Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Svanens flukt

Svanens flukt

Om mishandling. Fin historie.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
27.07.2000
Tema
Vold


Frå himmelen lydde kraftige slag, lokkande og underlege. Helen heva blikket og pressa armane mot brystet for å stogge skjelvinga, men det verkande sjokket og frykten forsvann ikkje, og såra på kroppen og i det forslege andletet gjorde like vondt. Den rytmiske tromminga lydde som fjern musikk. No kom han nærare, og av ein eller annan grunn førte han med seg ein slags fred… Han roa ho. Her oppe i himmelen, er ei verd av blå luft og solskinn, ei verd av opne, frie vidder upåverka av vindenes luner…

 

Helen bøygde nakken bakover for å sjå høyare, over dei sotgrå trea i den litle hageflekken, og der – i jamn majestetisk flukt – flaug tre kvite svaner. Halsen var strekt framover som ein rett strek, og pekte mot den glødande vesthimmelen. Vengeslaga var langsame og sterke og fylt av musikk. ”Fri…fri…fri…” song dei bølgjande vengene, ”Fly…fly…fly…” song dei idet dei passerte, forgylte av sola. Ho fylgde dei med blikket til dei forsvann. Strupen verka av tilbaketrengd gråt. Ja, tenke ho, der ho stod og dirra i den usle hagen bakom huset. De kan fly! Det er lett for dykk vakre skapnader som har den veldige, tomme himmelen å segle i.

 

”Mamma?” ropte Jakob frå kjøkendøra. ”Mamma? Eg har laga te…” Ho trakk eit langt, skjelvande andedrag og såg enno ein gong mot den bleike himmelen. Langt borte og framleis lokkande, kunne ho ane det fjerne trommeslag av venger i vinden. ”No kjem eg,” svarte ho, og vende tilbake til det rotete kjøkenet.

 

Nei, eg burde ikkje la det bli så ille som dette, tenkte ho mens ho skauv håret vekk frå den forslege panna og byrja å rydde vekk dei skitne tallerkenane etter lunsjen. Men eg er så trøtt. Og så forvirra. Og jo meir han roper og slår, jo meir fortumla blir eg. ”Kom då, mamma…” Jakob la armane om ho og førte ho bort til ein stol. Den snille barnslege stemmen prøvde å trøyste ho. Han sette tekoppen framfor ho, og prøvde å stryke det lange, ljose håret på plass. ”Skal eg hente ein svamp til auge ditt?” Ho rista ho hovudet. ”Nei, det går fint.” Det går slettes ikkje fint, men særleg skremmande er den sjølvsagte tonen i gutens stemme, han røper at mange slike situasjonar har lært han å akseptere og godta… Skal eg hente svampen til auge ditt? Skal eg feie saman dei knuste tallerkenane? Skal eg ringje lækjaren? Det ottefulle guteandletet var bleikt av nervøsitet mens han prøvde å trøste ho. Dei grå auga var urolege og virka altfor store i det magre andletet. Ho omfamna han, og trakk han inntil seg. ”Ikkje ver redd, Jakob. Det går bra. Kor er Mari…?”

 

Han sende ho eit forunderleg, strengt blikk, langt meir vaksent enn hans åtte år kunne fortelje. ”Ho kraup inn i bøttekottet og la seg til å søve. Eg lot ho vere der, for der er det trygt.” Han stirra ned i sin eigen tekopp og røyrte valdsamt i han. ”Ho har det fint. Eg har sett etter. Ho søv framleis.”

 

Helen sukka. Ein bølgje av grå fortviling feide over ho og tappa ho for kraft og vilje. Det var håplaust. Ho var fanga i dette huset, med ein brutal ektemann som ikkje gjorde anna enn å rase og slå med knyttnevane mit ein urettferdig verd – ein mann som ikkje kunne få det arbeidet han var van med, som ikkje orka tanken på å vere mislykka og uønska, og som brukte tida og pengane til å drikke for å gløyme. Ein mann lot sinnet og fortvilinga gå ut over den utmatta kona, mens dottera kraup inn i kottet og gråt seg i søvn, og sonen prøvde å støtte og trøyste den forskremde mora si. Det blei for mykje. Altfor mykje. Ho visste ikkje kva ho skulle gjere eller kor det skulle ende. Mens der oppe, høgt oppe i den tomme, blå himmelen, slo dei reine, kvite vengene vidare… og vidare… Det fanst ei anna verd av tre, gras og himmel.

 

”Jakob,” sa ho plutseleg, ”hent jakka di, så vekker eg Mari.” Ho reiste seg brått, før ho rakk å ombestemme seg, og opna døra til bøttekottet. Barnet låg samankrølla på eit gamalt ullteppe. Håret, honninggult som mora sitt, låg utslått i slappe, samanfiltrade krøller kring hovudet. I den eine handa knoga ho manen til ein gamal, gul, leketøysløve med tynnslitt fløyelspels. Han er som meg, tenkte Helen med eit snev av galgenhumor, eg er også tynnslitt. Sant og si så er eg nesten utslitt…nesten ferdig. Ho lyfta Mari opp, fant kåpa hennar og trakk ho på det søvndrukne barnet. Så greip ho si eiga kåpe og veske, og fylgde etter Jakob ut i den smale gangen. ”Kor skal vi?” spurde han, mens dei gjekk mot entreen. ”Eg vet ikkje… i parken… for å trekkje litt frisk luft.” Men då dei nådde døra, stod ein og sperra utgangen. ”Kor i huleste har du tenkt deg?” spurte Jostein. Helen’s hjarte snørte seg saman. Eit einaste blikk var nok til å sjå at han hadde fortset med å drikke etter lunsj. Han var full og kokte av sinne mot den kalde, hensynslause vera i sin alminnelegheit og mot den unge kona si. ”Eg… ville berre gå ein tur med dei…” ”Å, jasså? Du kan berre snu og ha deg inn igjen!” Handa greip fatt i ho, snudde ho rundt og puffa ho mot kjøkendøra. ”Veit du kva klokka er? Eller er du så sløv at du ikkje følgjer med?” spurde han, så spydig at stemmen skurra i hovudet hennar. ”Det er vel ikkje for mykje forlangt at du skal ha maten ferdig når eg kjem heim.” ”Men du kjem jo heim så tidleg – ” ”Tidleg? Eg har vore nede på jobbsenteret og lest annonsar i heile dag!” Ho mønstra han. Det var ingen tvil om kor han hadde tilbrakt dagen, men ho våga ikkje å protestere. Han har vore brutal tidlegare. Helen grøssa.

 

”Stå ikkje der og glan som ein martyr, di ku!” brølte han, plutseleg overvelda av sinne. Sjølv togna hennar verka som eit lastord. ”Kom deg ut på kjøkenet og lag noko mat, elles skal eg –” Ho ryggja unna og kjende korleis Mari’s mjuke lemmer stivna til i armane hennar. Jakob stakk si tynne, unge hand inn i mora sin. Ho kikka på han, og det som han sa : ”Ikkje no, ikkje no… Ikkje gje han påskott til å slå igjen.” Ho føydde seg og gjekk tilbake på kjøkenet og begynte å slengje saman noko mat.

 

Men Jostein’s raseri var ikkje brukt opp. Då ho sette tallerkenen framfor han, stirra han på han med avsky. ”Kva er dette for noko?” ”Bønne- og linsestuing…” Han rota rundt i maten. ”Kor er kjøtet?” ”Eg har ikkje nok pengar til å kjøpe kjøt kvar dag. Eg har ikkje råd.” Han smelte knyttneven i bordet så serviset hoppa. Det gjorde borna også, dei sat på golvet og leika og prøvde å halde seg utanfor syne. ”Du får meir enn nok, men du klarer ikkje å halde styr på pengane!” ”Viss ikkje du hadde brukt pengane på baren, ville du fått kjøt kvar dag!” svarte ho, plutseleg modig og ble like sint som han var. Han tok tallerkenen og kasta han mot ho. Det varme, klissete sølet treffte veggjen og spruta tilbake i andletet hennar, og skålda det. Tallerkenen blei knust og eit tagget porselensskår kom farande og skar ho i andletet. Ein fin blanding av blod og saus rann nedover kinnet. Jostein reiste seg og gjekk truande, ruvande mot ho. ”Eg drikk for å gløyme at eg er gift med ei gretten sjuske!” Han dytta ho hardt mot vasken, så ho slo ryggraden mot den skarpe kanten. ”Sjå som du ser ut! Som ein blødande søppelhaug. Sjå å få vaska av sen dritten i andletet.” Ho famla i blinde etter ein fuktig klut i vasken. Han slo ho igjen. Hovudet dunka i veggjen, hardt, og eit augeblikk kunne ho ikkje sjå, ho høyrer berre eit skarpt, merkeleg sus, nesten som svanenes flukt.

 

” Og om eg drikk,” brølte han og tårna kvalmande over ho, ”eg drikk fordi eg ikkje har nokon jobb og ingen som bryr seg om meg og kva som skjer med meg. Veit du kva dei baud meg på jobbsenteret? Asfaltarbeid – eg, som er seljar!” Helen pressa den våte kluten mot andletet og stirra på han med oppsperra auge. Vengene slo framleis i hovudet og prøvde å kome ut. Synet begynte å bli meir sløret. ”Seljar!” skreik han og begynte å riste ho valdsamt. ”Og eg skal trekkjast ned i denne dritten!” Han feide med armen kring det rotete kjøkenet og dei redde ungane på golvet og ramma ho midt i andletet. ”Eg kan ikkje ta med meg kundar hit! For ikkje å snakke om arbeidsgjevar!” Orda var utydelege no, og ho ble grepe av ein vanvittig trong til le. Kor lengje var det sidan han hadde hatt med seg ein kunde? Eller arbeidsgjevar? Han må ha oppfatta eit glimt av latter i andletet, for han slo enda hardare, så hovudet hennar dundra mot veggjen igjen og ryggjen blei pressa mot vasken. Helen hadde ei svak aning om at ho måtte prøve å stanse han og få kontakt på eit vis… ”Jostein, ver så snill,” begynte ho, ”eg veit du har det vanskeleg no – ” ”Vanskeleg!” ropte han. ”Ja, det er heilt sikkert. Du kan banne på at du og ungane følast som møllesteiner rundt halsen!” Ho kikka ned på vesle Mari som huka seg saman på golvet. Snille, yndige Mari, med dei store, grå auga. Ein møllestein? Plutseleg hørte ho seg sjølv seie : ”Korfor reiser du ikkje frå oss då?” Det var eit falsk mot i den fortvilte stemmen. ”Reise frå dykk?” Det var som om han ikkje fatta kva ho sa. Så demra det for han, og han begynte å le. Det var ein uhyggeleg latter som fekk håra i nakken til å reise seg på Helen. ”Kanskje eg skulle gjere det?” sa han og fortsette å le. ”Det skulle du vel like, kva?” Og då ho ikkje svarte, slo han til ho igjen.

 

Plutseleg gjekk det opp for ho, i ein forunderleg, krystallklar erkjenning, han ville aldri forlate ho. Han likte å ha ein å slå, ein grunn for sitt sinne og sin beiskleik. Han brukte ho og barna som ein unnskyldning for eigne feil og manglar. Han trong ikkje å ta ansvar sjølv. Han kunne berre straffe dei. Dei? Det gjekk opp for ho at borna var i fare. Denne sanninga slo ned i ho idet Jostein rava over golvet og snubla i Mari’s gule løve, som barnet hadde mista på golvet i redsel då ho kraup under bordet. No gjekk han mot dottera med knytte never og sinne i blikket. ”Din helvetes unge!” ”Nei!” skreik Helen. ”Nei, Jostein. Ikkje Mari!” Han hadde aldri slått borna før. Det var alltid Helen han ville skade, Helen han alltid ville audmykje. Men utrykket i andletet hans røpa at all fornuft og forstand var vekk. Ho var redd. Ho bøygde seg og tok den litle jenta i armane. ”Jakob,” sa ho skarpt, ”kom no. No skal dykk i seng, begge to.” ”Ungane blir her!” ropte Jostein. ”Nei.” Svarte Helen og rygga unna, samtidig som ho passa på å ha Jakob bak seg. Jostein velta bordet og rava etter ho. Men han støtte på eit bordbein, stupte framover, og fell så det hagla med glasskår.

 

Vengene slo sterkt i Helens hovud no. ”Fly…fly…fly!” sa dei, og lyden av den sikre, snare flukten deira overdøyvde Josteins stemme. På et eller anna vis, uten at Helen riktig kunne fatte korleis ho var komet dit, var ho ute på gata med Mari i armane og Jakob ved sida av seg, og ho sprang – sprang gjennom den blå september-skumringen. Josteins brølande skapnad blei igjen langt bak dei, i det vesle huset som hadde vore slikt eit fengsel.

 

Og vengeslaga følgde ho mens ho sprang…

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil