Rex og landsbymafiaen

En litt orginal novelle om en miliitærhund, populære jenter, og ein landsbymafia.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2003.02.16

Det var ein varm sommardag Oddrun og eg gjekk i skogen. Det låg blader strødd på bakken etter hausten i fjor, og det var grønfarge overalt. Fuglane song, og vi rusla rundt. Plutseleg høyrte vi klynking i nærleiken. Så såg vi ein hund liggjande ved stammen av eit bjørke tre. –Stakkars hund, sa eg og sprang bort til hunden. Det var ein Lassie- hund, ein gut. –Kva har skjedd med deg, lille ven, sa eg i ein roleg stemme, og strauk hunden over ryggen. –Veit du kva du gjer, Nikita, spurte Oddrun usikkert. –Ja, det gjer eg, sa eg og fann fram mobilen, eg skal ringje til dyrlegen. Hunden såg bønnfallande opp på meg. –Det skal gå godt, kviskra eg til ham.

 

-Tu dyreklinikk, sa det i andre enden. –Hei, eg har funne ein skada hund, veit dykk når vi kan få time?, spurte eg nysgjerrig. –Du kan få ein time klokka fire i ettermiddag, trur du det skulle gå?, blei eg spurt. –Sikkert greitt det, sa eg og smilte, ha det. –Ha det, svarte ho i telefonen. –Fikk time klokka fire, sa eg og såg opp på Oddrun. –Fint, sa ho og smilte. –Du din hund, no skal du bli frisk,  sa eg og strauk han på brystet. Eg lyfta han opp og så gjekk vi heim til meg. Det var ein spinkel hannhund på cirka 21 kilo, men han virket mykje tyngre i denne varmen.

 

Når vi kom heim, blei vi møtt med dette spørsmålet av faren min som satt i hagen: -Herregud, jente, kva har skjedd med den hunden? –Eg veit ikkje, pappa, men vi skal til Tu dyreklinikk klokka fire og finne det ut, kan du kjøre oss?, spurte eg andpusten. –Det kan eg, kor fann dykk hunden, spurte han etter eg hadde lagt hunden ned på graset. –Vi fann han i skogen, svara Oddrun. –Stakkars voffe, sa faren min og klappa hunden på hovudet, han bør ha eit namn, synest dykk ikkje? –Jo, svara vi i kor. –Kva skal vi kalle ham?, spurte Oddrun. –Kvifor ikkje Rex, sa eg bestemt. –Då er det bestemt, sa faren min. –Men du pappa, sa eg uroleg, kvifor spurte du kva vi skulle kalle ham? –Fordi at hunden ikkje har noko halsband, og vi bør jo kalle ham noko, bør vi ikkje?, sa han og såg opp på meg.

 

Faren min er ein middelaldrande mann med kvitt hår og bart. –Men kva viss han har ID-chip?, spurte Oddrun, kva skal vi gjere då? –Då skal vi levere den tilbake til eigaren, så klart, sa faren min og flirte. –Ok, sa Oddrun og smilte, eg veit eg er litt grusom, men eg hopar at han ikkje har det. –Eg og, men etter Norsk Kennel Klub sine lovar, står det at alle hundar skal ha det, så vi får vente og sjå, sa eg fjernt.

 

Klokka nærma seg seint fire om ettermiddagen, og Oddrun og eg satt på venteværelset med Rex og venta på vår tur hos veterinæren. Alt var så stille, vi kunne til og med høyre tikkinga frå klokka på veggen. Vi skvatt til når døra blei opna og assistenten sa: Så er det hunden Rex sin tur. Vi reiste oss, og eg bar Rex inn til dyrlegen, som presenterte seg som Magne Håland. –Kva har skjedd med denne hunden, spurte han i ein roleg tone mens han kjende over den gylne pelsen etter beinbrott. –Vi veit ikkje, svara eg og smilte, vi fann han i skogen liggjande under eit tre, klynkande. –Eg skal nok finne det ut, sa han og såg bort på meg. –Det hopar eg, med det same, kan du sjekke om hunden har ID-chip, spurte eg nysgjerrig. –Det kan eg, sa han og fann fram apparatet som han så la over nakken på hunden.

 

–Nei, det er nok ikkje nokon ID-chip her, sa han etter ei stund og sukka. –Så det betyr at vi enten må annonsere i avisa om denne hunden, eller behalde den?, spurte Oddrun med redsel i stemma. –Enten noko av det, eller sende den på kennel, men då kan han bli avliva etter ei veke viss ikkje eigarane dukkar opp, sa Håland og strauk over hunden. –Då trur eg at vi annonserer i avisa fyrst, og viss ingen viser interesse, behaldar vi ham, sa eg roleg. –Ok, sa Oddrun og Håland i kor. –Då kan dykk gå, hunden lidar nok berre av utmatting og svolt, sa Håland og smila. –Takk, sa eg og lyfta opp Rex. Han såg opp på meg med nokon av dei mest beddårande, mandelforma augo du nokon gong kan tenkje deg.

 

Når vi hadde kommet heim til Kvernaland igjen, gav vi hunden båe mat og drikke, noko som han var svært begeistra for. Eg trur at hunden var svært takknemlig for det vi hadde gjort, for når han hadde ete opp all maten, la han seg i fanget på meg, der eg satt ved sidan av mat skåla hans. Du Rex, du er heilt utruleg du, sa eg og strauk ham over ryggen. Han pusta dypt. -Eg trur vi skyldar ham ein stor teneste no, Oddrun, sa eg og smila. –Det trur eg og, sa Oddrun og klappa hunden på hovudet, men eg må dessverre heim no, før mamma klikkar fullstendig på meg. –Ok, sa eg, Rex – kan du vere så grei og flytte deg så vidt slik at du og eg kan si ha det til Oddrun? Hunden reiste seg automatisk opp og fulgte etter Oddrun. –Skulle nesten tru at han visste kva du sa, sa Oddrun og lo. –Ja, sa eg og smilte for meg sjølve. Kyssa så Oddrun raskt før ho sa ha det og gjekk.

 

Dagen etterpå hadde Rex blitt mykje betre. –Ja, Rex, kom, ropte eg lyst når eg leika med ham ute i den store hagen til faren min. Han sprang etter meg når eg sprang vekk ifrå ham. Han hoppa opp på meg når han nådde meg igjen, og eg føyk. –Rex, din tullebukk, sa eg og lo mens eg låg på ryggen med Rex sine framlabbar oppå magen min. Han bjeffa blidt. Eg reisa meg opp etter å ha flytta Rex frå magen min, og eg klemma ham. –Du, din gode teddy, sa eg og Rex kjempa seg laus. Oddrun kom. –Hei Oddrun, sa eg blidt mens eg kravla opp meg på beina. –Hei Nikita, hei Rex, sa ho og klappa Rex på hovudet. –Eg kan sjå at han har det betre, sa Oddrun og smilte. –Ja, han har det betre, sa eg og sukka.

Rex bjeffa på oss. –Kva er det Rex, spurte Oddrun nysgjerrig. Det var då vi såg gangstarane. –Rex, på plass, sa eg strengt og han sprang rundt meg og satte seg beint ved sidan av meg.

 

-Kva er det dykk har fått, ein Lassiehund, spurte ein svartkledd gut med militærbukser, piggsveis og piercing i øyret. –Ja, det stemmer Bobby, sa eg kjølig. Rex satt stilt. –Fin er han, men synd at den er dykkar, kanskje oss gangstarar kan ha bruk for ham, sa Bobby hånlig. –Dykk gjer berre tort og svie, så eg kan ikkje forstå korleis dykk kan få bruk for ein slik hund, sa Oddrun og skulte på Bobby og gjengen. Plutseleg skjedde det noko utruleg, Rex angrep Bobby, det verkja som at Rex forstod kva Bobby sa. Alt skjedde så fort.

 

-Få den bikkja av meg, skreik Bobby av redsel. –Kom her, høyrte eg Charlotte, ein av gother - gangstarane si og Rex lydde hennar. Bobby og gjengen trakk seg unna Charlotte og Rex etter at Bobby hadde reist seg opp. –Eg trur at Charlotte snart blir degradert, sa Bobby, frå sjåfør til passasjer. Charlotte såg opp på Bobby med eit smil. –Heilt greitt det, sa ho hånleg, eg har ikkje noko i mot det uansett. Bobby og resten av gjengen gjekk.

 

-Vent no litt, kva var det som skjedde, sa Oddrun og såg bort på Charlotte og etterpå bort på meg. –Spør Charlotte, sa eg og nikka i Charlottes retning. Jenta med det svarte og raude håret, og med den svarte sminka og kleda satt og klappa på Rex. –Viss dykk lurar på kvifor hunden kom bort til meg, så er det kanskje fordi at eg har trena opp hundar i militæret, som samfunnsteneste ein gong eg gjorde lovbrot, sa ho smilande og såg bort på Oddrun og meg. –Du spøker, sa eg sjokkert. –Nei, eg spøkar ikkje, og det var eg som fikk ham til å angripe Bobby, sa ho. –Korleis då, lurte Oddrun på. –Eg drog kjensel på denne hunden, eg har trena ham opp i militæret, sa ho, og eg ville koma med ut av gangsterligaen, så eg fant ut at eg kunne, med litt hjelp, skremme Bobby. –Smart ide, sa eg, men veit du kven som eig hunden? –Eigentlig meg, sa ho smilande, for militærhundar tilhøyrer føraren som har trena dei opp, og det er ho i dette tilfellet meg. –Det var kult, og eg høyrte at du kom til å bli degradert, så har du lyst til å være med i gjengen til meg, spurte eg smilande. –Det vil eg veldig gjerne, sa Charlotte smilande, eg har alltid beundra deg. –Har du?, spurte eg nysgjerrig. –Jepp, svara ho og såg opp på meg. Resten av dagen gjekk med på til å snakke om Rex og hund generelt. Før Charlotte gjekk den kvelden, fikk ho mobilnummeret mitt.

 

-Det var kjekt å få nokre vener utanfor gangstermiljøet, sa Charlotte smilande i døra. –Og eg synest at det var kjekt å få ein degradert gangster som ven, sa eg og smila tilbake. –Då ses vi i morgon på skulen, sa Charlotte, ha det. –Ha det, sa eg og vinka til hennar. Charlotte hadde med seg Rex, eg kom til å sakne ham. Han var ikkje min, men på den korte stunda hadde eg blitt knytta til ham.

 

Eg gjekk og la meg mens eg undra på kva som kom til å skje i framtida, men det ville sjølvsagt berre framtida vite.

 

-Sjå kven som går der, ropte Bobby hånleg, er det ikkje den degraderte gangsteren? –Jo, det er det, svara Drew der ho stod i Miss Sixty bukser. –Kan du ikkje dra til helvete, spurte Charlotte surt. –Eg veit ikkje vegen, sa Drew ironisk. –I så fall skal eg vise deg, Drew, det er berre å stikke den jævla stygge ræva di nedi jorda, så er du der, sa Charlotte og visa Drew langefingeren. –Eg skjelver av skrekk, sa Drew humoristisk og resten av dei som stod rundt hennar lo. –Dust, mumla Charlotte oppgitt.

 

–Nokon er slik, sa eg roleg til Charlotte når ho kom bort til min gjeng. –Veit det, men eg skulle ynskje at den fellesfitta hadde slutta og oppføre seg slik, sa Charlotte trist. –Du kan jo skaffe deg beskyttelse, sa Freddy smila skeivt. –Kva meiner du med deg?, undra Charlotte og sendte Freddy eit undringsfullt blikk, eg har jo vært i gangstermiljøet. –Det kan jo vere litt kjekt med litt ekstra beskyttelse, meinte Freddy og lo. –Du, din macho gut, du skal aldri le av folk med nettingstrømper, Doc Martens sko, punkersveis, korsetter og ring i nasen, sa Charlotte og knytta den høgra handa si saman. Ho hadde og på seg fingerhanskar. –Eg er ikkje macho, og eg er ikkje redd for punkerar, sa Freddy skeptisk. –Slutt og kom med kommentarar om at eg treng beskyttelse då, sa Charlotte forbanna.

 

–Charlotte, ro deg, han ville sikkert berre sjekke deg opp, sa Jenny Any etter at Freddy hadde gått sin veg. –Sikker på det, spurte Charlotte trist. –Ja, det er eg, sa Jenny Any oppløftande, eg har kjent han litt lenger enn du, stol på meg. –Ok, sa Charlotte og smila. –Med det same, om du kan hjelpe meg litt når det gjeld mafia og slik, eg held på med å skive ei ny bok, spurte Jenny Any nysgjerrig. –Kvifor ikkje, sa Charlotte og trakk på skuldrene, eg har jo vært innanfor gangstermiljøet, og eg har tross alt studert litt på mafiaen mens eg trena hundar i militæret. –Ennå betre, sa Jenny Any, for eg treng litt hjelp meg bikkja mi, trur du at du kan hjelpe meg med det og? –Det kan eg nok, eg må jo ha noko å gjere sidan eg ikkje er i gangstermiljøet lenger, sa Charlotte smilande, og eg treng å få meg nokre nye vener.

 

-Jenny Any er forfattar, og ho er hekta på mafia og hund, forklara eg Charlotte når vi skynda oss til naturfagstimen. –Og i tillegg forfattar?, undra Charlotte mens ho nærmast sprang ved sidan av meg. –Ja, svara eg og stoppa ved døra til naturfags-salen, ho har faktisk fleire prisar og bestselgjarar på repetoaret. –Imponerande, kvifor har eg aldri funnet noko av hennar i bokhyllene på biblioteket eller i ein bokhandel?, spurte Charlotte nysgjerrig. –Fordi at ho brukar eit artistnamn, svara eg, ho kjem frå ein konservativ familie, og dei ville sagt takk og farvel til hennar viss dei fant ut kva ho skreiv om. –Stakker, skriver ho om erotikk eller?, sa Charlotte bekymra. –Ei av bøkene er erotiske, svara eg med eit trist blikk, eg kan skrive artistnamnet hennar på ein lapp når vi har time. –Ok, sa eg akkurat når naturfagslæraren kom og opna døra.

 

–Nikita, har du fått deg ein ny ven, undra naturfagslæraren. –Ja, sa eg blidt, det har eg Ida. –Frå gangstermiljøet og, sa Sean surt. –Kva gjer du her, Sean, spurte Charlotte med eit surt blikk. –Hadde planlagt å gi deg juling, svara guten med den grønfarga hanekammen, fingerhanskane og skinnklede. –Dra til helvete, Sean, og ta med deg Drew i tillegg, sa Charlotte og tok av seg piggtråd halsbandet for å pusse naglane. –Du skal få hemn fordi at du pussa den kjøteren på Bobby, er det forstått, sa Sean forbanna. –Kanskje, sa Charlotte hovent, det beste hadde jo vore viss du og den pøbelgjengen din lar meg få vere i fred, sa Charlotte og gjekk inn i naturfagssalen med meg, og satte seg ned på første rad, ved sidan av meg.

 

Timen med Ida gjekk tregt, kanskje fordi at ho babla i eit sett om eit heilt uinteressant tema, elektrisitet. Mens vi måtte notere alt som Ida ba oss om å notere, skrev eg ned artistnamnet til Jenny Any på ein lapp, og gav den til Charlotte.

 

-Belladina, spurte Charlotte overraska når Jenny Any, Oddrun, ho og eg snakka saman etter timen, eg har jo lest fleire bøker av deg, viss det er det som er artistnamnet ditt. –Det er nok det som er artistnamnet mitt, sa Jenny Any skeptisk, eg måtte bruke eit artistnamn som skalkeskjul for foreldra mine, dei er så jævla kristne. –Banner gjer du jo og, sa Charlotte forskrekka. –Ja, eg må jo, eg kan ikkje gjere det heime, foreldra mine hadde gitt meg husarrest i fleire månader viss dei hadde funnet det ut, sa Jenny Any og sukka, av og til så lurar eg på om eg kjem frå feil familie. –Faktisk så er du ikkje den einaste som følar det, eg bur jo no i fosterfamilie, og har det mykje betre no, enn det eg hadde når eg budde hos dei biologiske foreldra mine, dei var jo grusomme, fortelte Charlotte oss. –Så det er derfor at du blei gangster, spurte Jenny Any nysgjerrig. –Ja, det er det, eg hadde så mykje sinne inni meg på grunn av foreldra mine, dei var jo dopmisbrukarar og prostituerte, kviskra Charlotte og såg bort på oss, ikkje sei det vidare, ok? –Heilt sikkert, sa vi i kor.

 

Vi satt inne i klasserommet vårs, som var pryda med pornoplakatar, James Bond plakatar og diverse andre plakatar, samt reglement for klassa, og ordensreglar. Akkurat då ringte det inn til time. Resten av dagen gjekk kjapt, Jenny Any, Oddrun, Charlotte og eg satt ofte og fniste og lo i timane, i tillegg så sendte vi lappar til kvarandre, kor vi blant anna baksnakka lærarane. I siste time hadde Ida fått nok. –Ut med dykk fire, sa ho og såg på oss kor vi satt på rekke heilt bakarst. –Oss, vi har då ikkje gjort noko gale, Ida, sa eg oppgitt. –Ut med dykk, Charlotte, du veit vel vegen til rektors kontor, gjer du ikkje?, spurte Ida og sukka. –Du høyrte kva ho sa, sa Gwen (syskenbornet mitt) og såg trist bort på meg. Charlotte, Oddrun, Jenny Any og eg gjekk sakte ut. I korridoren til rektors kontor møtte vi på Bobby, Drew, Sean, Britney, Dexter, Nala og Rocky. –Kva gjer eit avskum som dykk her, spurte Britney i ein arrogant tone. –Det same som dykk seks kanskje har vært, hos rektor, svarte Oddrun i ein sur tone. –Kvifor det, spurte Britney med eit lurt smil, eg trudde ikkje at dykk gjorde noko gale. –Vi gjer meir gale enn det du veit om, Britney, å snakke med deg er ein av dei tinga, sa Charlotte kjapt, kom Jenny, Oddrun og Nikita. Vi fulgte etter hennar, og gangstarane berre såg etter oss. Dei stod der og måpte, så forskrekka var dei.

 

-Kom inn, høyrte vi ein stemme si frå andre sida av døra. Jenny Any opna døra og gjekk fyrst inn, etterpå kom Oddrun, Charlotte og eg. –Kva har dykk gjort då?, undra rektor og såg bort på oss gjennom dei tykke hornbrillene. Ho heitte Frøken Ursula Krakowski, og var berykta for å ha funnet fram spanskrøret meir enn ein gong. Ho har minst femtifem år gammal, og hadde mørkegrått hår som ho hadde trukket inn i ein knute i nakken. Ho hadde dressjakke, og eit knelangt skjørt på seg, i tillegg til den kvite ”vanlige” blusen, og sommarfugl brosjen. Dressen var mørkeblå.

 

-Vi blei sendt inn her av Ida, klassestyraren vår, fordi at vi bråka slik, sa Jenny Any i ein tone som gjorde slik at folk kunne tru at vi aldri hadde gjort noko gale. –Nei, seier du det, du som er ein berømt forfattar burde vite kva manerar er, sa Krakowski og tok av seg brillene, men ei av venninnene dine, ho Charlotte, ho har eg alltid sett på som ein bråkmakar. –Fordi at eg har vært gangster, undra Charlotte og stod der med eit steinansikt. –Ja, sa Krakowski og reiste seg, og etter mine erfaringar endrar det seg aldri. –Jo, det kan det, svara Charlotte med den same mina. –At du våger å motseie rektoren, sa Krakowsi sjokkert. –Eg konstaterer berre fakta, sa Charlotte i ein mild tone. Eg kunne sjå at ho trekte litt i smilebandet. –Konstatere meg her, konstatere meg der, kor mykje er det du har konstatert i løpet av din karriere som gangster, sa Krakowski og måpa. Det var tydeleg at ho var sjokkert. –Spør heller kva det er eg ikkje har konstatert, sa Charlotte og gliste. Vi kunne ikkje la være å smile vi og. –Kutt ut med å være så useriøse, sa Krakowski og trampa med den eine foten.

 

Ho hadde på seg de hersens skoa som sa ”klikk-klikk” for kvart steg ho tok. Gamle damer og lakk sko, eg forstod aldri korleis nokon kunne gå i nokon sko som laga ein sånn lyd. Men det er vel noko med vanen.

 

-Eg er ikkje useriøs, berre fritt-talande, sa Charlotte og sendte Krakowski eit drepande blikk. –No får det vere nok, ut med dykk, sa Krakowski rasande, og viss dykk kjem igjen, så skal dykk få kjenne smaken av spanskrøret, på bar hud. Vi gjekk raskt ut, sidan vi ikkje torde noko anna. Charlotte lukka døra kjapt igjen, sidan ho var den siste som nærmast sprang ut av kontoret til ”piskaren”. –Kva gjer vi no, spurte Jenny Any med eit snev av redsel i røysta. –Så lenge ho ikkje sa noko om straffa vi fekk for å ha vært bråkete i timen, ikkje så mykje, sa Oddrun med eit lite glis lurande.

 

-Så dykk er her enno, undra Dexter med eit smil om munnen. –Ja, svara Charlotte, kva gjer du her? –Eg, du meiner vel vi, sa han med eit lurt uttrykk i andletet, og såg bortover korridoren. Der stod resten av gjengen, gangstergjengen. Vi fire svelga tungt. –Kva det dykk vil oss, spurte Jenny Any høfleg. –Vi hadde funnet ut at vi har vært for grusomme, så vi tenkte å inngå fredsavtale, forklara Dexter med den oransje dreadlooken. –Du spøker, sa Oddrun sjokkert, Charlotte – snakkar han sant? –Han gjer nok det, sa Charlotte med eit letta smil, eg er villig til å inngå fredsavtale, blir dere tre med på det? –Ja, svara vi i kor.

 

Det enda med fredsavtale, eg blei ennå meir berømt, og fikk enno fleire beundrarar, og Jenny Any fikk masse hjelp frå gangstarane til å skrive bok. I tillegg så hjelpte ho dei med skriveferdigheita deires. Ein fin ending på ein slik historie, spør du meg.

 

Slutt.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst