Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Operasjon Telia

Operasjon Telia

Om en mislykket mafia.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
28.07.2000

”Nå er det lenge sidan me har gjort eit stort kupp.” Larry nikka einig og kikka seg rundt i det store rommet. Rommet var mørkt og trist, men lyspæra som hang i taket gjorde at han kunne skimte dei andre rundt trebordet. Me sat i ein gamal kjellar i eit lagerhus til firmaet dei brukte til å kvitvaske pengene sine med. I enden av bordet sat ein stor tjukk mann med dress med kvite striper, hatt, og ein stor Cuba sigar i kjeften. Det var sjefen. Gudfaren for mafiaen i Stockholm. Han sat og gliste og humra og lo over sin siste plan. Han var smart og lurte som regel politiet trill rundt. Tekniske ting var hans svake side. Til å løyse det problemet hadde han hyrt Gustav, fyren som sat til venstre for gudfaren. Han sat og glante rundt seg med dei trill runde brillene. Han såg ikkje særleg smart ut, men var visst ein av dei beste innan faget. Til høgre for gudfaren sat ein svær fyr med skulderbredde på minst ein meter. Han var nærare to meter hør og ein perfekt livvakt. Han sat og speida rundt seg etter farar rundt forbi. Handa hans var alltid nær colten på innsida av frakken hans.

 

Gudfaren fortsette vidare på planen sin. Han tok fram eit stort kart over byen. ”Her skal aksjonen foregå.” Han sette eit rødt kryss på kartet. ”Hovudbygget til Telia”. Gudfaren gnei seg i hendene og smatta på sigaren sin. ”Vi har fått eit tilbod av Telenor frå Norge om å få direktøren i telia av vegen snarast mogleg, og i tillegg få mobilsentralen til Telia av kartet.” Gudfaren gliste ennå meir. ”Til å drepe direktøren har vi fått med oss den finske skyttar eksperten Pekka.” Fram frå mørket kom ein kvithåra stor fyr med mord i blikket. Han stod og spikka fingrane med ein skarp kniv konstruert for å drepe. Gudfaren forklarte vidare og, eg vart sett til å vere med Pekka for å knerte direktøren.

 

Roleg og stilfullt spaserte alle opp av kjellaren og inn i fabrikken. Støyen frå sveisingen var uuthaldeleg. Ute på gata stod limousinane og venta med egne privat sjåførar. ”Til hotell Plaza.” Sjåføren min nikka og sette klampen i bånn retning av hotellet. Samstundes svingde ein blå Opel ut av parkeringsplassen og la seg rett bak oss. ”Ser du den bilen bak oss, sjåfør?” Den mørkhuda sjåføren tok eit raskt blikk i speilet og nikka. ”Sørg for at den ikkje kjem fram”. ”ja.” Han svara med ein likegyldig tone. Sjåføren tok av eit deksel på panelet og fleire knappar kom til syne. Han tenkte seg litt om før han trykte den eine av dei forsiktig inn og la dekselet på igjen. Eg høyrde ei rar rasling på vegen. Eg snudde meg og såg spisse gjenstandar drysse ut frå bilen vår. Den blå Opelen prøvde å bremse, men det var for seint. Det smalt i dekka, bilen kom ut av kontroll og fauk inn i autovernet med eit smell.

 

Framme ved hotellet stod pikkoloen på den røde løparen og venta tolmodig på bagasjen til folk. Min låg allereie trygt inne på rom 205. ”Velkommen til hotell Plaza. Har du bagasje” Pikkoloen kikka håpefullt på meg og håpa på tips. ”Nei”. Høfleg viste han vegen og igjen stillte seg håpefullt ved den røde løparen. Borte ved resepsjonen stod resepsjonisten og smilte overflatisk til alle som kom. ”Nøklane til rom 205, takk”. ”Skal me sjå, her er nøklane. Forresten det var ein mann her og spurte etter deg men han la ikkje igjen noko beskjed.” ”Korleis såg han ut?” ”Høg mørk mann med blå auge, meir hugsar ikkje eg for folk kommer og går her i eit kjør”. Kan ikkje seia det var noko godt teikn. Kven er det som har lyst til å ta livet av meg? Eg tok nøklane og tok heisen opp til rommet mitt i andre etasje. Eg tok fram pistolen min i tilfelle den ikkje velkomne mannen ikkje var gått. Døra var låst. Godt teikn. Eg låste opp så stille eg kunne og lista meg inn. Det første rommet var ein liten gang med plass til yttertøy. I enden av gangen var døra inn til soverommet. Døra stod på gløtt. Igjen lista eg meg lydlaust fram. Eg lada pistolen min, holdt eit fast godt tak rundt han og gjorde meg klar til å skyte. Eg reiv opp døra og storma inn, kikka til alle kantar som om eg var ein politi i aksjon. Der var ingen der, men synet som møtte meg stemde med mine mistankar. Rommet var endevent. Skuffer og skap var tømt, puter og madrassar var skorne opp. Alt låg strødd ut over golvet. Eg sjekka dei andre romma. Ingen der heller . Eg rekna med at han ville komme tilbake så eg skrudde av ei pæra, knuste ho inni eit handklede og strødde det i gangen. Skrudde av lyset slik at han ikkje såg glass skåra. Eg kjente eg var søvnig og la meg til å sove.

 

Plutseleg bråvakna eg av knasing i gangen. Eg reiste meg fort og stille opp og stillte meg på sidan av døra klar med pistolen til å kakke til personen i bakhovudet. Døra opna seg, eg trakk armen min godt over hovudet mitt og deiste pistolen i bakhovudet. Mannen ramla med eit stønn i golvet. Eg lyfta han opp for å ta ein nærmare kikk på kven det var. Det var Pekka. Nei, for ein tabbe. Me hadde avtalt tidlegare at me skulle møtast her på denne tida. Eg rista i han. Ingen teikn til bevissthet. Eg la han i ein stol og venta på at han skulle komme til bevissthet igjen. Det kunne ikkje ta særleg lang tid, for ein mann på den størrelsen skulle nå tåle ein støyt.

 

Eit kvarters tid etterpå vakna han omsider og reiste seg fortumla opp igjen og lette etter pistolen. ”Det er bare meg”. Eg prøvde å roa han ned, for eg følte meg ikkje særleg trygg med ein slik kald mordar med ein pistol opp i trynet mitt. Han begynte å koma til seg sjølv igjen. ”Det er på tide å sette planen til verks, men kvifor i helvete sette du bilen min ut av spel” Sa han med gebrokken finsk-svensk aksent. ”Var den blå Opelen din?” ”Ja” ”Beklager, eg trudde det var ein som følgde etter meg.” Ansiktet til Pekka var full av blåmerker etter krasjet med autovernet.

 

Me gjekk ned i bilen til Pekka som avtalt og prøvde å vekka minst mogleg oppmerksomhet. Men for ein mann med utsjåande som Pekka var det så å seie umogleg. Våpna til aksjonen hadde Pekka under baksetet godt gjøymt for det mindre kloke svenske politiet. Turen var ikkje lang til Telia bygget og der va liten trafikk på denne tida av døgnet. Klokka var 23:45 31 desember 99 og alle var nå klare til å feire år 2000, men ikkje me. Me hadde store saker på gang. Direktøren i Telia skulle vekk og bygget til mobiltelefonane. Data friken og gudfaren hadde fiksa mesteparten på forrhånd. Dei hadde forkledd seg som Telia folk og komet lett som bare det på dagtid. Kidnappa direktøren på sitt eige kontor der datafriken hacka seg inn på telias sikkerhetsnett når alle var godt og sikra for oss at døra stod open. På denne tida var det ingen som vill merke om ein tok med seg 20 kg sprengstoff med TNT inn i bygningen. Sikkerhetsvaktene arbeida for oss, i alle fall dei gjenlevande.

 

Brått svinga Pekka bilen sin inn ved hovedinngangen til Telia. Me forta oss ut, tok fram sprengstoffet ut av bilen sprang opp til inngangen. Døra opna seg akkurat som planlagt. Framfor oss var ein stor hall belagt i marmor. Rommet var skremmande tomt. I enden av det store rommet var ein heis. ”Fort”. Pekka pekte på heisen og sette fart på seg. Beina hans var lange og raske, mens mine var korte og trege. Han var framme på et blunk. Eg kom pustande lenge etterpå. Dørene lukte seg og heisen starta å bevega seg opp mot femte etasje der direktøren hadde kontor. Eg kjente pulsen min slå fortare og eg vart klam i hendene. Pekka var framleis like kald som vanleg. Pling! Heisen var framme og Pekka sprang igjen. Bort over gangen og inn døra fire fem meter borte. Eg tusla andpusten etter. Inne på det store luksuriøse kontoret sat ein vettskremt direktør knebla og bundet med auge store som golfballar. Sveitten rann av pannen hans og du kunne sjå dødsangsten i han. Gudfaren sat med pistol løpet trykt inn i tinningen hans. Gustav sat betenksomt over pcèn sin. ”Endeleg” Gudfaren virka letta, men alikevel litt skjelven i stemmen. Iskaldt tok Pekka fram sprengstoffet og rigga det opp. Alle kikka redselfult på han. Han var ikkje akkurat den mest forsiktige med sprengstoff. ”S… S… Skal du sprenge bygningen?” Direktøren klarte så vidt å stamma fram spørsmålet sitt. ”Ja” Svarte gudfaren fornøgd. ”Kva med dykk, har de tenkt å vere her?” ”Nei, me tek heisen” Direktøren klarte å få fram eit lite ondt smil.

 

Klokka viste 23:55. Den tidsinnstillte bomba vert sett på. Klokka starta nedteljinga. 10 minutt så var det gjort. Ingen ville fatte mistanke om Telia bygningen sprengte rett etter midnatt. Ingen visste kva som kom til å skje ved midnatt år 2000. Alle forlet rommet utanom direktøren som fortsatt sat knebla og bundet fast i pulten sin. Ansiktsuttrykket hans var dystert. Han starta nå å innsjå at han skulle dø og at der var ingen veg utanom. Borte ved heisen bråstoppa Gustav. ”Datamaskinen!” Han storma inn igjen på kontoret. Me venta. Pekka tok eit blikk på klokka si. 23:58. Tida gjekk, men ingen Gustav. Gudfaren tok eit nervøst blikk på klokka. 23:59. Med eitt kom Gustav stormande. Endeleg. Eg sukka stille for meg sjølv. Me hadde dårlege tid. ”Me tek heisen, det er snarast” Det var ein ordre frå gudfaren. Handa til Gustav skalv i det han trykte på etasje 1. Dørene lukka seg og heisen starta den behagelege turen nedover. Eg kikka på klokka. 00:00. ”Det er år 2000!” Eg brøla av glede til dei andre. Dei andre smilte lett men nervøst, unntatt Pekka som fortsatt beheldt steinansiktet sitt. Med eit for straumen og heisen stoppa. Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg. Det vart heilt mørkt. ”Kva nå?” Det var gudfaren sin stemme og var nok berkena på Gustav. ”Å nei Me er fortapt, ved årtusenskifte stoppar det meste.” Gustav virka skjelven i stemmen. ”Og du som er dataekspert har ikkje tenkt på det?” ”Jo, eg har teke med lommelykt” Med eitt vart lommelykta slått på. Ansiktet til Gudfaren var bleikt av redsel. ”Er det ingen veg ut i frå her” Eg prøvde å høyra ut som om eg ikkje hadde panikk. Det holdt på å svartne for meg, men eg ville ikkje gje etter. Kanskje var der eit håp. ”Nei” Orda dundra i hovudet mitt. Alt håp var ute. Gudfaren starta å brøle. Sjølv Pekka vart kvit i ansiktet og ba si siste bøn. Gustav hadde svimt av. Det svartna for augene mine. Det siste eg såg var klokka som viste 00:05.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil