Søk i stiler
 

Åleine heime


En liten historie om en hjemme-alene-fest.
Sjanger:FortellingLastet opp:03.10.2000
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Fest
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Endeleg! Der gjekk foreldra ut døra. I fem veker hadde han venta på dette, at gamlingane skulle fare på helgetur med danskebåten. Knut hadde nærast ikkje trudd øyro sine den dagen faren hadde komen heim med nyheita. Foreldra hans, dei mest darrige heimfødingane Gud (eller nokon annan) hadde greidd å feilsende hit til Jorda, skulle vere borte i tre heile dagar. Han hadde i det heile byrja tvile på om dei nokon gong ville fare vekk i frå Slappstad. Sidan då hadde Knut brukt tida på å planleggje alt til siste detalj. Fredag: Informere ALLE i Slappstad. Laurdag: Ein fest som skulle gå inn i historia. Søndag: Rydde evt. ta fly til Anchorage.

 

No var det fredag allereie, så Knut byrja få dårleg tid. No gjaldt det å tenkje ut ein måte å sikre seg at alle som kunne vere aktuelle for den store hendinga fekk vite om ho. Korleis kunne det best gjerast? Det var då ein kongstanke slo ned i Knut: Enn om han hengde opp ein haug med plakatar i sentrum?

 

”For ein god idê”, tenkjte Knut for seg sjølv. Sjølvsagd kunne han ikkje greie ei så stor oppgåve åleine. Han ringde til tre av venene sine, og dei vart svært oppglødde. Dei kom bort til Knut, og saman brukte dei natta til å lage, bere ut og hengje opp plakatar i eit vanvitig tal. Laurdagen kom, og Knut vakna med ei god kjensle. Dette var dagen han hadde venta på heile livet. No skulle dei gjerast, alle dei tinga foreldra hans hadde hindra han i alt for lengje.

 

Det Knut ikkje visste var at det ikkje berre var Slappstad sine kjekke ungdomar som var informerte om den føreståande hendinga. Bølle-Leif og gjengen hans, Leiferne, som var dei verste utskudda som nokon gong hadde sett føtene sine i Slappstad, budde seg og, om enn på deira spesielle måte. Mottoet deira var teken etter Guns n’ Roses sitt udødelege album, ”Appetite for Destruction”. Rekkja av hus som hadde vorte øydelagde av denne fælslege samlinga bandittar var nesten uendeleg.

 

Uvitande om faren som truga, var Knut i full gong med den aller viktigaste delen av førebuingane til ein vellukka fest: Alkoholen. ”Ein fest utan folk er ille nok, men ein fest utan alkohol er ei katastrofe”, tenkjte han og leita i faren sitt barskap etter ei flaske med ein imponerande etikett. Han undra seg litt på korleis i alle dagar han skulle greie å erstatte ho, men tida etter laurdag var noko som for han ikkje eksisterte. Han tok fram to flaskar av faren si uvurderlege samling, og tenkjte: ”This is it!” Dei fyrste ungdomane hadde byrja samla seg utanfor……….

 

Det fyrste offeret var ein særs fin, gamal vase som mora til Knut hadde fått i frå bestemora si for mange år sidan. Ei jente Knut aldri hadde sett før, slo han ned med jakka si mens ho veiva med ei flaske konjakk og ropte: ”Dette er alt eg greidde stele, vonar det blir nok!”
Knut smilte tappert og tømde i seg det tredje glaset av faren sin vin. Han jobba hardt med seg sjølv for ikkje å bryte saman, og tenkjte at han i alle fall skulle bli full på kvalitetsvare, og ikkje på noko skvip som hadde blitt bryggja i ein kjellar ein eller annan stad. Difor burde han så fort som mogleg få i seg faren si Chivas Regal før nokon av dei usiviliserte pøblane som no var i ferd med å trengje seg inn i huset fann ho. For det som no hende, var utfoldinga av det største skrekkscenarioet for ein kvar festarrangør i Slappstad. Den fælslege skurkebanden, Leiferne, stod utanfor. Knut, som enno var nokolunde i stand til å tenkje klart, sprang rundt i huset, stengde alle vindaugo og låste alle dørene. Men var det nok til å stogge Leiferne? Dei byrja med ein gong trampe ned blomsterbeda, knuse postkassen og elles ramponere og øydeleggje alt som kunne øydeleggjast. Knut tenkjte eit lite sekund på kor mykje det ville koste å kjøpe nye blomar til mora, og grudde seg med eitt til morgondagen. Men plutseleg var dei borte, alle Leiferne. Kun dei som hadde vore der heile tida, var att. Knut kjende seg tom. Ei lita stund etter byrja han kjenne seg ei aning dårleg, òg. Han vandra gjennom romma i huset og kjende seg knapt att, så mange framande var det. Han snakka med folk no og då, men for det meste hadde dei inga aning om kven han var, slik at han mest følde seg som ein inntrengjar i sin eigen heim. Knut kom fram til at han skulle setje seg på rommet sitt ei stund for å kome seg, men når han gjekk inn dit høyrde han ein lyd frå senga og blei skarpt beden om å pelle seg ut og slå av lyset. Knut subba seg vidare, og kom etter kvart fram til foreldra sitt rom. Der var det òg fullt av folk som ikkje såg ut til å ha særleg respekt for foreldra si seng. Men så var det ikkje deira foreldre si seng.

 

Knut snubla seg ut i hagen, kor musikken virka å vere minst like høg som inne, og folk han aldri hadde sett før kasta sigarettar og tomme flasker rundt seg. Han ønskja dei alle langt vekk. Knut kunne ikkje sjå heilt klart no, så full av whisky og vin som han var, men over gata kunne han sjå dei mørke silhuettane i vindauga. Slappstad blei heldt vaken. Fleire folk spurde han ”er du OK?” når han skjena forbi med Chivas Regal-flaska i armane, enno han ikkje kunne hugsa at dei hadde snakka for mykje til han tidlegare. Plutseleg blei han svært dårleg , og tømde ein liter alkohol over premierosane til faren. To av venene hans kom og førde han forsiktig opp trappane, forbi restane av diverse pyntegjenstandar, par i heftige omfamningar, gutar som spela fotball med porselensserviset og la han i senga. Når dei sløkte lyset og gjekk ut, blei Knut merksam på den forferdelege smaken i munnen sin. Han ønskja plutseleg at mora var der, berre for å minne han på å pusse tennene……..

 

Karakter: 5-

Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

Julie
13.06.2008 17:51

Bra!
0
anbefalinger
Dette var beskrivelsen av en fyllefest,men ikke en serlig bra stil. litt lite mening og poeng, anna enn at heime-alene-fest ikke alltif er så bra.
les klasseturen, og christina's world. det hadde vert supert, viss dere legg igjen noen kommentarer der òg!


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.014 sec - 1 pageviews