Korleis det var i barokken i Noreg

Hvordan det kan ha vært å leve i barokken basert gjennom noen av diktene til Engelbretdatter, Dass og andre. I tilegg en sammenligning til dagens tanker om døden.
Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2022.01.12
Tema

I Noreg ser vi at barokken varte frå starten til slutten på 1600-talet. Dette er den litterære epoken som er mellom renessansen til 1500-talet og klassisismen til 1700-talet, som også er kjent som opplysingstida. Barokken i Noreg kjem litt seinare til synet enn barokken vidare ned i Europa, fordi Noreg er langt unna der det skjer mest, som i den tidas Italia og områda rundt. Men i denne teksten så skal vi verken setja søkelys på 1500-talet eller Italia, men korleis det var å leva i Noreg gjennom perioden vi kallar barokken. Og i tillegg skal vi sjå på det gjennom forfattarar som Dass, Kingo og Engelbretsdatter.

Vi ser at allereie i første linje på ein av Kingo salmane sine, så skriv han «Far, Verden, far vel». Vi veit allereie at barokken var ein ganske «forvirra» periode, dei fleste visste ikkje heilt kva dei skulle tru på etter renessansen og dette førte til mykje salmar som vi skal sjå på vidare i teksten. Kingo bruker òg språklege bilde for å vidareføra kva han tenker. Han skriv «Og synker dig ned i Forglemmelsens Grav». Mest sannsynleg så meiner han ikkje dette, men kan heller visa til ein tankegang og ein levemåte der dei er meir liberale i forhold til det å måtta eksistera med meining.

I tillegg så kan vi òg sjå på korleis det var i Noreg gjennom barokken på måten Engelbretsdatter skreiv. Ikkje berre var ho den første kvinnelege forfattaren i Noreg, men også den første profesjonelle forfattaren i Noreg på tvers av alle kjønn. I ein tekst ho har skrive kan vi notera oss «Profiten ligger dig i sinde. Saa trykkes Guds Ord hen i blinde». Vi kan tolka dette som at dei levde i ei tid der mykje byrja å handla om makt og pengar. Dei «trykker biblane i blinde». Vi kan seia at verdiar er litt mindre viktige og pengar blir meir viktige enn ein riktig produsert.

Det er fleire viktige barokkdiktarar, og den siste vi skal sjå på er Peter Dass. Han har skrive mange salmar som har stor tyding for norsk litteraturhistorie. Eit utdrag vi kan prøva å tyda er «Høye hall og dype dal skal vike, jord og himmel skal falle til like. Hvert berg og tiende skal slett forsvinne, mens Herrens minne til tusen sinne skal stige». Vi kan forstå det sånn at dei var opptatt av at Gud skulle stå opp igjen, eller at verda skulle gå under. Det kan verka som om dette var eit viktig tema for populasjonen til barokken i Noreg.

Mange av desse salmane har fellestrekk, som dei fleste salmane i barokken. Dei handlar alle delvis om ei høgare makt og dei kan appellera til den tidas mottakarar sine følelsar gjennom å ta opp emne som på den tida var viktige. Dei deler alle verkemiddel, som til dømes patos. 

Om vi skal samanlikna forfattarane til barokken med ein moderne person forholdet sitt til døden, som Per Fugelli, så vil vi nok komma til at dei har ganske like tankar. Vi ser både at Fugelli og dei forfattarane frå barokken vi har sett på har eit forhold til døden som er ganske sunt, vi skal alle døy ein dag, og derfor er det viktig å leva no. 

Både Dass, Kingo og Engelbretsdatter har eit for så vidt likt syn på livet. I barokken så visste ein ikkje heilt kva som var ekte og ikkje, spesielt etter renessansen. Og Per Fugelli er litt det same. Vi skal alle døy ein dag og derfor var det viktig å vera opptatt av å leve nå.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst