Søk i stiler
 

Når veit vi nok?


Nynorsk artikkel om hvordan media i dag oppfører seg og hvilke konsekvenser det har.
Sjanger:ArtikkelLastet opp:02.04.2008
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Pressens makt
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Media; det angår oss alle, enten ved hjelp av TV, radio, aviser eller magasiner. Kor enn du går, vil du møte media og reklame som på eit og anna vis vil pøse på med deira informasjon. Spørsmålet er; når veit vi nok?

 

”SV tapte politikarkrigen i helga.”, ”Finn Schøll fant lykka med ny ungkar!”

Kor ofte har du ikkje sett liknande overskrifter lysande mot deg med feite typar? Dette er noen få talls dømer på korleis media styrer liva våre, særleg her i Noreg. Medias påverking er sterk og ikkje til å unngå. Uansett korleis du snur og vender på det, så vil du sjå at massemedia styrer liva våre.

 

Medias viktigaste formål er jo først og fremst å informere. Og det greier dei jo til gangs. Ta til dømes Valla og Yssen-saka. Har du bestemt deg for å følgje den saka, kan du like så godt sleppe alt du har i hendene, for du vil bli forfylgt av den kor enn den dukkar opp i media.

 

Eller saka om den tidligare FrP-politikaren Carl I. Hagen som gav ut ei bok om sitt liv. Dette er berre ei side av saka, og handlar om dei store og innflytelsesrike menneska som har råd til å betale folk for å halde pressen frå livet.

 

Dei som verkeleg tar oppmerksamheita i massemedia, er dei omspekulerte realitykjendisane. Det er dei menneska som har gjort seg kjende ved hjelp av TV som omhandlar det realistiske. Uthenging av det private liv har blitt ein måte å få tak i pengar på. Det å utnytta det realistiske i seg sjølv og gjere det om til eit program som seinare skal bli vist på TV, er blitt ein måte å få sjåaranes oppmerksamheit på. Grensa mellom å meistre kjendis-tilværelsa og å tippe utfor kanten er blitt svært smal med åra som har gått. Mange vil sei at dette minner om sosialpornografi; det heile blir sexfiksert og dradd ut av konseptet. Det er i og for seg riktig, men det at realitykjendisane sjølv har valt dette, kan fort bli gløymt. Da er det gamle ordtaket; ”den som skal vere med på leiken, må tåle steiken” grei å ha i bakhovudet.

 

Menneska som kanskje er ”ufrivillege” i medias gap, er dei kongelege. Det er ei gruppe offentlege personar som er ein del av samfunnet, og er førsteansiktet i landet dei bur i. Dei kongelege er ein del av samfunnet dei lever i og må dagleg finne seg i medias evige hunger etter nye skandalar, både i det kongelege hus og andre plassar. Sjølv om media stadig krenkar menneskas privatliv og driv på med såkalla ”dyneløfting”, står dei kongelege standhaftig på sin plass. Nettopp fordi dei ikkje har noe val, sia dei er offentlege personar og media er stadig på jakt etter ein ny sak å skrive om. Media fråtsar på slike sakar som gribbar rundt ein halvråtten gnu.

 

Media omhandlar ikkje bare negative sider. Sjølv om media er kjent for å avsløre intime sakar, kan det gagne folket og landet som saka er i, for ikkje å snakke om resten av verda.

 

Ta til dømes Watergate-saka; det er eit framståande døme på kva media kan utrette, og ein heil nasjon og verden fekk sjå korleis den amerikanske politikken var da, samtidig å få sjå det korrupte.

 

Uansett korleis du snur og vender på det, så kan ein vel seie at media både har positiv og negativ innverknad på folks privatliv. Om media går for tett innpå nokre gonger får ein berre tåle, alt skal ha sin pris.

 

Personleg må eg få seie at har man først og fremst gitt tillating til å vere på TV eller eit anna sted i media, så må man tåle støyten man får og ta konsekvensane av sine eigne handlingar. Har man gått ut til eit blad og fortald om si tunge tid og korleis barndommen påverka den seinare utviklinga, så får man ta konsekvensane for det man har sagt og gjort. Melder man seg enten frivillig eller ikkje til media, kan man ikkje komme og forvente at alt skal vere ein leik. For media er ikkje ein leik, det har blitt ein livsstil for mange.

 

Det er som å sette fyr på seg sjølv, klage over varmen, for deretter å sette fyr på seg sjølv igjen.


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.011 sec - 1 pageviews