Det er der fortsatt

Hanna skal ha fest, men unnlater å invitere ei jente... Hva kan hun gjøre for å bli populær?

Skrevet i 10. klasse.

Sjanger
Novelle
Språkform
Bokmål
Lastet opp
2011.03.30

Det er sjølvsagd lenge sia, ca. 5 år – men eg må berre få alt ut. Eg skjøner ikkje kvifor, men alt det som hende den gongen, hengjar fortsatt i meg. Eg er fortsatt sint og skuffa, sjølv om det berre var ein liten sak.

 

Altså. Fem år tilbake i tid, skulle det vere fest. Hanna skulle ha stort party, og ho hadde invitert ca førti personar. Eg var ikkje ein av dei. Eg skjønar ikkje kvifor, for eg sat med ho kvart mat-friminutt. Eg sat med ho, Vilde, Sara og Lise. Det var jo sjølvklart andre der og, men vi er dei hovudjentene som sat der. Eg passa bra saman med dei tre andre, men det var berre noe som ikkje klikka mellom meg og Hanna.

 

Eg gjekk i klasse med Sara på barneskulen. Vi blei bestevener i sjette klasse, og var det ut sjuande. Det var ein periode der eg var med ho heim kvar dag. I åttande blei vi litt splitta, siden vi byrja i kvar vår klasse, men vi var framleis vener. I åttande starta Vilde i klassen til Sara. Vilde var den som starta å feste først. Ho hadde ei veninne som gjekk i ei anna klasse, og dei drog på fester overalt, og drakk kvar gang dei hadde sjansen. Vilde mista møydommen i starten av åttande, då ho fekk kjærast. Allereie i slutten av åttande var ho utru mot han, og hadde samleie med ei anna. Kjærasten var jo sjølvsagd lei seg, men han tilgav ho for det. Ho gjorde det igjen, og han tilgav. Men så i niande orka han ikkje meir. Da slo han ho så hardt at ho døydde. Neida, han kom berre i fengsel. Så var det Lise. Ho var min granne sidan andre klasse, men ho byta ikkje skole for det. I åttande starta ho i min klasse, og vi blei betre venner enn vi var. Det var vel i sluten av åttande at dei fire blei ein gjeng. Eg blei liksom utestengt. Ingen slapp ordentleg inn i gjengen.

 

Vel, Hanna skulle i alle fall ha fest, og eg var ikkje invitert. Eg var så forbanna at du ikkje kan tenkje deg. Eg gjekk heim med Hanna og Lise noen dagar før festen, og dei babla i veg om kor kult det skulle bli. Noen gangar undret eg på om ho berre hadde gløymt å invitere meg, men eg torde ikkje spørje. Eg spurde Lise, men ho sa at Hanna sa ho ikkje kunne ha så mange. Kva faen! Eg var da faen meg ein del av gjengen!

 

Akkurat der og da var eg så sur at eg printa ut masse bildar av Hanna, (mest stygge) og laga ei hate-bok. Her skreiv eg alt eg mente var stygt på ho, og kva eg ikkje likte. Eg gøymde sjølvsagd denne boka lengst bak i bokhylla.

 

Laurdagen kom, og det gjorde festen og. Eg vurderte å ringe ho å spørje om eg kunne kome – men eg gjorde det ikkje i tilfelle ho skulle svare nei. Den dag i dag angre eg.

 

Heile den kvelden sat eg framfor PCen og skreiv. Eg skreiv ut nesten alle kjenslene eg hadde. Eg skreiv og skreiv, til eg sovna med PCen på fanget. Da eg vakna var klokka halv fire. På mobilen var det ingen tapte anrop eller meldingar. Eg fekk ikkje sova, så eg bestemte meg for å lage ei liste. Eg skreiv opp korleis eg skulle sjå ut og oppføre meg frå måndag fyrste november. Lista så slik ut:

- Alltid godt sminka og stelt

- Alltid god klesstil

- Alltid noe å si i forsvar

- Alltid vere saman med noen

- Vere bitch om det må til

 

Måndag fyrste november var eg slik det stod på lista. Eg hadde stått opp klokka seks, sjølv om eg ikkje trengte å gå før halv ni. Dagen før hadde eg dratt til søndags-butikken og kjøpt blond hårfarge. Håret blei heilt platinablondt, men det var visst slik det skulle sjå ut. Eg hadde sminka meg, og funnet ut kule replikkar eg kunne seie.

 

Då eg kom til skolen, var ingen ting som planlagt. Alle oppførte seg normalt mot meg, og eg var like i bakgrunnen som vanleg. Eg var trist. Eg ville jo også vere populær! Kjem eg aldri til å bli populær?

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst