundt slik at barna kunne sjå Alf på ordentleg. I 1950 fekk Alf ein eiga spalte, ”Lørdagsstubben,” i Arbeiderbladet. Det var ofte korte novellar eller fortellingar.

 

Storgården og husmannsstaden er kvar dei fleste sangane, stubbane og novellane hans utspelar seg. På 1950-tallet busatte Alf og Elise seg i Nittedal, der budde han heilt til han døydde av kreft 23. november 1970. Då blei han 56 år gamal. Han ligg begravet på æreskirkegården på Vår Frelsers gravlund.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst