Den kalde krigen

Tar for seg årsaker, konsekvesner og fakta om den kalde krigen. Oppgaven tilsvarte en 6`er i 10 klasse nivå.
Sjanger
Faktaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2019.10.04
Tema

I denne oppgåva skal eg ta føre meg kva ein kald krig er og kvifor det vart kald krig mellom USA og Sovjetunionen. Eg skal forklare kvifor det vart slik og kva konsekvensar det fekk. 

Frå 1939-1945 var verda gjennom ein av historias mest brutale krigar. Det var utrydding av menneske, torturering, bomber, konsentrasjonsleirar, folk som svelta og øydelegging av byar. 2.verdens krig var ein varm krig, der det blei brukt mykje våpen og fysisk vald. Men kva er eigentleg då ein kald krig? Ein kald krig er ein tilstand mellom to supermaktar eller statar der det ikkje blir brukt våpen, partane som er mot kvarandre kjempar ikkje fysisk mot kvarandre. Det oppstår ein intens spenning, reddsel og frykt overfor motpartane. Dei følar seg trua og er redde for fienden sin. Kvifor følar partane seg trua av kvarandre og kva skjer når eit land kommer i ein slik situasjon? I tilfelle mellom USA og Sovjetunionen var begge landa redde for at den andre skulle få for mykje makt og verknad på resten av verda. Dei var redde for at den andre skulle spreie sitt samfunn-system og sin ideologi til resten av verda. Begge supermaktene starta med opprusting. Det betyr at dei gjor seg klar til å krige, dei produserte ekstremt mykje våpen og trena opp soldatar. Det utvikla seg to store kappløp mellom landa som vart kalla rom og våpenkappløpet, dette skulle få mye å sei for den kalde krigen. Krigen handla ikkje om å vinne på slagmarka eller erobre nytt land, men om informasjon, spionasje og å spreie sin ideologi til resten av verda.

Når vi snakkar om «Den kalde krigen» meiner vi den kalde krigen mellom USA og Sovjetunionen som varte frå 1945- 1989. Under 2.verdenskrig kjempa USA og Sovjetunionen saman mot Tyskland og Japan. Den einaste grunnen til at dei kjempa saman var fordi dei hadde same fiende, men dei var også einige om korleis Tyskland skulle delast etter krigen. Lenge før 2.verdenskrig braut ut hadde dei to supermaktene hatt eit mistenksamt auge til kvarandre. Forholdet deira var eigentlig ganske kunstig, dei stolte rett og slett ikkje på kvarandre og møta dei hadde saman var prega av mistru frå begge partar. 

Etter 2. verdskrig sto det igjen to store supermaktar som då var USA og Sovjetunionen, to heilt forskjellige land med heilt forskjellige samfunn-system og kvar sine ulike ideologiar. Landa var nesten motsette av kvarandre. Sovjetunionen var eit kommunistisk styre med planøkonomi og einstatsparti, medan USA var eit liberalistisk demokrati med marknadsøkonomi og kapitalisme. Begge supermaktene frykta at den andre skulle spreie sitt system og sin ideologi til heile verda. Dei to landa var også ueinige om kva som skulle skje med Tyskland og korleis Tyskland skulle behandlast. Sovjetunionen ønska at Tyskland skulle være eit svakt land fordi dei ville forhindre at Tyskland skulle kunne angripe igjen. Medan USA ville bygge Tyskland opp igjen og få eit sjølvstendig land. Etter 2.verdenskrig var Tyskland delt i fire okkupasjonssoner, Frankrike, Sovjetunionen, USA og Storbritannia hadde kvar si. Pga. Ueinighet valte USA, Frankrike og Storbritannia å slå sine tre soner til ei sone, derfor blei det oppretta to tyske statar i 1949, Vest-Tyskland og Aust-Tyskland. USA støtta Vest-Tyskland medan Sovjetunionen tok kontroll i Aust-Tyskland. Forskjellane var enorme, i Aust fekk folk nesten ingen fridom og blei undertrykka, det var folk som valte å rømme over til Vest. Det oppsto ein konflikt mellom dei to landa. Konflikten handla i hovudsak om kven som skulle ha mest makt og kvifor eit samfunn-system som skulle bli brukt av heile verda. 

Etter 2.verdenskrig hadde Sovjetunionen kontroll over mange land i Aust-Europa.  Mange land fekk for eksempel. Kommunistisk regjering, det var land som Polen, Ungarn, Romania og Bulgaria. Regjeringane til desse landa støtta Sovjetunionen. Land som USA, Frankrike og Storbritannia blei bekymra og ønska ikkje at fleir land skulle bli kommunistiske. Derfor starta USA jakt på kommunistar og ga hjelp, pengar, gåver og våpen til landa som kjempa mot kommunismen. Det er to viktige hendingar som vi kan flette inn i denne perioden. USA tok på seg ein rolle der dei var som politi over heile verda og blanda seg inn i mange konfliktar, bla. Borgarkrigar i Hellas og Tyrkia. Harry S. Truman sa at alle land som kjempa mot kommunismen skulle få hjelp av USA. Dette blei kalla Truman doktrinen, dette gjor at forholdet mellom USA og Sovjetunionen blei endå verre. Vi har Marshall-planen i 1947, det gjekk ut på at USA ga økonomisk støtte til alle land som blei medlem av OEEC. OEEC er ein frihandelsavtale. Planen bak all økonomisk hjelp var at USA trudde at dei fattige landa ville ha større sjanse for å bli kommunistiske. USA ville også sikre seg økonomisk vekst i Europa og seinare få gode handelspartarar. 

USA ønska også å ha gode kontaktar i Europa og danne seg ein trygg allianse og verne landa i Europa for kommunismen. Derfor blei forsvarsalliansen NATO med USA i spissen oppretta i 1949. Dette gjor ikkje forholdet mellom dei to supermaktene betre, no vart Sovjetunionen endå meir usikre og oppretta sin eigen allianse kalla Warszawapakten. 

Heile den kalde krigen handla om konkurranse, det å vær best i alt. Supermaktene konkurrerte om alt, til og med innan idretten. Under OL og andre konkurransar dreiv både Aust-Tyskland og Sovjetunionen og dopa utøvarane sine for å forbetre prestasjonane. Mykje handla om kven som hadde mest verknad på Europa, kven som hadde flest våpen, atombomber, rakettar og kven som hadde mest makt. Tidleg i den kalde krigen oppstod våpenkappløpet og romkappløpet. 

Våpenkappløpet handla først og fremst om å utvikle atombomber og kraftige atomvåpen. Det var bare snakk om ei missforståing så kunne 3. verdskrig ha brote ut. Sovjetunionen og USA hadde atomvåpen over heile verda som kunne fyrast av på sekundet. Begge partar var forberedt på krig til ei kvar tid. Om det hadde brote ut ein ny krig kunne menneske ha blitt utsletta. Dette førte til terrorballasne. Når to fiendar har så mange og kraftige våpen at dei fryktar å øydeleggje seg sjølv blir kalla terrorballanse.

Både USA og Sovjetunionen la i uhorveleg mykje pengar i romkappløpet. Sovjetunionen hadde våre fyrst med å sende ut ein satellitt i rommet. USA oppretta NASA og jobba på spreng for å utvikle romteknologien. I 1969 tok amerikanaren Neil Armstrong dei første skritta som menneske på månen, men Sovjetunionen hadde våre mange år i forkant med å ha ein mann ute i rommet. Rom og våpenkappløpet heng saman med kvarandre. Partane brukte satellittar til å overvake kvarandre. 

I 1989 tok den kalde krigen slutt. Grunnen til dette var at Sovjetunionen fekk ein ny president, Mikhail Gorbatsjov. Han innsåg at Sovjetunionen hadde store økonomiske problem og ikkje hadde råd til å fortsette den kalde krigen. Han laga ein ny politikk i Sovjetunionen kalla Glasnost og Perestrojka, dette tyder openheit og forandring. Grunna den nye politikken blei det revolusjon i mange land i Aust-Europa. Etter kvart blei fleir og fleire land demokratiske. Delstatar i Sovjetunionen starta og å protestere, i 1991 blei Sovjetunionen oppløyst og delt i 15 sjølvstendige statar. 

Då vil eg ha ei oppsummering av teksten. Ein kan sei at kort at den kalde krigen braut ut fordi dei sosiale forholda mellom USA og Sovjetunionen lenge hadde våre ustabile. Når 2.verdenskrig var over hadde ikkje supermaktene nokon grunn til å kjempe saman eller halde saman. Dei kom heller ikkje til einighet om korleis Tyskland skulle bli behandla. Konsekvensane av den kalde krigen var at to militæralliansar blei danna, NATO og Warszawapakten. I tillegg sto menneskeslekta i fare, og verden sto i fare for ein tredje verdskrig prega av atomvåpen. Ein positiv ting for land som for eksempel Noreg og andre land i Vest-Europa var at vi fekk Marshall hjelp og hadde ei stor økonomisk vekst .

 

Kilder:

Endrerud, E. Ø. (29.08.2019) Den kalde krigen (powerpoint). 

Hellerud, S.V. & Knutsen, K. (2008). Historie. Matriks 10. Kapittel 2. Aschehoug.

Tjelmeland, H. (2018). Den kalde krigen. https://snl.no/Den_kalde_krigen

Rudi, I. B. (2018) Den kalde krigen- de første årene https://ndla.no/nb/subjects/subject:9/topic:1:182163/topic:1:184957/topic:1:187959/resource:1:187625

Wikipedia (2019). Den kalde krigen. https://no.wikipedia.org/wiki/Den_kalde_krigen

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst