Vindenergi og Kullenergi

Tekstoppgave som innebærer informasjon om klimaendringer, fornybare- og ikke-fornybare energikilder, hvor man finner, hvordan man produserer energien og hva energi er. fokus på vindenergi og kullenergi.
Sjanger
Faktaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2019.10.25
Tema

Eg skal skriva litt om kva forskjellige energikjeldar det finst, men ta mest fokus på vindkraft og kull, dersom dei er heilt forskjellige. Eg syntes det er eit interessant og stort emne. Ut frå dette valde eg og ha problemstillingar som dekte måla vi fikk på målarket. Desse måla var: 

●      Konsekvensar av energibruk og økt energibruk.

●      Kunne gjera greie for skilnaden på fornybar og ikkje- fornybare energikjelder og kjenne til moglegheita og bruket deira.

●      Forklara korleis vi kan produsera elektrisk energi frå fornybar og ikke-fornybare energikjelder.

●      Identifisera naturfaglige argument, faktum og påstandar i tekstar og grafikk frå aviser, brosjyrar og andre medium, og vurdera innhaldet kritisk.

Problemstillingane er:

- Kva er energi/ ei energikjelde?

- Kor finn ein energikjelder?

- Vindenergi

- Vindturbinar, korleis blir vinden omdanna til elektrisitet?

- Kva er fornybare, og ikkje-fornybar energikjelder?

- Kva for energikjelder er miljøvennlege og kva for er ikkje miljøvennlege?

- Kva konsekvensar får me om me ikkje stoppar å forureine?

- Kullenergi

- Energikjelder i framtida.

Kva er energi/energikjelder?

Ei energikjelde er kjelda til den energien vi utnyttar oss av. Sola er opphav til nesten alle energikjeldene våre, både dei som fornyar seg sjølv slik som vasskraft, vind, bølgjer og sollys, og dei ikkje-fornybare kjeldene som olje og naturgass. Tidvatn og kjerneenergi har ikkje opphav av sola. Over 90% av energiforbruket i verda blir brukt av ikkje-fornybare kjelder.

Kor finn ein energikjelder?

Energikjelder finn ein over alt på jorda. Det finst to typar energikjelder, det er ikkje- fornybare energikjelder, og fornybare energikjelder. 

Dei ikkje- fornybare energikjeldene kjem frå jordas indre, og det tar lang tid å produserast på nytt, viss ein bruker det opp. Det fornyar ikkje seg sjølv.

Fornybare energikjelder kjem ein veldig enkelt til, og han finst heile tida. Han fornyar seg sjølv.

Vindenergi

Vindenergi er den energien vi finn i luft som er i rørsle. Det er ei fornybar energikjelde som menneska har brukt i nesten 4000 år. I Noreg kom ikkje vindkrafta før på 1800- talet, og då mest på Jæren. Vi samlar vindenergien med vindmøller eller segl. I land med mykje vind, som Danmark og Nederland, er vindkraft ein god energikjelde. Vind er masse i rørsle, og masse i rørsle er energi.

Vi lager vindrørsle som vi ikkje kan kontrollera, om til rørsle som vi kan ha kontroll over. Vinden pressar mot segla og set båten i rørsle. Vinden driv blada på vindmølla rundt, i dag produserar vi nye typar vindmøllar, kalt vindturbinar, som er elektrisk energi.

Vindturbiner, korleis blir vinden omdanna til elektrisitet?

I ein vindturbin omdannes denne rørsleenergien til elektrisitet. Eit vindkraftverk består av ein eller fleire vindturbinar. Ein vindturbin består av tårn, blad og maskinhus, medgenerator, gir og kontrollsystem. Vinden set turbinblada i rørsle. Energi blir overført frå turbinen via drivakselen til ein generator inne i maskinhuset. Generatoren omdanner rørsleenergien til elektrisk energi som blir vidare overført via transformator ut på elektrisitetsnettet.

For å kunna driva ei vindmølle effektivt, treng ein ei vindstyrke på minst 4,5 m/s. Dei vindgeneratorene som blir laga idag har ein effekt frå 50 til 3000 kW, men til straumproduksjon er 1650 kW vanligast. Jo høgare vindstyrken er, jo meir energi inneheld han.

Fordeler med vindenergi:

- Gratis drivkraft

- Ingen forureining

- Vind er ein fornybar ressurs

- Vind er tilgjengeleg over alt

- Vinden er sterkast i dei årstidene der energibehovet er størst

Ulemper med vindenergi:

- Det kostar mykje å fange opp vindenergi

- Lagar mykje lyd

- Ødelegg landskapet

- Farleg for fuglelivet

I Noreg kan vi ikkje satsa fullt på vindkraft endå, siden me har så mange fjell som skjermar for vinden, men det er bygd vindkraftverk i Frøya og i Vikna.

Kva er fornybare, og ikkje-fonybare energikjelder?

Nokre energikjelder er miljøvennlege og har lite eller ingen utslepp av giftige stoff. Andre er skadelege for miljøet, fordi dei slepp ut store mengder med forureinande stoff, eller har forureinande avfall.

Kva for energikjelder er miljøvennlege og kva for er ikkje miljøvennlege?

Desse energikjeldene er miljøvennlege:

- Bioenergi

- Vindenergi

- Solenergi

- Bølgjeenergi

- Jordvarme

- Tidvassenergi

- Vannenergi

Desse er forureinande:

- Atomenergi/kjerneenergi

- Fossil energi

- Kol

- Olje

- Naturgass

Kva konsekvensar får me om me ikkje stoppar å forureine?

Både sur nedbør, luftforureining og klimaendringar kjem av bruk av energi som slepp ut giftige stoff, eller gir farlege avfallsstoff. Det påverkar og dyre- og plantelivet. Skjeldne arter og økosystem kan bli utrydda. Det blir endring i temperaturane, slik at han blir høgare. 

Klimaendringane påverkar og allereie helsa til mange menneske. Hetebølger og skogbrannar, underernæring på grunn av mindre matproduksjon og sjukdommar som blir overført via vatn, mat eller insekt er døme på korleis klimaendringane påverkar helse negativt. Klimaendringar vil påverka tilgangen på mat og vatn. Fattige utviklingsland er mest utsett for konsekvensane av klimaendringane, fordi livet og økonomien i fattige land er avhengig av landbruk og fiske, som blir veldig påverka av klimaendringar.

Kolenergi

Eg skal skriva om ein ikkje- fornybar energikjelde, for å samanlikna det og visa forskjellene det finst mellom vindkraft, ein miljøvenleg energikjelde, og kull, ein forureinande energikjelde.

På verdsbasis er kol den mest vanlege fossile energikjelda. Kol er ein av dei viktigaste energikjeldene på jorda. Kolet ligg i mellomlaga av bergarter, og ein grev seg ned til desse laga for å henta det opp. Dette kallast for gruvedrift, og kan vera både vanskeleg og farleg.

I tusenvis av år brukte ein små mengder av kol til å varma opp huset og laga mat.

I dag har olje, naturgass og andre energikjelder tatt plassen kol hadde før. No blir kol brukt mest til varmekraftverk. Framleis står kol bak 47 % av produksjonen av elektrisitet i verda .

Kol er den nest viktigaste energikjelda i verda. Kolindustrien er den største gruveindustrien i verda med eit utbytte på ni milliardar arbeidsplassar. Kina er dominerande når det gjeld produksjon av kolenergi, med heile 33% av den samla produksjonen, følgd av USA.

Fordeler med kolenergi:

- Kolreservane er store og kan vare fleire hundre år fram i tid.

- Det er forholdsvis billig og enkelt å utvinne kol, og kol er enkelt og transportera og å lagre.

Ulemper:

- Kol er det mest forureinande av alle råstoff. Forureininga består av at store mengder drivhusgassar og svoveldioksid blir frigjort og dermed dannes det sur nedbør.

- Arbeidet i gruvene er hardt og kan skade helsa, mange har døydd etter ulykker i kolgruver.

Korleis blir varmen omdanna?

Varmen frå forbrenninga av kol omdanner vatn til damp med høgt trykk og temperatur, som igjen driv ein dampturbin. Turbinen driv ein generator som lagar elektrisitet.

Energi i framtida

Energiforbruket i heile verda har stige med 50 prosent dei siste 20 åra, og det fortset berre og stige. I dag bruker dei omtrent sju milliardar menneska på kloden ei energimengde som svarer til meir enn 14 milliardar tonn olje i året. Berre ein sjuendel kjem frå fornybar energi og atomkraft. Over 80 prosent blir framleis produserte ved å brenna kol, olje og naturgass.

Derfor må vi finna nye energikjelder slik at vi framleis kan bruka straum om 100 år.

Det er nok plass til fleire millionar vindmøller i Europa, nok til at heile verda blir forsynt av energien som produseres i 2050

Oppsummering

Fornybare energikjelder er dei kjeldene som fornyar seg sjølv, og ikkje er miljøskadelige. Ikkje-fornybare energikilder forureinar ekstremt mykje og det førar til negative klimaendringar. Vi må finna nye og klimavennlige energikjelder vis verda vår skal overleve. Vindenergi er den energien som blir laga når vinden blir tatt i kontroll av vindmøller, eller segl. Kolenergi blir omdanna når varmen fra kolet gjer vatn om til damp med høgt trykk.

 

Kilder:

 

https://snl.no/vindenergi

https://snl.no/kullkraftverk

 

https://illvit.no/teknologi/energi/her-er-fremtidens-energi

 

https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/klima/konsekvenser-av-globale-klimaendringer/

 

https://ungenergi.no/energikilder/vindkraft/hva-er-vindkraft/

 

https://newton.no/uploads/moduler/1487/Hvordan%20virker%20det.pdf

 

https://no.wikipedia.org/wiki/Kullkraftverk

 

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst