United

Filmanmeldelse av den norske suksessfilmen United.
Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2004.04.28
Tema
Filmer

United er debutfilmen til regissøren Magnus Martens. United er ein film om drømmar, håp og kjærleik. Mest om drømmar.

 

Handlinga finn stad på ein tettstad på Vestlandet og handlar om fotballidioten Kåre og kjærasten Anna. Kåre er i slutten av 20 åra , har ein middels god jobb og trenar bygdas småputtlag. Kåre har store ambisjonar: han vil gifta seg med verdas finaste dame og Bli proff på Manchester United. Verdas vakraste dame har han allereie kapra men proff drømmen er enda ikkje blitt realisert. Kåre klarar ikkje å slå seg til ro med sine drømmar, mens Anna ønskjer å komme vidare i livet. Ho har funne sitt drømmehus i Haugesund området, Alt er klart, det einaste som no manglar er finansieringane og dette er Kåres oppgåve .Det er lettare sagt enn gjort, Kåre strever med dårleg lønn og får ikkje lån . Bra-mann skalaen til Anna sig og betre blir det ikkje når Anna’s tidlegare flamme Stian, dukkar opp i bygda med eit perfekt tilrettelagt liv. Ho truar med å gå tilbake til sin gamle flamme og Kåre skjønnar at han må gjøre noe aktivt både med drømmar og verkelegheita. Han er overtydd om at dersom han lykkast på fotballbanen vil også forholdet til Anna falle på plass. Kåre er heldig , det er ledig plass i 11’eren til Fk Haugesund og den gamle proff drømmen blussar opp igjen. Fotball proffer tener masse pengar, får sikkert lån i banken, har fine bilar og fine damer. Kan han bli proff og kan han klare å gifta seg med verdas finaste dame før ho stikk av med sin tidlegare flamme?

 

United er ein søt film som det er lett å like. Filmen er både morsom og romantisk , med eit ”anstrøk” av vestlandsk ironi og varme. Filmen er noen stader tam og kjedeleg , men blir tilgitt av dei mange overraskingane som dukkar uventa opp. Er du ein av dei som fall for klassiske kjærleiks historier med eit glimt av humor, er dette ein film som fortener ein plass i hylla deires. Terningkast 5.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst