Moderne slaveri

Appellativ tale. Fekk karakteren 6.
Sjanger
Faktaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2019.07.21
Tema

Eg har 37 slavar som jobbar for meg. Kor mange har du?

Eg har ein slave som syr kleda mine og ein som gjer at eg kan kjøpe billig sjokolade. Eg har ein slave som lagar kaffien min, og ein som produserer telefonane mine. Desse jobbar under grusame forhold mange timar om dagen og tener mindre enn 2 dollar i timen. Og dette støttar du også. 

Under trekanthandlen blei vanlige afrikanske menneske tatt til fange som slavar av folk som hadde som mål å tena pengar på dei. Dei plasserte dei tett i båtar der mange døydde under farten til Amerika. Alle er einige om at dette var grusamt, urettferdig og umenneskeleg. Heldigvis blei slaveriet blei avskaffa på 1800-talet. 

Heldigvis blei slaveriet avskaffa på 1800-talet. Eller blei det eigentleg det? Sannheita er at det er meir enn dobbelt så mange slavar i dag, som før slaveriet blei avskaffa. Ca. 40 millionar menneske er i dag fanga i ei eller anna form for moderne slaveri. 

Og mange av dei blir utnytta av store kommersielle kjeder for at dei skal få billigst mogleg arbeidskraft. Me støtter desse kjedene ved å handle frå dei. 

Det betyr at nokre av varene me handlar fører til at eit menneske blir heldt i slaveri. Nokre av varene me handlar fører til at 12-år gamle Setsofia jobbar dag og natt med lite mat og drikke utan betaling i mot sin vilje.

Sjølvsagt vil me kjøpa litt billigare sjokolade. Sjølvsagt vil me kjøpa billig kaffi. Og sjølvsagt er det ein fordel om genseren din kostar 50kr mindre. Men er det verkeleg verdt det, at desse 50 kronene du sparer skal gå ut over eit anna menneske sine rettigheiter, framtid og liv?

Så kva kan me gjera for å ikkje lenger motivera slaveriet? Kva kan me gjera for å ikkje lenger vera ubevisste slaveriforhandlarar? Me har jo eit ansvar!

Me må vera sikre på at butikkjeda og merket me handlar frå ikkje utnyttar arbeidarane sine. I 2012 kom det fram at Hennes og Mauritz utnytta dei som produserte kleda sine ved svært låge lønningar. 

Mange i samfunnet deltok i boikott mot kleskjeda. Boikotten førte til at kleskjeda byrja å jobba mot betre arbeidsforhold for arbeidarane sine. Det nytter å engasjere seg. 

Me må vera kritiske og stilla krav til butikkjedene om korleis dei behandlar arbeidarane sine. Dersom ein slave har produsert genseren eg ser i butikken, har eg ikkje behov for å støtta at denne arbeidaren skal måtte fortsetja å leva i fangenskap. 

I 2016 fremja Krf, Mdg og SP eit lovforslag som kan gje forbrukarane rett til å vita om arbeidsforholda varene er produsert under. Me må få fortgong i prosessen med å jobba mot denne etikklova. 

Sannheita er at det nyttar å engasjere seg. Eg vil ikkje ubevisst bli lurt til å støtte slaveri. Eg vil vite at arbeidarane som produserer det eg kjøper, blir behandla slik menneske skal behandlast, innanfor menneskerettserklæringa sine rammer. Eg vil ikkje at dei sterke i samfunnet skal utnytta dei svake. 

Forbruket ditt har ein konsekvens. Ta han på alvor!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst