Men enno var ikkje alt over

Skrevet på skrivedag i norsk (3 timer). Sikkert ein del skrivefeil:P
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2009.02.26
Tema
Frihet

Alle lydar var borte, kvelt av tåka som låg i tjukke lag rundt meg på alle sider. Eg smaug meg forsiktig framover, redd for å bryte stillheita. Plutseleg såg eg noko, langt der framme. Håpet steig i meg medan eg med raske skritt bevegde meg framover mot gjenstanden. Eitt kvitt, nakent tre strekte seg med lengtande hender opp mot himmelen. Det var som om ein usyneleg vind prøvde å rive det laus frå røtene. Men det var fanga. Fanga her i mørkret. Eitt skrik skar stillheita eitt stykke over meg. Eg såg opp. Ei kvit ørn sat i toppen av treet. Den spreidde vingane ut med ein majestetisk bevegelse, og letta. fridom. Eg såg på det stakkars treet. Såg kor det reiv og sleit for å komme seg fri. For å kunne sveve saman med ørna. Men det var ingenting det kunne gjere. Røtene haldt det igjen.

 

Morgon. Sola skein utanfor, prøvde å finne seg vegar gjennom gardinene mine for å vekke meg. Berre ein liten stråle slapp fram, men det var nok. Eg sat meg opp med ein brå bevegelse. Munnen min var tørr. Panikken steig i meg då eg såg kor seint det var blitt. Klokka måtte nærme seg åtte. Han var ikkje blid. Det var eg sikker på.

 

Eg lista meg forsiktig ut i stova. Måtte ikkje lage ein lyd. Måtte ikkje bli høyrd. Stova såg tom ut. Eg skulle til å gå då eitt lite hulk fekk meg til å ombestemme meg. ”Er du her?” kviskra eg stille, nesten lydlaust ut i rommet. Eg gjekk bort til bordet i hjørnet og kraup under. Han hadde slått ho igjen. Leppa var hoven, og eg kunne sjå på måten ho hadde krøke seg saman på at ho hadde vondt andre stader og. Det var min feil, det visste eg. Eg hadde vakna for seint. Eg hadde ikkje gjort pliktene mine, noko eg visste han ikkje tolererte. Men dagen før hadde tatt hardt på. Eg hadde vore så trøytt på slutten at eg hadde sovna ståande. Dette var likevel min feil, og eg visste det. Eg kjende tårene presse på då eg tok ho i armane mine og bar ho forsiktig inn på badet. Det var ho som var grunnen til at eg framleis var her. Ho som var grunnen til at eg ikkje hadde reist for lenge sidan. Eg kunne ikkje etterlate ho her. Ikkje aleine med han. Då ville ho bli drepen. Det var eg sikker på. Ingen fireåring kunne ta slaga for to. Eg måtte ta ho med meg. Men kvar kunne me gå? Kvar kunne me reise? Me kjende ingen her. Hadde ingen vener. På skulen møtte me berre glatte fjes og tomme blikk. Me var tre for dei. Dei visste me var der, men dei brydde seg ikkje om oss. Me hadde ingen slektningar heller. Ikkje her i Noreg. Me var fanga.

 

Eg tok av meg skoa og flaug med lette skritt over steinane. Sola skein varmt nedover kroppen. Lydane av glede omringa meg. Eg ville ikkje heim. Ikkje no. Men eg visste eg måtte. Visste eg allereie var for sein. Og visste kva konsekvensane av det ville bli.

 

”Kvar har du vore?” skreik han mot meg med rasande stemme. Eg låg på bakken. Han hadde kome så brått på meg at eg ikkje hadde rokke å beskytte meg. Hovudet verka. ”Du er fem minutt for sein, er du klar over det?” Skriket frå ei ørn braut seg ned til meg. Eg såg flaskene på bordet. Eg såg vetlesyster, samankrøpen på golvet bak han. Eg såg kva som var i ferd meg å skje, og hadde tatt mitt val. Det var berre ein ting eg kunne gjere for å bli fri.

 

Kvelden var kald. Sola skein framleis, men den gav ingen varme lenger. Den var for langt vekke. Eg heldt den varme, vesle handa til vetlesyster i mi. Drog ho med meg. ”Kvar skal me?” spurde ho svakt. Han sov. Det var no eller aldri. ”Eg skal vise deg noko,” kviskra eg tilbake.

 

Me gjekk langt. Toppen av fjellet raga over oss. Me skulle heilt opp. Opp der tida stod stille. Der snøen alltid glitra og ingenting forandra seg. Vetlesyster kava seg oppover. Ho var sliten. Sveitteperlene glinsa i panna henna der ho brøyta seg fram i snøen. Men ho gav ikkje opp. Kunne ikkje. Ville ikkje.

 

Månelyset guida oss fram i mørkret. Han var sikkert vaken no. Sint, for at eg ikkje hadde satt fram drikka hans. Vetlesyster låg i snøen framom meg. Heiv etter pusten. Augo hennar var ivrige. Ho visste at det var over. At me ikkje skulle tilbake igjen no. Og det gav ho håp. Me var oppe. ”Kom” sa eg, og gjekk med rolege steg mot kanten av fjellet. ”wow..” kviskra veslesyster, overvelda av synet som møtte ho. Og eg skjøna kva ho meina. Snøen låg som eitt teppe over landskapet i dalen under oss. Månelyset fekk den til å glitre i alle mogelege fargar. Innsjøar og elver låg spegelblanke og rolege som mørke diamantar i snøen. Alt var som eitt nydeleg bilete frå eitt eventyr. Eitt skrik skar gjennom nattemørkret. Eg såg inn i augo til vetlesyster. Såg at ho forstod kva som skulle skje. Me såg på kvarandre ei stund, før eg drog ho hardt inntil meg og hoppa.

 

Eg kjende korleis fridommen greip meg. Korleis ei og ei rot sakte slapp taket. Eg strekte meg mot himmelen, og denne gangen var det ikkje noko som heldt meg tilbake. Røtene lausna. Tåka var vekke. Frisk luft svei i augo mine. Me flaug. Stille og grasiøst svevde me gjennom lufta. Som ørner. Ein lukkeleg følelse omringa oss. Eg trakk vetlesyster hardare mot meg. Eg var fri.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst