Eg har ikkje gløymt deg

Sann historie. Skildrer hvordan det var å miste en onkel.
Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.05.20

Dette var ikkje eit eingongstilfelle. Eg sat i bilen, på veg heim. Radioen var på, men eg høyrde eigentleg ikkje på han, den var bare der i bakgrunnen. Ut av høytalaren frå den venstre bildøra høyrde eg plutseleg litt av songen på radioen, og i løpet av ein brøkdel av eit sekund hadde den stole heile tilværet mitt. Eg kjende dei mørke og vonde tankane strøyme inn i hovudet, og eg blei stum. Sat berre der og lytta. Langt inne i dei vanskelege tankane, dei eg aller helst ikkje ville tenkja. Eg trudde kanskje eg ville gløyma det.

 

Årsaka til tankevekkjaren var songen ”Actor” av gruppa MLTR (Michael learns to rock). Denne, og alle dei andre songane deira frå plata ”Love ballads” held enda fram med å dra fram desse minna. Kvifor forsvinn dei ikkje? Og kvifor forsvinn ikkje smertene? Minna strøymer bare på. Det er fleire år sidan. Litt flaut er det at eg må tenkja meg om før eg hugsar det nøyaktige årstalet, men det var i 2002 – eit forferdeleg år. Eg hugsar det som om det skulle ha vore i går. Nett heimkomen ifrå skulen, sat eg der. På kjøkkenbordet. Skuledagen hadde vore ein av dei verste, og alt av kjensler sa meg at dette var dagen. Dagen for beskjeden me hadde venta på så lenge.

 

CD-spelaren spelte dei fine og til dels triste kjærleikssongane, om og om igjen. Det var favoritt plata mi. Plata som eg aldri har blitt spelt sidan. Då telefonen ringte var eg nær gråten, i andre enden kunne eg høyra stemmen til far min. Det var ikkje vanskeleg å høyra kva som hadde skjedd. Akkurat som venta. Eg fekk beskjeden eg sat å venta på, men over ein telefonsamtale!

 

Onkelen min var død. Etter lange tider med uuthaldelege smerter fekk han endeleg dø, det var dette han ynskte. Fred frå alle smertene. Onkelen min hadde vore kreftsjuk i to år. Han hadde hatt kreft ein gong før òg, men då kunne han operera ut svulsten. Denne gongen var det for seint. Svulsten hadde vakse saman med livsviktige organ, dette gjorde det umogleg å operera utan å øydeleggja enda meir. Han måtte gå på cellegift. Onkelen min haldt ut lenge, i to lange år. Han hadde vore sterk, mykje sterkare ein legane trudde.

 

Eg sprang inn på soverommet til mor og far, og gret – ingen til å trøysta meg. Det måtte bare bli slik. Skjelvande låg eg der i senga, med trillende tårer frå augene. Eg såg føre meg den tynne kroppen me besøkte på sjukehuset. Ribbeina dominerte alt, mage var det ingenting av. Den var så tom den kunne bli, den hadde eit eige platå, minst 10 cm lågar enn overkroppen. Eit ekkelt syn. Eg fekk mildt sagt sjokk då eg kom inn på sjukehuset og såg han. Trudde ikkje det var mogleg. Han hadde jo bare skinn og bein!

 

Tårene fortsette å trilla. Hovudet trykka eg langt ned i putevaret, her var det gøymt. Gøymt frå omgjevnadene. Mor ringte. Heldigvis. Ho roa meg ned litt, men eigentleg var det ingen trøyst. Onkel var like død uansett.

 

Eg hugsar godt hans siste jul. Me var alle samla der, for han. Med findressen på såg han liksom så frisk ut. Åt middag gjorde han, og ikkje minst dessert. Ein av hans siste små gleder. Fyrst til å forsyne seg av kaka, skar han eit kakestykke midt i. Me andre kunne nesten lesa tankane hans; siste sjanse til å få marsipanrosa, aldri om eg gjer slepp på ho. Det gjorde både godt og vondt, men mest godt. Tenk at han fekk oppfylle den gleda om å få marsipanrosa, eg trur det var planlagt. Tenk om eg kunne bidrege med slike små julegleder. Delt litt av mine med han. Eg tenkjar i alle fall bevisst på han i jula. 1. Juledag var nemleg fødselsdagen hans.

 

Kvifor tenkte eg, medan eg låg i senga. Om det finnes ein Gud, kvifor ville han straffa min onkel? Han som alltid var så god. Han som bare tenkte på familien medan han låg på dødsleiet, korleis det ville gå med den. Tenk det, å måtte forlate eins eigen familie. Alt han sa gjekk rett til hjarta på folk, i alle fall mitt. Dei direkte kommentarane hans var så vise, og dei kom også frå hjarta – det er eg overbevist om. Så kvifor? Alt hadde vore så mykje betre om han enda hadde vore her. Og eg kunne fått meir tid saman med han, noko eg føler eg har hatt alt for lite av. Eg føler skuld for det, og at eg ikkje var sjå han ofte nok medan han var sjuk. Det vart bare med den eine gongen på sjukehuset.

 

Venner og andre trur sikkert eg har gløymt han, eller at eg ikkje hugsar han. Det gjer eg og, ganske ofte. Men om nokon bare nemner namnet hans. Bare eg ser noko som minner om han. Og spesielt om eg høyrer ein song frå MLTR. Då kjem minna, og kjenslene. Eg seier det ikkje til nokon. Ingen får vita det. Ingen.

 

Stum sit eg der i bilen. Med all mi kraft skjuler eg dei indre tårer.

”Eg har ikkje gløymt deg”

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst