Knut Hamsun (1859-1952)

Knut Hamsun som forfattar.
Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.01.25

Knut Hamsun vart fødd 4. august i 1859 på Garmostræet, ein gard på Lom i Gudbrandsdalen. Familien hans sleit hardt på garden, men til trass for dette hadde dei problem med å få endane til å møtast. Dei flytta derfor i 1862, då Knut var nær tre år gammal, til Hamarøy i Nordland, for å overta garden Hamsund etter Knut sin onkel. Under oppveksta bar Knut alltid med seg blyant og papir. Han skreiv støtt, og den seinare skrivinga hans viser tydeleg at opplevingane i frå Nordland og naturen der, gjorde eit sterkt og uutsletteleg inntrykk på den unge Hamsun. Nordlandsmiljøet er bakgrunn for fleire av bøkene hans, til dømes dei kjende Pan, Rosa og Benoni.

 

Etter konfirmasjonen byrja Knut som handelsbetjent på Tranøy. Jobben varte ikkje lenge, og han reiste ut for å finne arbeid. Det gav starten på eit omflakkande liv, der han stadig prøvde seg i nye yrke: Han gjekk i skomakarlære, han var kolsjauar og lensmann, og han dreiv rundt som skreppekar og heile tida skreiv han. I 1877 lukkast han og fekk gje ut boka "Den Gaadefulde". Denne boka ga han ut i sitt eigentlege navn Knud Pedersen, etter faren Per. Boka vart ingen suksess, men han ga seg ikkje, og i 1879 reiste han til København for å prøve lukka hjå forleggarane til dei store forfattarane der. Men Hamsun måtte vende slukøra tilbake til Noreg. Han prøvde seg no som skribent i Kristiania, men lukka var ikkje med han. Han svalt ofte og fekk sjeldan noko på trykk, og måtte nedbroten forlate byen våren 1880. Det omflakkande livet hans fortsette og i 1882 reiste han til USA, for å freiste å slå igjennom som forfattar der. Han fekk ikkje noko gjennomslag, men han fekk prøvd seg både som steinbrytar og sporvognskonduktør før han i 1884 vendte tilbake til Noreg grunna sjukdom.

 

Namnet sitt hadde han no endra til Knut Hamsund, men etter amerikaturen endra han det igjen til den endelege forma Knut Hamsun, blant anna fordi amerikanarane hadde problem med å uttale namnet hans rett når han brukte d’en. I 1886 sette han igjen kursen for USA. Ikkje denne gongen heller greidde han å slå gjennom som forfattar, men fekk igjen utvide yrkeserfaringane sine, blant anna som journalist og foredragshaldar. Han har seinare uttalt at det var dei varierande jobbane hans som hjelpte han fram som forfattar, då dei ga han eit rikt ordforråd og ei god innsikt i kvardagsmiljøa. Då han igjen vendte tilbake, hadde Hamsun fått mange motførestellingar til det amerikanske samfunnet. Han meinte at det var retta for mykje mot det materalistiske, og at dette øydela den åndelege kulturen. Han får etterkvart eit svært negativt syn til samfunnsendringa, industrikapitalismen og materialismen, noko som også kjem fram i somme av bøkene hans.

 

I 1890 ga Hamsun ut romanen "Sult", og endeleg fekk han sitt velfortente gjennombrot som forfattar. Boka vekte stor oppsikt og ho vart ein sensasjon i dei litterære miljøa. Ho var av heilt anna form enn tidlegare romanar, og dette nye synet hadde han før på året gitt uttrykk for i artikkelen "Fra det ubevisste sjeleliv". Der kritiserte han realismen og hevda at forfattarane måtte trenge djupare inn i individa. Dei skulle vere psykologar og skildre "det ubevisste sjeleliv". Han ville ha ein ny litteratur for dei få utvalgte ein ny stil. I tida etter gjennombrotet skreiv Hamsun tre foredrag, som han i 1891 og ’92 tok med seg på turn‚ langs kysten. I desse foredraga gjekk han til åtak på, og håna den eldre diktargenerasjonen medan han også gjorde nærare greie for sitt eige program. Alle dei store diktarane, kanskje særleg Kielland, Ibsen og Bjørnson vart sterkt kritisert for deira skjematisk oppbygde karakterpsykologi, karakterar som ein i følge Hamsun "treffer hver dag på fisketorvet". Hovudverk i verdslitteraturen stempla han som typediktning og europeisk "modelitteratur" med grunn og einsidig menneskeskildring. I staden ville han altså ha ein ny litteratur der individ med særdrag og eigne impulsive innfall skal skildrast ikkje einsidige typar. Etter suksessen som forfattar og føregangsmann for den nye, og etterkvart så gjeldande litteraturretninga gjekk det slag i slag for Hamsun. Det kom støtt nye bøker, noveller, foredrag og også nokre skodespel, og i 1904 ga han ut si einaste diktsamling, "Det vilde kor".

 

I 1911 flytta Knut Hamsun saman med kona Marie, som han gifta seg med i 1909, tilbake til Hamarøy. Der skreiv han blant anna den kjende "Markens Grøde" i 1917. Boka handlar om nybrottsbonden Isak Sællanå, og ho viser eit alternativ til industrialiseringa og kapitalismen i samfunnet, samstundes som ho understrekar Hamsun sitt syn om at ein må tilbake til naturen. I 1920 fekk han Nobels Litteraturpris for denne romanen, og i mellomtida hadde han og familien i 1918 flytta til garden Nørholm i AustAgder, der han kom til å bu mest resten av livet. På grunn av sitt samfunnssyn hadde Hamsun ein sterk antipati mot industrinasjonen England og det materialistiske USA. På den andre sida hadde han ei djup og takksam beundring for Tyskland, der han tidleg vart møtt med forståing. I tillegg levde enno storparten av folket der i takt med hans eige naturog samfunnssyn dei var bønder. Det fell derfor i 1930-åra naturleg for Hamsun å ta nazistane sitt parti, og han heldt fast ved dette også under okkupasjonen av Noreg. I 1948 vart Hamsun, på grunn av sitt tyskarvenlege syn under krigen, dømt for landssvik og pålagt ei større erstatning. I følge rettspsykiatrikaren si erklæring leid han av "varig svekkede sjelsevner", men før denne låg klar, budde Hamsun lenge på institusjonar utan kontakt med omverdenen. Tankane omkring dommen og tida mellom arrestasjonen i 1945 og denne, kan vi lese om i "Paa gjengrodde stier", siste boka han skreiv før han døydde 19. februar 1952.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst