Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Guten og kråka

Guten og kråka

Novelle, norsk innlevering i 10 klasse. Om ein gut og ei kråke.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
25.04.2007


Fuglen flaug opp mot morgonhimmelen, på beksvarte vengjer kasta den seg opp mot dei kvite skyene som var som mala på eit blått lerret. Den skreik ut til verda på kråkespråk, som nesten ingen andre enn kråker forstår. ” Eg er fri, eg er fri, sjå på meg for eg er fri!” det skreik fuglen ut til verda, og guten forstod. Den vesle guten forstod orda, men ikkje meininga. Fri?

 

Guten var mørk i huda, men ein kunne eigentleg ikkje sei om det var hudfargen hans eller laget av støv og skitt som dekte han frå topp til tå. Han sprang bortover den aude marka, eller, aude var den eigentleg ikkje. Den var full av andre gutar som han sjølv, det var berre heilt umogleg å få auge på dei der dei låg stille som mus i det lange vest-afrikanske steppegraset. Kvar gong foten hans traff bakken, virvla han opp ei lita sky med støv og sand. Morgonsola skein nådelaust ned på borna, det var allerede gloheitt. Alle borna var kledt i ein anonym brunfarge som liksom gjekk i eitt med mest alt rundt dei. Det var mest den same fargen som dei i vest-europa kallar ’kakibrun’, berre så vidt litt mørkare. Kleda var slett ikkje særleg behagleg å ha på seg, spesielt sidan dei hadde parti som var svarte.


 

Håret til guten var like svart som fuglen han nettop hadde stirra på, fuglen som på ein måte hadde snakka til han, sjølv om han sikkert berre inbillte seg dette. Det var svakt krusa, og kortklipt. Ikkje så kort som det eigentleg skulle være, det var lenge sidan sist hårklipp, og han berre venta på at dei som bestemde skulle kalle inn alle borna ein dag for å klippe det heile bort. Men akkurat no måtte han berre finne seg i at det klødde og stakk på grunn av varmen og støvet. Om han ikkje gjorde som han fekk beskjed om kunne han risikere å bli sendt dit som nokre av dei andre hadde blitt sendt. I bilen, den store skumle bilen.

 

Ein høg muskelbunt av ein mann ropte ut nokre kommandoar, han hadde skuggelue så dei såg ikkje augo hans, men det trong dei heller ikkje. Dei hadde alle saman merka at noko var på gong, noko viktig og kanskje farleg skulle skje. Mannen ropte ut namna på dei som skulle kome til han og guten høyrde sitt eige namn bli ropt opp, ”Nummer sekstiåtte!”, han gjekk med raske steg mot mannen. Mannen som lett kunne skremme livet av ein normal liten guttunge som ikkje var eldre enn elleve år gamal.

 

Kråka skreik, men guten var stille, dødsens stille. Han visste at no var tida komen, det var no dei skulle få bruk for alt dei hadde lært dei månadane dei hadde vore her etter at dei forlot heimane sine og familiane sine. Månadane som sikkert hadde vorte år, han kunne ikkje telje,  guten, så han visste ikkje.

 

Guten var redd, saman med han stod alle dei som han etter kvart hadde byrja å sjå på som brør, gutar som var det same som han var. Redd og trist, uten familie eller venar hadde dei alle komt dit, lenge før den dagen som no hadde grydd var komen. Krigen var rundt dei, som i ein veldig storm som herja utanfor. Borna var i stormsenteret, der er det alltid stille, ingen storm herjar der. I nålauget som også vart kalla nøytral mark.

 

Men no skulle dei alle vekk frå det trygge om enn harde livet dei var så vande med, dei skulle ut i stormen, rusta med våpen for å kjempe mot stormkasta, mot vinden. Det gjorde ikkje mykje om dei vart skadd eller til og med om dei døydde, for dei vaksne var dei ikkje verdt noko som noko anna enn våpen. Ingen forstod at for å verkeleg vinne måtte dei stille stormen, slukke flammen, ikkje gje han meir kraft.

 

Guten gjekk bortover mot bilen med ei alvorleg mine, som svidd inn i andletet hans. Som om han alltid ville sjå slik ut, aldri smile, aldri meir le og være glad. Han tenkte på kråka som hadde skreke til verda at den var fri. Å, alt det han ville ha gitt for å får bytte plass med kråka akkurat no. Men, nei. Det var ikkje mogleg, kven hadde vel høyrd om noko sånt før? Ingen, det var svaret.

 

Dei kom fram til grensa, til grenselandet, ved utgangen frå nålauget. Soldatar var over alt, unge som gamle, og no var det deira tur. Dei fekk klare instruksar, dei skulle krype framover i graset, og vente til dei hadde ei moglegheit til å angripe fiendane. Soldatane i dei raude uniformene var fiendar, frendar hadde kakifarga klede, ikkje blodraude som fiendane. Dette merka guten seg, han fekk eit skytevåpen, det var det han skulle bruke som vern mot verda.

 

Han kraup fram mot eit einsleg tre som stod der så fredeleg midt ute på steppene, einsamt og aleine, akkurat slik guten følte seg no. Kven ville vel merke det om han ikkje kom tilbake? Kven ville vel savne han? Ingen, det var svaret. Sveitta rann i strie straumar nedover panna hans, det var så utruleg varmt, for graset gjorde det slik at ingen bris kunne nå han, og heller ikkje stormkasta.

 

Han såg opp mot den klare himmelen, og vart mest blenda av den flammande kula som hang der og skein så nådelaust, nakken hans verka, der var vondt å sjå opp på denne måten. Da han skulle til å senke hovudet og krype vidare, da såg han skuggen. Svart som natta, flaug fuglen opp mot det blå. Guten såg han, og reiste seg sakte opp. Både kråka og guten skreik ut til verda at dei var fri, men berre ein hadde rett.

 

Den vesle guten på elleve år kjente med eit ei skarp smerte i bringa, alt vart uklart og disigt som i ein draum. Lyset skein ned på han, på det raude, det kakifarga og det brune. Opp mot himmelen på beksvarte vengjer, no var han endeleg fri.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil