Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Den trivelege ulven

Den trivelege ulven

En vri på eventyrsjangeren.

Sjanger
Eventyr
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
24.05.2007
Tema
Eventyr

Det var ein gong ein ulv som budde i eit slott lang frå folk. Hu hadde det koseleg der han var og hadde aldri vore plaga av nokon. Ein dag kom tre brør forbi slottet. Dei skulle på fjelltur, men hadde rota seg bort. Det nærma seg natt, og da dei såg slottet tenkte dei at dette måtte være eit perfekt sted for å overnatte. Dei opna forsiktig døra og gjekk inn.

- Hallo, er det nokon her?

Ropte den eldste broren. Han fekk ikkje noko svar. Så ropte den mellomste broren.

- Hallo, er det nokon her?
Ingen svarte no heller. Så prøvde den yngste broren seg.
- Hallo, er det nokon her?

Då høyrde de rasling frå rommet ved sia av dei. Dei tre brøra blei redde då dei høyrde det. Men bestemte seg for å sjekke kva det var for noko. Først gjekk den eldste broren inn. Idet han gjekk innom dørkarmen hoppa ulven fram og skreik.
- Vart du skræmt no?
Den eldste broren blei så skremt at han hoppa ut vindauget og sprang heile vegen heim til bygda. Så kom den mellomste broren inn. Og det same skjedde med ham. Idet han gjekk innom dørkarmen hoppa ulven fram og skreik.

- Vart du skræmt no?
Og han hoppa ut vindauget og sprang heile vegen heim til bygda.

 

Den yngste var litt nervøs idet han skulle gå inn. Fordi dei andre ikkje hadde kome tilbake. Men uredd som han var så gjekk han inn. Idet han gjekk innom dørkarmen så hoppa ulven fram igjen.
- Vart du skræmt no?

- Nei, eigentleg ikkje. Du er ikkje så skummel.

- Takk, eg har ikkje bestandi vore ein ulv. Eg var den finaste prinsessa i heile kongerike, og hadde hundrevis av friarar. Men då eg sa nei til den ekle trollmannen frå fjellet så gjorde han meg om til ein ulv. Eg prøvde å sei i frå at han gjorde det mot meg, men alle blei så skremt når de såg meg. Så dei forviste meg hit til dette slottet, og her har eg vært i mange år no. Den einaste måten å få meg tilbake er å dra på toppen av fjellet og hente ei trylledrikk. Men problemet er at det er seks dvergar som passar på drikken. Og dei er det ikkje så lett å kome forbi.
- Men eg kan vel prøve.

Sa guten med ein lystig tone i stemmen.

 

Så starta han på ferda opp til dei seks dvergane. Et lite stykke opp i vegen møtte han på ei gamal dame.
- Neimen, er det den karen som er på tur?

Spurte den gamle dama.

- Guten, som ikkje kunne hugse kvar han hadde sett den gamle dama før. Svarte som så at han var på tur opp til toppen av fjellet for å hente trylledrikken som de seks dvergane passa på.

- Det er ingen lett sak. Dvergane er nokon sleipe karar.

Kviskra dama.

- Det kjem nok ikkje til å bli lett. Ta den her du venen min, så skal du sjå at det kan bli litt lettare.

Dama tok fram ein stor pose med popkorn. Det ville lokka dvergane vekk frå hola, viss han la dei i ein sti ned mot bekken.

- Dvergane elskar popkorn.

Forklarte kjerringa. Dei likar den salte smaken på tunga. Dei blir helt gale.

 

Så guten tok med seg både popkornet og råda og tok vegen opp mot hola. Plutseleg såg han røyk frå eit bål oppe på toppen. Han hugsa det den gamle dama hadde sagt og tok til å legge ut popkornet i ein sti frå toppen av bakken og ned til bekken. Etter ei lita stund såg han at dvergane starta å kome, ein etter ein. Dei begynte og sloss om popkornbitane. Han venta til dei hadde gått forbi busken der han satt å gjømde seg. Så hoppa han fram og løp bort til trylledrikken, tok den. Og spurta det fortaste han kunne ned til slottet.

 

- Her er trylledrikken din!

Ropte han idet han kom til slottet. Ingen svara. Å nei, tenkte guten. Da får eg dra heim igjen så, tenkte guten trist. Og guten så aldri ulven igjen, og levde sine dagar som fattig bonde nede i dalen.

Snipp, snapp, snute, så er dette eventyret ute…

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil