Reklame analyse - Kavli Kaviar

Det er ein reklame analyse av Kavli Kaviar som er skreivet av ein vg.1 elev og fekk ein 5 på den.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2021.02.02
Tema

I denne teksten har eg valt ein reklame for å analysere, denne reklamen heiter “Kavli Kaviar”. Eg fant denne reklame på YouTube, og eg kunne sjå at denne kom ut i 2011. Eg er ikkje heilt sikker på dei informasjonane fordi det kan hende at nokon har lagt det ut etter nokre år, men vi kan vite at den som står bak denne reklamen er Kavli Kaviar sidan det er dei som lagar Kaviar. No lever vi i ein verden der vi er veldig opptatte av sosiale media, til dømes YouTube. Når eit firma har noko dei vil selje er det slik at dei leggje ut ein reklame som kan få folk til å kjøpe av produktet dei vil selje, og det er veldig vanleg at reklamen blir tekt opp på YouTube sidan det er mange folk som ser på det.  

Reklamen “Kavli Kaviar” handlar om ein familie som sit rundt matbodet og som er av tre persona. Personane er ei mor, ein far og ein liten baby. Babyen får ei brødskive med fårepølse på av foreldrane sine, men babyen vil ikkje ha denne maten, han likte det ikkje derfor kasta han fata på golvet så den blir knust.  Faren til babyen ser på bordet og så på mora og tar opp ein tube med Kavli Kaviar. Han smøre Kavli Kaviar på ein brødskive og deler det opp i fire bitar og så gir han den til babyen.

 

Babyen tar opp ein bit av brødskiva med Kaviar og et litt av det forsiktig. Babyen gir frå seg eit lavt skrik og tar opp ein barnekassettspelar opp på matbordet og trykker på play. Kassettspelaren byrjar å spele av ein kjent  engelsk song som heiter “That´s the way I like it”. Babyen syng med songen og dansar med musikken, mens han står på babystolen sin. Faren og mora til guten går litt tilbake og ser på kvarandre, men babyen fortset å danse der foreldrane ser på kvarandre ein gong til. Etter nokre få sekunder kjem det opp ein bilde av to Kavli Kaviar tubar. Øvst på høgre sida av bilete står det “Alle likar Kavli”, og nedst på bilete står det “Nyhet! Kavli Kaviar med ny smak.”

Denne reklamen er ein tale sidan produsenten av dette produktet prøvar å selje noko som skal løyse ein sak. Babyen får servert ein brødskive med fårepølse, men han et ikkje det fordi han vil ikkje ete vanleg pålegg. Derfor får han ein skive med Kavli Kaviar, sidan det er lett for babyar å ete det. Så vis det er nokon som ikkje finn noko som barn kan ete og likar som pålegg på ein brødskive er det berre å smøre ei brødskive med Kavli Kaviar. Reklamen er ikkje berre til foreldre som ikkje finn eit pålegg til barna som dei liker å ete, men også til alle som vil ha noko godt å ete på brødskiva si. 

I denne reklamen har vi ein skiftande forteljar. Fordi i byrjinga av denne reklamen var det berre ein veldig vanleg familie rundt eit matbord der foreldra til ein baby prøvar å gi han mat. Men når babyen får ete litt av ein brødskive med Kavli Kaviar blir alt forandra. Plutseleg byrjar babyen å danse og synge. Årsaka til at det er ein skiftande forteljar er at det er ingen som hadde trudd at slutten skal vere sånn, der babyen byrjar og synge og danse. 

Meste parten av lyden i denne reklamen er ekte lyd. Nesten heilt på slutten av reklamen tek babyen på songen “That´s the way I like it”. Denne songen blir spelt der fordi babyen vil seie noko til oss. Det han vil seie til oss gjennom denne songen er at “det er sånn eg vil ha det.” Fargar i denne reklamen er duse fargar, men faktisk har babyen ein raud genser på seg. Det produsenten vil med det er at vi skal fokusere mest på babyen enn foreldrane, og ved at dei bruker duse farger på foreldre der dei sit viser at dei er ikkje opptatt over at babyen ete ikkje. Vi kan også ser at fargen på genseren babyen har på seg, har nesten det same farge som den Kaviaren som har oransje farge.

I reklamen er det noko meir som vi kan sjå og det er at filmen i reklamen er halvnært og nært. I byrjinga av reklamen er mesteparten av filmen halvnært. Filmen blir nært når kamera blir zooma på ansiktet til babyen, og det skjer mange gonger, når babyen tek på songen på kassettspelaren og når faren tek opp ein tube med Kaviar. Filmen blir nært nesten på slutt, da kamera blir zooma på ansiktet til foreldrane mens heilt på slutt er filmen halv totalt. 

I Kavli Kaviar er forteljarstemme babyen som kjem opp som første person i reklamen. Reklamen handlar eigentleg mest om babyen som likar berre Kavli Kaviar. Andre og tredje person i reklamen er mora og faren. Vi ser mykje av reklamen i babyens synsvinkel, då han få dei to serverte brødskiver, då han kastar fata og maten på golvet, og til slutt då han begynne å danse. I reklamen er det ikkje mykje tekst, den einaste skrifta vi kan sjå ordentleg er då faren tek opp Kaviartuben og viser det til mora og då han tek kaviar på brødskiva. Heilt på slutten av reklamen kan vi og sjå litt tekst der merket på Kavli Kaviar står, eit slagord og der det står at det er kjem ein ny Kavli Kaviar.  

Denne reklamen skjer i notida. Reklamen har ei rekkjefølge sidan den hopper ikkje i tid. Reklamen har bra handling, og den har overraskande slutt som gjer at denne reklamen vart morosam. Så humor er ein av dei verkemidlane i denne reklamen. Og den andre verkemiddel som vi finner er gjentaking, vi kan sjå gjentaking når babyen får servert ein brødskive. Elles er det ikkje andre verkemidlar. 

Det er eit bodskap i denne reklamen og det er at den vil få folk til å kjøpe av Kavli Kaviar sidan det er mange som likar det. Denne reklamen ville vise folk kor god kaviaren er, og at til og med babyar likar det, sidan det er lett å ete for dei. Nesten alle folk som ser reklamen veit kor dei skal kjøpe det frå, fordi det finst i nesten alle daglegvarebutikkar.

Eg synest at reklamen var ein veldig bra reklame med humor som man kan le av den i ein stund, og at den kan få folk til å kjøpe av dette produktet produsentar vil selje. Eg tenker at reklamen vil få folk til å kjøpe av produktet fordi den viser at Kavli Kaviar er godt og alle vil likar det til og med babyar. 

 

Kilder:

https://www.youtube.com/watch?v=zdVHuMXpYhg

https://norsksidene.no/web/PageND.aspx?id=99713

https://studieweb.no/hvordan-analysere-en-reklame/

https://skolediskusjon.no/kompendier/norsk/reklameanalyse

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst