Kjærleik

Beskriver mitt syn på kjærlighet.

Skrevet på eksamen i norsk sidemål, VG3.

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2010.12.16

Oppgåve 2.

Vedlegg: ”Den første Omfavnelse” av Hendrik Wergeland (1838, utdrag) og ”Erklæring” av Magli Elster (1953)

Skriv eit essay med utgangspunkt i tekstane og dine eigne tankar om kjærleik. Tankar frå dei to tekstane må komme klar fram i svaret ditt.

 

 

Kjærleik

Eg har i lang tid undra meg over kva kjærleik er, kva betyding det eigentleg har. Er kjærleik berre å elske, mellom mann og kvinne, eller er kjærleik noko du kan ha til kven som helst? Eg er komen frem til at kjærleik er omtanke, kjærleik er å bry seg om eit anna individ, - det å vera glad i nokon.

 

”Eg elskar deg” har eg aldri greidd å få ut av munnen min. Eg trur mange brukar ordet ”elska” utan at dei eigentleg veit kva det vil seie. Korleis kan ein gut og jente som er midt i tenåra sei at dei elskar kvarandre når dei berre har kjent kvarandre i to månader?  Eg har høyrd at om du elskar nokon, merkar du kjensla i heile kroppen. Det tek tid å byggja opp denne kjensla. Du går frå å sette deg sjølv først i rekka til å plutselig sette ein anna før deg. Du kunne gjort kva som helst, til og med gått i dauden for den du elska. Eg har enda ikkje nokon eg ville latt leve i staden for meg sjølv. ”Elske” er eit sterkt ord, eit ord du ikkje seie til kven som helst. Det er eit ord du berre brukar når du verkeleg meinar det. Eg trur at om du fyst elskar nokon, kjem du aldri til å slutta å gjera det. Å elska er evig. Eg veit eg er glad i foreldra mine, eg veit eg er glad i systera mi, men eg veit også at eg enda ikkje har nokon å elska. Magli Elster snakkar i diktet sitt ”Erklæring” om å hinke til Drammen på eitt bein for å visa kjærleik. Er det vanskeleg å vise kjærleik? Er det vanskeleg å ta i mot kjærleik? Er det vanskeleg å tru på nokon når dei seie ”Eg elskar deg”? Kanskje er det vanskeleg å forstå at nokon er villeg til å ofra mykje for deg, til og med at nokon vil gå i dauden for deg. Ofte kan det vera lettare å gje enn å få kjærleik. Mange menneskjer er ikkje flink til å vise at dei bryr seg sjølv om dei gjer det.

 

Korleis visar du kjærleik? Å gje ein gåve eller å gje ein klem? Fortelja vedkomne at du bryr deg? Eg veit kven som er glad i meg, det er ikkje vanskeleg å forstå kven som verkeleg bryr seg, og kven som berre seiar ”eg er glad i deg” for å vera hyggeleg eller fordi dei trur dei er det. Alt merkast på handlingar, kva du er villeg til å ofra for den andre.  Eg har ein mor, ho gjer meg meir omtanke enn nokon andre i verda. Alt ho gjer – er berre godhjerta. Når eg er sjuk, – stillar ho opp, når eg er lei meg, – trøstar ho meg. Ho kan sitja heile natta på sengekanta mi å stryka meg i håret om eg ikkje følar meg bra. Det er kva eg kallar kjærleik, eg veit ho er glad i meg. Kjærasten min gjer meg blomar, han seiar eg er den vakraste i verda. Det fyrste han gjer når me møtast er å kysse meg. Eg veit han er glad i meg, eg følar meg spesiell i hans auge. Vi har kjent kvarandre i årevis, men likevel har me aldri brukt anna beskriving enn ”eg er glad i deg” for kjenslene vi har for kvarandre. Hadde eg elska kjærasten min hadde me nok vert trulova og klar for å flytta ilag, noko me aldeles ikkje er. Eg seier ikkje at eg ikkje er kjempe glad i kjærasten min, det er eg verkeleg. Eg seier berre at ting tar tid å bygga opp, tillitt er ikkje bygga opp på kort tid. Man må jobba for å oppnå tillitt hos ein anna, gjera seg fortent til å bli stola på.

 

For eit år sia blei eg saman med kjærasten min. ”Kom deg ned på jorda igjen” sa min far til meg så fint. Eg skjønna ikkje kva han meinte, alt var perfekt i mine auge. Eg levde heilt i min egen verden. Ikkje gjorde eg noko sysla heima, alt handla berre om kjærasten min. Eg greia meg fint utan alle andre rundt meg, berre eg fekk omgås med han. Eit ordtak seier at kjærleik gjer blind, dette er noko eg forstår no. Man må ikkje gløyma dei andre som er glad i deg sjølv om du er forelska. Det er utruleg viktig å ta vare på dei du har, heldigvis tok eg meg saman. Det er viktig å fordela kjærleiken, ikkje berre gje alt til ein person. Man må gje for å få, ikkje berre ta. Plutseleg kan kjærleik gjera vondt, alt går ikkje alltid som du håpar på. Ein du er kjempe glad i kan gjera deg trist, såra kjenslene dine – då er det greitt å ha nokon som trøstar deg. Ikkje skyv dei andre frå deg når har blitt forelska, plutseleg sitt du igjen åleine, og då har du berre deg sjølv å takka.

 

Henrik Wergeland har skrevet eit dikt, ”Den første Omfavnelse”. For meg verkar det som han beskriver kjærleiken som en sorg. Noko gjekk galt, kjærleiken har gitt han smerte. Det kan sjåast ut som hans store kjærleik har døydd, og Wergeland må leva med sorga frå hennas bortgang. Det å mista nokon du bryr deg mykje om kan gje deg mykje smerte. I byrjinga er det alltid verst, men sorga vil slukne litt etter litt. Man må berre komme seg igjennom det aller verste, så kjem man seg opp på beina til slutt. 

 

Kjærleik er høyst nødvendig i livet, det er noko man absolutt trenger. Eg har høyrd ein historie om akkurat dette med å verkeleg trenge kjærleik. På ein kvinneklinikk har dei eit rom for alle nyfødde barn, og dei som jobba på klinikken tok berre dei barna som låg nærmast døra opp i armane og koste med dei. Dei som låg lengst vekke døyde. Så om dette faktisk er tilfelle så trenger man kjærleik frå fødsel av. Eg trur ikkje at eg hadde greidd meg utan kjærleik, eg har blitt den eg er i dag på grunn av kjærleiken eg har fått. Ver mot andre slik du vil dei skal vera mot deg.

 

<bilde>

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst