Sigbjørn Obstfelders dikting

Oppgave: Presenter noen trekk ved Sigbjørn Obstfelders diktning. Bruk eksempler fra de vedlagte tekstene «I en eventuel digtsamling», «Orkan», «Jeg ser», «Byen», «Jeg'et», «Salme», . Hvilke tanker gir disse tekstene deg i dag?
Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2009.06.18

I 1890 oppstod nyromantikken, som var ein reaksjon på realismen og naturalismen. I realismen og naturalismen blei det satt problem under debatt og samfunnsforhold blei skildra. Men i nyromantikken var forfattarane interessert i noko anna, nemleg mennesket sitt sinn. Dei var opptekne av følsomme menneske, gjerne dei som ikkje var slik som alle andre. Vanlege menneske som klarte å tilpasse seg det moderne samfunnet var ikkje noko å skrive om, meinte dei. Sigbjørn Obstfelder var ein av lyrikarane som tydeleg sette ord på framandkjensla overfor den moderne utviklinga.

 

Obstfelder var ein grublande, fjern og rastlaus mann. Forfattarskapen hans var merkeleg, men hadde stor betydning for moderne lyrikk i Noreg. Tekstane hans handla om blant anna framandkjensle, angst, livsrus og religiøs lengsel. Mange av tekstane hans var prega av musikk, for han spelte fiolin og komponerte. Han blanda seg ikkje inn i politikken, og var klart antirealistisk. Han ville ikkje setje problem under debatt, slik som Georg Brandes hadde oppfordra til. Det gir han uttrykk for i diktet «I en eventuel digtsamling»:

"Naturalismen
skiter jeg i
- foreløpig
Den store Georg
i Kjøbenhavn -
Jeg kaster ei perler for kritici!"

 

Diktet «Orkan» viser at Obstfelder kunne vere vill og opprørsk. Diktet er fylt av livslyst og energi. Kjenslene er sterke, og naturen er dragande og mystisk. Det er også erotiske drag over teksten. «Leg med mit hår, orkan!». Kvar einaste linje vert avslutta med eit utropsteikn, og vi kan sjå på heile diktet som eit utrop. Naturen er i fokus, og vi er langt borte frå storbyen. Naturen og elementa er også ein viktig del i andre tekstar, blant anna «Jeg ser», «Byen» og «Jeg'et».

 

Obstfelder var oppteken av den religiøse dimensjonen i tilværet. Eksempel på tekstar der religiøsitet er sentralt er dikta «Salme» og «Jeg'et». I diktet «Salme» ber Obstfelder Gud om å gje han «den første tåre». Men tårene fell ikkje, og han klarar ikkje å gråte. I «Jeg'et» kan det høyrast ut som om det er Gud som talar, fordi han seier «Jeg har stemt luftens, løvets, vandets toner, jeg har bygget menneskets øre i en rig harmoni».

 

«Jeg ser» er Obstfelder sitt mest kjente dikt. Folk som ikkje kjenner til andre dikt av Obstfelder, kjenner ofte til dette. Diktet startar med at «eg» ser på naturen og landskapet og undrar seg over det. Vêret blir skildra med dramatiske ord som «den blodige sol». Temaet i diktet er angst, einsemd og framandkjensle. «Eg» undrar seg over verda som han opplever som framand. Han føler at han ikkje høyrer til det han ser, men står utanfor som betraktar. Både naturen (vêret) og menneska gir han følelsen av at han ikkje høyrer heime, så han konkluderer med at han «er vist kommet på feil klode!». Ordet «klode» og utropsteiknet seier litt om graden av framandkjensle, for det er veldig langt til ein annan klode.

 

Som vi ser i blant anna «Orkan» og «Jeg ser», har Obstfelder sansen for å skrive ekspressivt. Det er mange kjensler involvert, og utropsteikn blir hyppig brukt. Han bruker gjerne sterke ord for å klargjere stemninga i tekstane eller poengtere noko som er sentralt i tekten. Døme på slike sterke ord kan vere «Verdensrummet!» og «(...) feil klode!».

 

Obstfelder skreiv tekstar som ligg i grenselandet mellom lyrikk og prosa. Når han skreiv dikt, så var det ikkje tradisjonelle dikt. Han skreiv utan fast rytme og rim. «Jeg ser» har ikkje noko fast mønster i talet på verselinjer per strofe eller i form av enderim. Men det finst bokstavrim (f.eks «skyer samler sig» og gjentakingar («Jeg ser»). Enkelte andre forfattarar meinte at fråværet av fast rytme og rim gjorde at diktet vart «rotete». Obstfelder meinte kanskje å trekkje parallellar mellom mennesket sitt forvirra sinn og den usystematiske forma i diktet.

 

Eit fellestrekk er at tekstene er skrivne i eg-form. Eit sitat frå «Jeg'et» lyder slik: «jeg ved ikke – det er mig ikke nok. Jeg blir rastløs. Det blir mig fremmed. Jeg må bort.». Denne posisjonen gir oss innblikk i tankane/sinnet til «eg», og teksten blir meir personleg. Difor var det naturlig for Obstfelder og andre modernistar å bruke eg-forma.

 

Obstfelder har vist seg å vere ein kløppar med språk og språkbilete. Tekstane er originale, og dei har ikkje gått ut på dato, for dei handlar stort sett om tema som framleis er aktuelle. Det er jo mange som har tankar om framandkjensle og meininga med livet og, og slik vil det sannsynlegvis bli i framtida også. Menneske som filosoferer over dette, opplever den eksistensielle einsemda (at dei er åleine om tankane sine). Dette gjeld i stor grad i det moderne samfunnet. Tilknytning til familie og andre relaterte er redusert. Resultatet er aukande einsemd.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst