Det retta valet

Eit kåseri om utdanning.

Karakter: 6 (10. klasse)

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2012.05.29

Nå er me inne i det siste halvåret på ungdomskulen. Eg kjenner eg har nådd brestepunktet og er rett og slett dritt lei. Etter å ha hatt nokre heilt greie år på denne skulen er det tid for å letta på vengene og finna seg eit nytt reir. Eg er klar for å busetta meg ein anna plass. Nå skal me bestemma oss for kva skule me vil gå på, og endå viktigare kva linja.

 

Me skal ta eit val. Eit val som kanskje vil få større konsekvensar enn kva dei fleste av oss er klar over. Folk snakkar om at ein ikkje skal la seg påverka av kva bestevennen eller bestevenninna vel. ”Nå må dykk ikkje begynna på noko som dykk finn ut av seinare er kjedeleg og totalt uinteressant,” seier lærarane. Me beklagar at me må sei det men sidan mor di jobbar på hotell og faren din jobbar innan musikkbransjen kan du verken bli gitarist eller jobba som resepsjonist. Det er farlig å velja det sama som ein nær slektning. Ein kan risikera at heile familien blir øydelagt, og at ein vil til slutt stå igjen med masse prestar eller barnehagetanter.

 

Me får høyre gong på gong at me jenter må bli tøffare og velja utradisjonelle yrker. Me må bli bilmekanikarar, elektrikarar eller ingeniørar. Dess meir gutete og utradisjonelt yrke me vel dess betre er det. Jenter som blir sjukepleier eller frisør er pingler. Ta utdanning i eit tradisjonelt yrke og bli dømd til å leve eit liv i fangenskap gjømt bak ei maske.

 

Me må ha medlidanheit til alle dei stakkars sjelane der ute som allereie har gått på ein smell. Sprei ordet alle saman! Berg dei du kan. Ikkje behandla dei annleis sjølv om heile framtida deira er øydelagt, men trøyst de i deira tunge tider. Ein skal fortsatt ha respekt for desse stakkarane. Men eg seiar deg, ser du noko antydning til dette innan din familie skal du hiva beina på nakken og komma deg vekk før det er for seint. Det er greitt å tenka på andre, men i detta tilfellet må du setja deg sjølv først. Ikkje alle kan bli redda. Det er tungt akkurat der og då, men du vil ikkje angra på det seinare. Ikkje føl deg egoistisk for du skal veta at du kan vera stolt øve deg sjølv. Du har gjort det retta valet!

 

Så viss me då har forstått det rett skal me ikkje vera tradisjonelle. Me skal ikkje bli det sama som nokon andre me kjenner. Og ein må for menneskehetens sitt håp "for alt i verda" ikkje bli det sama som mor eller far våras.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst