Den unge etterforskaren

Novelle om hvordan det er å miste mora si.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2003.02.16

Eg heter Cecilie Time og er 13 år. Klokka er fire om ettermiddagen. Akkurat no sitter eg og tenkjer på alt som har gjort inntrykk på meg her i livet. Det verste var vel at mora mi ble thallium- forgifta. Noen dagar etter at ho ble sendt heim, fordi at ho var på bedringens veg, vart ho drepen. Ho ble dytta over ende slik at ho fall ned fossen som var i parken, som grensa mot den eine åkeren til morfaren min, som tilhøyrde  gard som båe besteforeldra mine, foreldra mine og eg budde på. Kripos jakter fremdelast etter mordaren. Eg har drevet litt forsking sjølv. Når eg var på besøk hos dei som eig mora og  systera til Simba, hunden min fann eg ei flaske med thalliumpulver. Eg brukte sjølvklart gummihanskar og la flaska i ei plastpose, som eg gav til Kripos. Dei fann berre ein persons fingeravtrykk, Roger sitt. Og det verste av alt et eg er på hytta til mormor og morfar og at Roger og Anne er med. Eg spyr snart. Det er ikkje telefon på hytta og det er veldig dårlig sambande med mobilen så eg kan ikkje ringe til Kripos og si at mordaren er i nærleiken. Anne er kona til Roger, som er mordaren. No må eg stikka frå tenkjesteinen, eg skal ha skrekkmiddag, eg nektar å ete det, eg likar nemleg ikkje pølser.

 

- Cecilie, kva er galt?, spurte Anne. - Det er ingenting, eg bare tenkte litt, svarte eg, eg løy, men eg kunne bare ikkje sjå føre meg kvifor Roger kunne noen sinne drepe mora mi. Klokka var ti om kvelden nå.  - Eg ser at det er noko gale, si det til meg, sa Anne. - Det er ingenting, freste eg og gjekk ut til tenkesteinen. Det svidde i augo mine no. Eg klarte ikkje og sjå klart lenger, så eg snubla og datt. Eg berre låg der og gråt. Eg ville ikkje gjøre noko anna enn å berre liggje der og gråte. Eg følte meg kald og einsam. Det føltes som om at skogen bøyde seg over meg og kviskra: - Stakkar jente, mista mora si, vel, ho kunne hatt mista hunden sin, men ho mista mora, så ho er fortapt no. - La meg få være i fred, hulka eg. - La meg døy, eg orkar ikkje livet mitt lenger, kviskra eg med sprokken stemme. Eg kjente regnet som dryppet mot kinnet mitt. Eg bare låg der, eg ville ikkje tilbake til hytta. Eg orket bare ikkje. Regnet hadde gjort slik at det lauvbrune, krøllete håret mitt klistret seg mot kinnet mitt. Eg følte meg utmatta. Eg prøvde å svelgje den store klumpen i halsen, men det virket ikkje. Det føltes som at det var eit stort tomrom som var i meg, ble fylla med tårer. Det var ein skrekkelig oppleving.

 

”Kvifor kunne ikkje Roger drepe meg i staden for mora mi?, tenkte eg, eg sat jo gjømt der nede ved trærne ved fossen i parken på tettstaden der eg budde. Eg såg når Roger dytta mora mi over kanten på brua over fossen. Eg såg det klart og tydeleg. Eg såg sinne i andletet hans når han dytta henne. Eg kunne ikkje skrike, for då ville han sjå meg. Eg var nøgt for å være stille, ellers visste eg at han ville drepe meg og. Mora mi fall der som om tyngdekrafta haldt på å  tvinge ho ned. Det kom eit plask då ho landa ned i vatnet. Eg snudde meg vekk. Ho hadde sett meg, men eg kunne ikkje redde ho. Eg ville ikkje.  Eg var skrekkslagen då eg såg det. Den livlause kroppen som flaut der i elva. Eg sprang ikkje ned for å hente henne. Eg lot ho berre flyta der. Eg kraup saman for å halde varmen og la meg til for å sove. Eg ville ikkje gå heim. Ikkje no. For eg visste at Roger og faren min var heime. De ville sikkert berre lure på kvar eg hadde vært, sidan eg var så full av gras, vatn og jord. Eg la merke at når eg sov, så gråt eg ei stund, der eg låg. I graset under nokre bjørketrær ved fossen.

 

Plutseleg vakna eg av at ein hund bjeffet. Det var Simba. Han hadde oppdaga kor eg låg, så han, faren min og Roger kom springande bort. Eg såg at Roger tvilte litt på om han skulle kome bort, men eg gav blaffen. Endeleg fann nokon meg.” Følte meg skjelven når eg tenkte på at eg hadde vært vitne til drapet, og at det ofte kom i reprise i hovudet mitt.

 

Ein shiluett bøyde seg over meg, eg kjente plutselig ei hand stryke over kinnet mitt. - Kom, Cecilie, du kan ikkje liggje her, sa skikkinga, det var Anne. - Jo, det kan eg, eg orker ikkje å leve lenger, sa eg. - Kutt ut, du har et verdifullt liv framføre deg, sa Anne. Eg visste ikkje kva eg skulle seie eller gjøre. - Kom, sa Anne, la oss gå tilbake til hytta. Eg reiste meg opp. Ho såg på ein eller annen måte at eg trengde trøyst, for ho la armane sine rundt meg. - Eg veit kven mordaren er, kviskra eg. - Kven då?, spurte Anne. - Det er Roger, sa eg, eg fann ei thalliumflaske heime hos dykk som Rogers fingeravtrykk på så Kripos gjetta at det er Roger, og alle indisane er retta mot ham, så han er den einaste mistenkte no. Eg begynte og hulke. Eg klarte berre ikkje meir. - Så, så, Cecilie, sa Anne, det kommer til og gå bra, eg skal snakke med Roger no etterpå, sa Anne. Eg lukka augo fordi det svidde. Tårene straumet på. På ein eller annen måte så blei eg med tilbake til hytta, eg forstod ikkje kvifor, det berre blei slik.

 

Det første eg gjorde når eg kom inn i hytta, var og sende Roger drepande blikk. Han ble likbleik. Han forsto kva eg mente og at løpet var kjørt. Han gjekk rolig bort til meg og kviskra det beste eg har hørt sidan mora mi ble drepen: - Eg skal melde meg sjølv i morgon tidlig.  - Kvis ikkje du gjør det, så skal eg gjøre det, sa eg. Anne såg medfølande på meg. Eg følte nett no at eg hadde makt, stor makt. - Eg går og leggjar meg, sa eg, for eg var jo for så vidt ein vassdrukken katt, der eg sto. Det føltes som eg svevde i skyene. Eg var så glad, men også på ein måte redd, for at i morgon var eg nøgt for sjå Roger igjen, ingen veit kva han kan finne på. 

 

- Er det ”Sutre-Guri” som kjem no?, spurte morfar ertande når eg kom til frukosten. - Det er vel det, svarte eg kaldt. - Ta og sett deg ned, Cecilie, sa mormor, du må jo eta litt i alle fall. - Eg orkar ikkje, eg er ikkje svolten, svara eg. - Slutt og være håplaus, sa mormor, husk kva frukosten er, forresten kva er frukosten? - Det er dagens viktigaste måltid mormor, og eg er ikkje svolten, sa eg halvt irretert. - Kutt ut nå, sa Anne, la meg sleppe å ringje faren din. - Gjer kva du vil for meg, eg eter ikkje, sa eg og slengte Anne eit surt blikk. Eg gjekk til rommet mitt. Eg tok og rydda. Eg måtte ha kroppen i bevegelse ellers visste eg at eg kom til å drepe meg sjølv. Av ein eller annen merkelig grunn satte eg meg rolig ned på senga. Hadde eg vært for hard mot dei?, grubla eg, ikkje veit eg.

 

Plutselig banka det på døra. - Bare kom inn, sa eg. Anne sto i døra. Ho såg ikkje helt blid ut. - Kva er det som er galt, har det skjedd noko?, spurte eg redd. - Ja, Roger har tatt sjølvmord, sa Anne. Det rann ei tåre på kinnet hennes. Eg reiste meg opp og la armane mine rundt henne. Ho snufsa og begynte og gråte. Eg følte eit lite stikk av dårlig samvittigleik. - Eg er så lei for det, sa eg. Ho la hovudet mot skuldra mi. Eg kjente at tårene hennar rann ned på skuldra mi. Eg følte meg makteslaus. - Dette har vært eit følelseslada døgn, sa eg trist.  - Ja, det har det, sa Anne. - Eg lurer på kva eg kan gjøre for å lette sorga vi to bærer, sa eg. - Det lurer eg og på, sa Anne. - Gjør du?, spurte eg. - Ja, det gjør eg, sa Anne. Det ble ein pinleg stille stund. Eg fekk tårer i augo. Eg måtte blunke for å få dei vekk. Dei vonde minna. Eg sukka, kvifor var livet så urettferdig? - Først må vi ringje til Kripos og si at mordaren har teke sjølvmord, sa eg, før vi gjør noe anna.  - Ja, det trur eg og, sa Anne.

 

 Eg snudde meg vekk og gjekk til Tenkjesteinen. Anne kom diltande etter meg. Eg hadde tårer i augo. Eg klarte ikkje meir. Eg måtte til Tenkjesteinen. - Kva er det som er gale denne gongen, då?, spurte Anne. Lynet tordnet og regnet begynte å pøse ned på oss der vi satt og såg tomt ut på landskapet rundt hytta og lurte kven som skulle si den første replikken. Det er fint her oppe i fjellet, tenkte eg. - Cecilie, vi må gå til hytta igjen kvis vi ikkje skal bli forkjøla og stivfrosne, sa Anne. - Greitt, sa eg. - Cecilie, kvifor gråtar du, spurte Anne forsiktig og la ein arm ned på ned høgre skuldra mi. Då eg såg opp på Anne kom eg med eit lite femøressmil. Ikkje meir eller mindre. Så såg eg ned igjen og begynte og skjelve, hulke og gråte. Eg kjente at eg snart ikkje hadde meir tårer igjen. Eg reiste meg opp. Eg skalv. - Anne, eg er redd, livredd, sa eg med ein spinkel, liten stemme. - Eg har merket det, sa Anne. - Eg trur at vi tar og går tilbake til hytta, sa eg etter ei stund, eg var ikkje fullt så ille til mote nå lenger.

 

- Du, Anne, litt tidlegare spurte du meg om noko, sa eg, husker du kva det var? - Ja, kva er det som er gale denne gongen?, svarte Anne. Vi var inne i hytta. Eg hadde blanda følingar. Eg såg Anne rett inn i augo. – Eg trur at Roger tok sjølvmord fordi at han hadde skuldkjensle, sa eg. – Kvifor det?, spurte Anne forsiktig. –Fordi at han såg korleis eg hadde forandra meg, fordi at eg gråt så mykje, han elska meg, så han kunne ikkje halde det ut, han følte seg presset til å ta sjølvmord, sa eg med ei kald røyst og såg vekk. – Korleis veit du det?, spurte Anne og gjekk roleg mot meg. – Fordi at han skreiv det i sjølvmordsbrevet han la under hovudputa mi før han døydde, sa eg og såg opp på Anne som no stod rett ved sidan av meg og såg forvirra ut. Kva meir skreiv han?, spurte Anne forsiktig. Eg trudde at ho ikkje ville virke pressende mot meg. - Alt står i dette brevet, sa eg roleg og skalv då eg fann fram brevet som låg i innerlomma på dressjakka mi og gav det til henne. Eg såg på henne når ho leste det. Eg såg at leppene hennes skalv og at tårene presset seg innpå de himmelblå auga hennar. Eg følte at eg var nøgt for å gjøre noko, men eg visste ikkje kva.

 

Anne og eg var åleine i hytta til min mormor og morfar. ” I tilfelle dykk lurer, så har eg lagt all min tillit til at Cecilie skal få vite at grunnen til at eg tok sjølvmord er fordi at eg hadde så dårleg samvit for mordet på hennes mor. Eg kunne ikkje klare å kanskje måtte sone tjueein år i fengsel for den forbrytinga eg har gjort, derfor forlatar eg mitt liv på jorda.” Det var noko som stod i sjølvmordsbrevet til Roger. Med dette brevet og Anne og min forklaring på kva som skjedde, båe den dagen min mor ble drepen, min etterforsking, alle bevis, forklaringane på kva som skjedde den dagen Roger tok sjølvmord og rapportane frå patologane om likene til Roger og min mor. Gjekk Anne og eg inn i rettsalen, kor vi begge skulle forklare kva som skjedde de dagane. Anne er ein utmerket advokat etter mi meining. Og slik slutta min historie om korleis det er å miste sin mor, korleis ein kan finne mordaren, og i det heile tatt, å våge å snakke om sine følingar. Det er vanskelig, men kvis du vil, klarer du det.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst