Søk i stiler
 

Vi


Ei ung jente blir gravid. Skal hun ta abort?

Sjanger:NovelleLastet opp:24.04.2008
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Graviditet og abort
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Ho sank saman på badegolvet mens ho stira vantru på testen ho hadde i handa. Ikkje tale om! Det måtte vere noko galt med testen. Ho kunne ikkje vere gravid! Ho som alltid hadde vore så forsiktig. ”Ikkje noko tull med henne nei.” Og no, gravid? Med ein gut ho ikkje huska namnet på ein gong? Dette kunne ikkje hende. Det var ein vond draum, ikkje noko anna. Ho kløyp seg i armen. Det verkeleg vondt, og når ho kikka ned, såg ho dei små raude merkene på huda. No gikk det verkeleg opp for henne. Ho var gravid.

 

Legen hadde vore veldig skjønsam, - ho var ti veker på veg. Ti veker! Ikkje rart ho hadde vore så kvalm i det siste. Ikkje rart det virka som ho hadde lagd på seg. Ho kjende seg nomen i kroppen. Det var som om alle kjensler hadde forlet henne. Ho kjende ingen frykt, ingen redsel, berre ein kjensle av forvirring. Korleis ho kom seg heim, ante ho ikkje. Som i ein tåke hadde ho køyrd heim, parkert bilen i oppkøyrselen, og låst seg inn i huset. Ho satt seg foran tv-skjermen, som var heilt svart. Alt var stille og roleg, bortsett fra kaoset som hadde etablert seg inne i hovudet hennar.

 

Da mor hennar kom heim sat ho framleis og glodde blindt på den svarte tv-skjermen. Ho berre grynta til svar på dei vanlege spørsmåla: "Korleis har du hatt det i dag, da? Bra?" og "Er det ikkje fint ver ute? Ingen tvil om at sommaren nærmar seg." Berre fraser. Mora forventa ikkje eigentleg svar, så ho slapp lett unna med eit flatt "mhm". Sommaren nærma seg ja. Bikini-tida også. Vart nok ingen bikini på henne i år. Kva skulle ho gjere?

 

Ho hadde framleis moglegheit til å ta abort. To veker hadde ho, på å avgjere om ho verkeleg ynskja å bli mor i ein alder av 16 år. To veker. Det var rart, for berre noen månader sida hadde ho seti saman med ei venninne og snakka om akkurat dette. Om korleis dei så absolutt ikkje skulle ha barn enda, og om dei skulle bli gravide, skulle dei sjølvsagd ta abort! Men no var det annleis. Ho var gravid. Ting var i eit anna perspektiv no. Det verka ikkje lengre som ei enkel avgjering.

 

Tanken gav gjenklang i hovudet hennar mens ho pussa tenner, skifta frå labukse til nattkjole, og la seg. Ho kunne ikkje behalde det. Ho var jo ikkje vaksen ein gong! Korleis skulle ho, som ikkje var i stand til å holde rommet sitt ein tanke ryddig, klare å ta vare på ein unge? Om ho hadde vore fem år eldre, så kanskje. Men ho skulle ta utdanning, ho skulle sjå verda og få seg ein spannande jobb. Alle desse tinga skulle ho gjere før ho fikk barn. Sjølvklart måtte ho fjerne det. Videregåande ville i kvart fall ikkje bli noko av, om ho skulle vralte rundt som ein kvalross heile hausten. Kva vil folk seie? Ho berre måtte ta det bort!

 

Ho hadde sett altfor mange dømer på unge jenter som vart gravide, fekk ungen, og ødla livet sitt. Mista vennene sine gjorde dei, hoppa av skulen, vart feite, einsame og utslitne. Aldri i verda om det skulle bli henne! Ho skulle ringe i morgon. Bestille time fortast mogleg, bli ferdig med det. Så kunne ho fortsette å førebu seg til eksamen. Ikkje noko problem…

 

Tre veker seinare sat ho på skulen og skreiv diktanalyse. Diktet var "Tung tids tale" av Halldis Moren Vesaas. Ho kjende forsiktig på den vesle, runde kulen på magen hennar. "Det heiter ikkje: eg - no lenger. Heretter heiter det: vi." Ho smilte; - du og eg vesle unge, du og eg.


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

Kris
16.04.2009 20:15

Bra!
0
anbefalinger
Jaja, kopier litt mindre neste gang elr?

http://www.daria.no/skole/?tekst=5436


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.012 sec - 1 pageviews