Winston Churchill

Om hele livet til Winston Churchill på nynorsk.

Karakter: 6 (9. klasse)

Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.05.08

Innhald

 

Problemstilling og mål

Oppvekst

Utdanning

Politikk

1. verdskrigen

Mellomkrigstida

2. verdskrigen

Avslutning

Konklusjon

Kjelder

 

 

Problemstilling:

Kven var Winston Churchill og kvifor vart han ein viktig person for dei allierte styrkene under 2.verdskrig?

 

Mål:

Eg vil finne ut meir om Winston Churchill og korleis han hadde det før og under krigen. Eg vil og sjå litt på etter krigen. Eg vil og sjå på korleis han vart statsminister og korleis han greidde å halde på makta under krigen.

 

 

Oppvekst

 

Den 30.november 1874 hendte det noko spesielt i Blenheim Palace i Oxfordshire, Storbritannia. Då vart Winston Churchill fødd. Faren var lord Randolph og mora heitte Jenny Jerome. Lord Randolph Churchill var yngstesonen til den 7. hertugen av Marlborough. Jennie Jerome var dottera til ein rik forretningsmann frå New York.

 

Winston Churchill såg opp til far sin, men far hans var fjern,kranglete og ofte i dårleg humør. Mora var og reservert og lite kjærleg. Den som var kjærleg mot han var barnepassaren hans, mrs. Everest.

 

Faren var parlamentsmedlem og hadde gode talegåver, noko som Winston arva frå han. Winston var god i historie og stilskriving, men han var dårleg i latin, gresk og matematikk. Dette var kanskje dei viktigaste faga på den tida om ein ville ha ei karriere innan domstolane eller kyrkja. Winston valgte derfor å prøve seg på ei militærkarriere.

 

<bilde>

Winston Churchill som liten

 

 

<bilde>

Lord Randolph Churchill

 

<bilde>

Jennie Jerome

 

 

Utdanning

 

Etter tre forsøk kom Winston inn på Sandhurst for å utdanne seg til soldat.Han vart kadett i kavaleriet, noko som forarga lord Randolph veldig sidan det kravde at Winston var økonomisk uavhengig. Winston likte seg godt på Sandhurst og etter kvart blei han ein god rytter. Han fulgte ivrig med i faren sin politiske karriere og høyrde ofte på når faren tala i parlamentet. Det var likevel eit dårleg forhold mellom far og son.

 

Winston ville bruke militærkarriera som ein start på ei politisk karriere. Han ville få seg mest mogleg felttogmedaljar, men det var ein fredeleg periode utan mange felttog, difor reiste han til Cuba som feltobservatør. Han fekk litt lønn for å skrive reisebrev frå Cuba. Dette var innleiinga til karriera som journalist. Seinare var han ein periode i India som soldat. Den militære karriera hans var over rett før århundreskiftet.

 

Han hadde sagt frå seg offisersgrada han hadde og prøvde å stille til val i valkretsen Oldham for dei konservative. Han tapte så vidt det var. I 1899 var han krigskorrespodent under boerkrigen. Endeleg tente han gode penger.

 

I Sør-Afrika blei han tatt til fange frå eit pansra tog, men han klarte å røme ein månad seinare. Då han etter ein månad kom seg til Maputo vart han teken imot som ein helt. Han var berømt! Winston Churchill var klar for ei politisk karriere!

<bilde>

1895,Winston Churchill løytnant 4. Hussars regiment

 

 

Politikk

 

I 1895 hadde lord Randolph, far til Winston Churchill døydd rett før Winston slutta seg til regimentet sitt. Etter at lord Randolph var døydd fekk Winston eit nærare forhold til mor si. Rundt 1900 gifta mor hans, Jennie Jerome, seg med ein 20 år yngre mann som ikkje var rik. Dette uroa Winston litt, men han var no sjølv ganske rik etter at han hadde hatt førelesingar og vorte skribent. Han trong ikkje lenger pengar av mora. Sjølv om ikkje Winston Churchill var godt likt av dei fleste, så vart han ein kjend person. Etter at Winston vart kjend så gjekk det stygge rykte om han. Ryktene var sjølvsagt ikkje sanne, men likevel var det mange som ikkje likte han.

 

I 1900, same året som mora gifta seg, stilte Winston til val for andre gong i Oldham også denne gongen for dei konservative. Sidan dei konservative var populære på den tida, vart han valgt inn.

 

Winston byrja å skrive ned faren si livshistorie, noko som førte til at han likte partiet litt mindre. Grunnen var nokre dokumenter som han fann der det viste seg at partiet slett ikkje hadde handsama faren noko bra. Ein annan ting som gjorde at han fekk partiet i vrangstrupa var tollreformspolitikken som var partipolitikk under leiing av Joseph Chamberlain.

 

I valperioden så ergra Winston kraftig partiledelsen med uttalelsane sine. Før valet i 1906 erklærte Winston seg for liberal og han stilte til val for det nordvestlege Manchester.Han vart veld inn med stort fleirtal. Sidan han vann med så stort fleirtal vart premien stillingen som statssekretær i koloniministeriet.

 

<bilde>

Winston Churchill i 1900 etter heimkomsten

 

 

Politikk

 

I 1908 døydde statsministeren i Storbritannia og Winston vart forfremma til president i koloniministeriet, berre 33 år gammal! Ein annan som vart forfremma var Lloyd George som vart finansminister. Han kom til å samarbeide tett med Winston seinare.

 

Same året gifta Wiston Churchill seg med Clemetine Hozier som var 10 år yngre!

 

Winston Churchill og finansminister Lloyd George ville ha nye sosiale reformar, men marineministeren ville heller ha seks nye krigsskip i staden. Dei forhandla og kom fram til at dei skulle byrje med fire krigsskip og så byggje fire til viss det var nokon grunn til det. Det vart til at ein bygde åtte nye krigsskip og det vart eit stort nederlag for Winston og Lloyd George.

 

I 1909 vart det budsjettkrise i Storbritannia der det vart enorme skatteaukingar noko som ingen i overhuset likte. Dette førte til at det vart to parlamentsval i 1910 og dei liberale vann med eit lite fleirtal. Dei som var i overhuset som hadde starta alt oppstyret, fekk innskrenka rettane sine. Då dette gjekk føre seg var Winston sers provoserande og han vart sterkt hata av dei fleste i partiet. Etter det fyrste valet i 1910 vart Winston innanriksminister då han berre var 35 år gammal.

 

Ei sak som var vanskeleg no var nokon grvearbeidarar som gjorde opprør i byen Tonypandy og Winston trua fagforeningen med å sende inn militæret. Dette vart heftig diskutert i tida etter.

 

Ei anna sak var då ein gjeng anarkistar hadde drepe tre politimenn. Dei gøymde seg i eit hus i Sidney Street og det vart skuddveksling. Huset tok til å brenne og Winston støtta den ansvarlege offiseren i å nekte brannvesenet å slokke brannen. Etter desse og fleire liknande episodar vart Winston avskydd av enkelte.

 

<bilde>

Clementine Hozier og Winston Churchill i 1908

 

 

Fyrste verdskrigen

 

I 1911 vart det ein internasjonal krise og dette skulle komme til å endre Winston Churchill sin karriere. Tyskland sendte ein kanonbåt til kysten av Marokko. Dei sendte kanonbåten på grunn av at Frankrike hadde sendt ei ekspedisjonsstyrke som skulle verja europeiske statsborgarar i hovudstaden, på grunn av eit opprør mot sultanen. Tyskarane trudde eigentleg at franskmennene hadde sendt styrka for å okkupere Marokko. Dei okkuperte havnebyen Agadir for å få ”kompansasjon” ein annan stad. Dette førte til det lett kunne verta krig. Krisa gjekk over og kanonskipet drog frå Agadir. Dette blir sett på som ein av grunnane til fyrste verdskrigen. Ein av tinga som kom ut av krisa var at britane revurderte flåta si i høve krig mot Tyskland.

 

Under revurderinga vart det klart at forsvarsminister Haldane hadde ein generalstab som var betre førebudd enn marinen, men sidan han av fleire grunner ikkje kunne ta over marinen så vart det til at Churchill tok over. Winston tok over ei marine full av splitting og feider.

 

Han gjorde alt meir effektivt, han moderniserte utdanninga av kadettar, men det aller viktigaste var at han var med på endringa frå kolfyring til oljefyring. Winston hadde også ein liten framgong i det å danna ein generalstab. Det viktigaste arbeidet han gjorde var kanskje at han greidde å få heile flåten klar til raskt å kunne finne dei posisjonane dei skulle ha om det vart krig mot Tyskland.

 

Etter valet i 1910 hadde det komme like mange irske nasjonalistmedlemmer som andre inn i parlamentet og i 1912 vart det lagt fram eit forslag om irsk sjølvstyre. Dei konservative hadde alltid skydd tanken på ein irsk stat og måtte nå gjere noko med irsk sjølvstyre eller sjå seg slått. Dei meinte det same i overhuset, men sidan dei ikkje kunne bestemme , så var faren for ein irsk stat stor. Dei kunne ikkje gjere noko med at det vart dannna ein irsk stat to år etter.

 

I Nord-Irland budde det protestantar og dei ville slett ikkje vere med på at dei skulle komme under Irland. I 1912 såg det ut til å komme til kampar.

 

Etter vala vart det store utskiftingar i det konservative partiet, noko som skulle bli negativt for Winston Churchill. Enkelte i den nye leiinga hadde så motsette meiningar av Churchill som dei kunne få.

 

I 1914 såg det ut til at ikkje eingong hæra ville støtte irsk sjølvstyre. I ein base nær Dublin vart ein del offiserar tvinga til å slutte viss dei ikkje ville vere med på å tvinge gjennom sjølvstyre for Nord-Irland. Ein del av offiserane valde å trekkje seg og det såg ut som om det kunne bli kampar. Då sendte Winston Churchill ein skvadron med skip som skulle leggje seg utfor Dublin. Viss det vart stridigheiter så kunne dei leggje Dublin i grus. Krisa gjekk over, men Churchill vart anklaga for å gjere alt for å provosere og han vart for alltid bannlyst frå partiet.

 

Dei neste 9 månadane var Winston Churchill i si rette stilling då han var marineminister. Ei av dei største bragdene hans var at før Tyskland gjekk til åtak på Belgia hadde han tre dager før fått flåta klar til krig. Under krigen meinte kritikarane hans at han tok for mange av dei viktigaste beslutningane sjølv . Dette vart framheva då øvstkommanderande måtte trekkje seg på grunn av tyske anar. Winston sette lord Fisher i stillinga. Det vart katastrofalt. To personar med så sterke meiningar og så sterk personlegdom kunne ikkje samarbeide med kvarandre og ganske mykje gjekk veldig galt.

 

Det var mange nederlag for Winston Churchil då han var marineminister. Han tok mange upopulære avgjeringar og han vart enda meir svekka i partiet internt. Det heile toppa seg i 1915 då han måtte gå av som marineminister på grunn av eit krav frå eit anna partimedlem som aldri hadde likt Churchill. Dette var det fyrste store nederlaget for Winston, men han var berre 40 år og han hadde nok av tid til å komme seg inn i politikken igjen.

 

 

Mellomkrigstida

 

Winston Churchill vart sittande i regjeringa ei lita stund til, men no berre som kansler i hertugdømmet Lancaster. Etter dette reiste han til vestfronten og tente som bataljonsjef. Dette vart godt teke imot blant folk, men den støtta han fekk forsvann fort då han kom heim etter berre ei lita stund. Sommaren 1916 bestemde han seg for å prøve seg i politikken igjen , men han fekk ikkje plass i regjeringa før i 1917. Han vart utnemd til krigsmateriellminister. I 1921 vart han koloniminister. Han slutta i den stillinga i 1922. Winston kom inn igjen i regjeringa i 1924. Sidan Neville Chamberlain hadde takka nei til stillinga som finansminister fekk Winston den. Det var overraskande og skandaløst for mange.

 

Som finansminister gjorde han mykje av det ein kvar ville ha gjort, men han måttte gjere noko for å få opp pengeverdia igjen. Det førte til at det vart store streikar og Winston gjorde mykje for å stoppe streikene noko som gjorde at han vart bannlyst av alle fagorganiserte.

 

I 1929 var det val igjen og den sittande regjeringa vart feld med liten margin. Då det vart danna ei ny regjering i 1929 fekk han ingen stillingar. Det fekk han heller ikkje i 1935 då det vart danna ei ny regjering igjen.

 

Ein av grunnene til at han ikkje fekk nokon stillingar var hans meiningar når det galdt India som var totalt motstridande i forhold til andre sine meiningar. Dette førte og til at ingen tok han alvorlig når han snakka om Adolf Hitler og fara med nazismen som var ein ting han verkeleg hadde rett i.

 

Tyskland sine andre allierte tenkte han ikkje noko særleg over. Han tenkte faktisk at kinesiske bønder sikkert hadde det betre under japansk styre. Dei to store tinga han verkeleg ikkje likte var nazistane og bolsjevikane som han ein gang sa at ”burde vore kvalt ved fødsla” og han støtta Mussolini sitt hat mot bolsjevikane. Til og med mane av dei næraste vennene og familien tvila litt på Churchill si meining om Tyskland.

 

I 1939 overtok Neville Chamberlain makta.

 

<bilde>

Winston Churchill 1919

 

<bilde>

Winston Churchill 1924

 

 

2. verdskrigen

 

Etter at Hitler hadde tatt Austerrike og Tjekkoslovakia ville Storbritannia og Frankrike sette ein stoppar for tyskarane. Viss Tyskland gjekk til åttak på fleire land ville dei erklære krig mot Tyskland. Då Tyskland gjekk til åttak på Polen erklærte Storbritannia krig mot Tyskland den 3. september 1939 og det same gjorde Frankrike. Winston hadde hatt rett og alle andre hadde tatt feil.

 

Sidan det vart krig var Neville Chamberlain tvungen til å sette Winston Churchill inn i stillinga som marineminister og som medlem av krigsregjeringa. Meldinga ”Winston’s back” vart sendt til flåta. Tallmessig sett var flåta til Storbritannia mykje større, men teknologien til britane var dårlegare. Tyskerane hadde toppmoderne utstyr.

 

Forslaga til Chuchill vart ikkje berre avgrensa til marinen, men han gav og forslag om annan stategi. Nokre av forslaga hans var ganske ekstreme og ein kan vere glad for at enkelte ikkje vart utførte. Winston var nesten minst like interessert i ting utanfor marinen. Han oppretta t.d ei statistisk avdeling innanfor marinen som skulle kritisere og undersøke dei offentlige tala. Sjølv om Winston kunne vere uenig med Neville Chamberlain, så uttala han seg aldri om noko som kunne skade han.

 

I april 1940 vart det vedtatt å minelegge norske farvatn, men tyskarane slo til fyrst og 9. april gjekk dei til åttak på Noreg og Danmark. Krigsregjeringa ville svare med ein motinvasjon, men heile invasjonen vart ein katastrofe av surr og forvirring. Dei måtte til slutt trekkje seg tilbake. Winston Churchill tok på seg alt ansvar for operasjonen i ettertida.

 

Aksjonen i Noreg felte regjeringa og Neville Chamberlain, som alltid trudde på fred, måtte trekkje seg tilbake. Stillinga som statsminister sto ledig og det sto mellom Churchill og utanriksministeren. Utanriksministeren vart veld, men han ville ikkje, så på den måten vart Winston Churchill statsminister i Storbritannia 9. mai 1941.

 

<bilde>

Winston Churchill inspiserar ruinane av Coventry Cathedral

 

 

2. verdskrigen

 

Då Winston Churchill fekk stillinga som statsminister seier han at det var ein draum som hadde gått i oppfylling og han var langt frå motvillig til jobben. Han skriv også ”eg var sikker på at eg ikkje ville mislykkast”. Han kom heller ikkje til å mislykkast. Det var ein av dei få gangene ein mann har endra historien så mykje. Winston Churchill gjorde noko som ingen annen kunne ha gjort på den tida.

 

Då Frankrike hadde kapitulert var krigen ”objektivt sett” tapt. Europa låg heilt klar til at Hitler kunne ”sparke inn døra” i kvart einaste land. Sjølv om Winston hadde blitt god ven med Franklin Roosvelt då han var marineminister så var det ikkje sannsynleg med hjelp frå USA.

 

Viss det hadde vore ein annan enn Winston Churchill så ville han nok så sikkert gått med på krava til Tyskland, men det ville ikkje Winston. Det vart heftig diskutert i regjeringa, men det vart til slutt til at Winston klara å overtale dei til å sei nei til fredsavtale. Det virka som om berre eit mirakel kunne redde dei nå. Etterpå brukte Winston sine unike talegåver til å sette mot i folk og få moralen opp.

 

Neville Chamberlain fekk ei stilling i regjeringa, men var fortsatt leiar i det konservative partiet. Winston Churchill vart leiar då Chamberlain døydde i november. For at Tyskland ikkje skulle kunne innvadere Storbritannia, var dei avhengige av sigrar i lufta. Difor vart faren mindre sidan RAF Spitfire-pilotane vann i lufta, trass i underlegent antall.

 

Moralen var sterk, men det var vanskeleg å finne ein taktikk for korleis Storbritannia skulle handle. Heilt i byrjinga hadde Winston gjort seg sjølv til forsvarsminister så han hadde enorm strategisk makt. Han misbrukte ikkje makta, men han gjorde alt for å overtale dei andre om at han hadde rett. Heldigvis for Storbritannia så angreip Tyskland Sovjet og dei trong ikkje å stå heilt åleine lenger. Dei kunne ikkje gjere noko for å hjelpe Sovjet, utanom å håpe på at ”kong vinter” tok knekken på Tyskland. Winston ville bombe tyske byar, sende forsterkingar til midtøsten og forhindre at tyskarane tok over den franske marinen .

Winston bygde mykje av strategien på etterretting og han hadde eit utmerket team med kryptoanalytikere som hjelpte Storbritannia enormt under krigen.

 

Den 7. desember 1941 vart endeleg amerikanerane med i krigen etter Pearl Harbour og dei allierte vart veldig styrka. Lukka hadde snudd for tyskarane. Siger etter siger vart forandra til tap etter tap. Det var mange viktige slag fram til det endelege nådestøtet. Det var då amerikanske og britiske troppar gjekk i land i Normandie, D-dagen 6.juni 1944. Krigen var så godt som vunne. Etter dette hadde ikkje Winston så mykje å seie på dei allierte si side. Han hadde vore sterkt aktiv i det viktigaste, men no var det ikkje så mykje viktig igjen utanom å knuse siste motstand.

 

Det som var spesielt med Winston Churchill under krigen var at han løfta eitt folk og han ville ikkje gi opp uansett.

 

 

Avslutning

 

Etter krigen tapte Winston Churchill valet. Han var skuffa , men han var ikkje sint. Han ville heller satse på å komme tilbake ved neste val. Det var ikkje han som tapte valet. Det var dei konservatives dumskap på 30-talet. Han tente seg rik på memorarer om andre verdskrig, og han kunne nyte livet til neste val.

 

I 1946 heldte han ein tale der han åtvara om den sovjetiske ideologien. Dette vart dårleg mottatt, men han hadde rett igjen. Han brukte tida si på å leve som ein greve og forbereidde seg mykje på neste valkamp.

 

I 1951 vart Winston Churchill vald til statsminister, denne gongen med fleirtal. Då han var statsminister var det rolege tider og han hadde berre innanrikse oppåver å ta seg av. I tida føre valet hadde han mykje sjukdom og helsa var heller skral, men allikevel ville han stille til val. I 1953 fekk Churchill eit kraftig hjarteåttak, noko som vart sjult for offentligheiten. Sjølv om han var sjuk fortsatte Winston Churchill som stasminister til han trekte seg i 1955. Han levde i 9 år etter dette og tida bruke han på å skrive. Den 24. januar 1965 døydde Winston Churchill i ein alder av 90 år. 6 dagar etter vart han gravlagd med

stor pomp og prakt like ved Blenheim Palace, der han vart fødd.

 

<bilde>

 

 

Konklusjon

 

Winston Churchill voks opp som ganske rik, men han hadde ikkje av den grunn ein ekstremt god oppvekst. I byrjinga av den politiske karriera gjekk det heller ikkje så bra. Han sa kanskje litt for mykje av det han personlig meinte i staden for å arbeide for partiet etter mi meining. Dette gjorde og at han ikkje vart særleg populær i partiet og han fekk mange motstandarar. Før 2. verdskrigen var han ikkje ein særleg godt likt politikar og han fekk mange motstandarar.

 

Under 2.verdskrigen var han ein veldig god leiar for folket ved at han satte mot i dei ved sine gode talar og veldige kampvilje. Han satte mot i folk og dei fekk trua på at dei kunne vinne krigen. Han var og ein god taktikar og han styrte hæren som ingen andre kunne ha gjort det.

 

Han var den beste som kunne bli statsminister under krigen og han fortente verkeleg den hyllinga han fekk av folket.

 

<bilde>

Winston Churchill med sonen Randolph og sonesonen Winston Churchill jr.

 

 

Kjelder

 

Churchill damms biografiserie Blake,Robert 2003

 

Aschenhags og Gyldedals store norske leksikon bind 2

 

www.loc.gov/exhibits/churchill/wc-checklist.html

 

www.arqnet.pt/portal/discursos/maio02.html

 

www.pinetreeweb.com/bp-on-churchill.htm

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst