Analyse - Den grønne kommoden

Teksten er en analyse av "Den grønne kommoden" av Selma Lønning Aarø.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2020.12.05
Tema

«Den grøne kommoden» er ei novelle skrive av forfattaren Selma Lønning Aarø. Novella er henta frå antologien «Signaler ’95, som vart gitt ut i 1995.I denne novella skriv Selma om utfordrande kjærleik og vanskelege brot. 

Novella handlar om ein gut og ein jente som går gjennom eit brot. Dei har budd i lag.  I starten får vi reia på at jenta gjer det slutt med guten. Ho har vore utru fleire gonger. Jenta ventar på ein reaksjon ifrå guten. Overraska blir ho, når ho får vita at det er den grøne kommoden som er viktigast i gutens augnar. Guten seier klart og tydeleg ifrå om at når dei skil lag, skal han ha kommoden. Det sluttar med at jenta blir lei seg og græt, medan guten får det som han vil.

Novella er skrive i kronologisk rekkefølgje. Vi blir tatt med på ein tydeleg spenningskurve når guten visar intenst gjennom tankane sine, kor mykje han har lyst på den grøne kommoden. Det kjem eit vendepunkt då guten seie høgt og tydeleg ifrå om at han vil ha kommoden. Jenta bryt ut i tårer, og vi som lesarar, får eit annleis syn på jenta. Selma har valt å skriva novella i tredjeperson, personal synsvinkel. Dette har forfattaren vald fordi, det gir oss eit betre bilde av korleis dette påverkar guten, som gjer det meir spennande for oss å lesa. Ved å velja denne synsvinkelen, blir det vanskeleg å sjå saka frå begge sider. Dette gjer at vi får et dårleg førsteintrykk av jenta. 

Det er ikkje mykje miljøskildringar i denne novella. Dette gjer at vi får eit betre innblikk i korleis dei tenkjar og har det. I denne novella er det klart at forfattaren ikkje har fokusert på dei ytre personkarakteristikkane, men dei indre. Dette ser vi når forfattaren skriv «Laga sine eigne skandaleoppslag i sitt usle vekebladhovud». Her ser vi at guten meiner jenta er overflatisk og blond. Jenta har vore utru. Lesarane får intrykk av ho som ein kynisk og kald person. Mot slutten får vi litt meir empati for jenta når ho blir lei seg fordi alt guten bryr seg om er kommoden. 

 Vi får vite at guten hadde måla den syrinlilla kommoden grøn. «Då den var lilla, var den ikkje noko å ha». Den grøne kommoden er eit symbol på sjølve guten. Det er eit symbol på hans følelsar, personlegdom, og verdiar. Når vi les setninga « Eg snakkar om valet mellom ei jente og ein grøn kommode», betyr det eigentleg valet mellom ei jente og seg sjølv. Er jenta verd det faktumet at han mistar den personen han eigentleg er? Det at guten har måla den grøn, reflekterer korleis guten ser på seg sjølv og korleis han har forandra seg etter han møtte jenta. Guten har eit dårleg sjølvbilde. Han beskriv seg sjølv som «ikkje attraktiv nok»  for jenta. Nokså tideleg i novella står det, «I eit år har ho måla munnen raud for hans skuld». I denne setninga prøvar forfattaren å få fram at jenta har forandra seg etter behovet til guten.

Det er ikkje mange replikkar i denne novella, men vi får høyre mykje om kva guten tenkar. Det gjer at vi fort merkar at det er spenning i rommet. Andre virkemidlar i teksten er symbol og gjentakingar. Vi høyrar fleire gonger snakk om den grøne kommoden. I denne samanhengen er skuffane i den grøne kommoden symbol på stadium i livet til guten. I den øvste skuffen ligg underbuksene hans. Underbuksene symbolisere minne han har hatt heile live. Underbukser er noko intimt som berre er din. Det er noko du ikkje vil at alle andre skal få snoka i. Nokon ting vil guten halda for seg sjølv. I den midtarste skuffa ligg det bilde  frå interrailen i 89. Vi får vita at bilda vart tatt lenge før hennar tid. Dette er minna til guten frå før dei vart saman og før han vart ein forskjellig person. I den nedste skuffen ligg det kjærleiksbrev, passa hans og ringen han hadde tenkt å gje jenta. Dette symboliserer framtida som han hadde planlagt. Jenta sitar oppå kommoden, som om det er hennar kommode. I denne skildringa tyder det på at ho ikkje lar guten gå. Ho har makt og «sitar på kommoden» som om ho har fanga han. 

Tema i denne novella er utfordrande kjærleik, vita kven ein er og følelsar. Bodskapen i teksten er at ein skal ikkje forandre seg for nokon annars skuld. Det er også eit viktig bodskap i novella at ein skal vera ærlege i eit forhold og ikkje vera utru. Kjenn verdiane dine, og ikkje la nokon ta dei frå deg.

 

Kilder:

https://intertekst.portfolio.no/read_container/e093e65e-b815-4b7c-8ec7-9200e7c7917a

https://leseverktoy.app.fagbokforlaget.no/2/6/1

https://docs.google.com/document/d/123z9QYJIoV66EK3wl6XjLvHhhxdx23vkMlOnQB42Fo0/edit

https://docs.google.com/document/d/123z9QYJIoV66EK3wl6XjLvHhhxdx23vkMlOnQB42Fo0/edit

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst