Den berbare radiosendaren

En dame på 70 år beskriver mobiltelefoner fra sitt synspunkt.
Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2007.02.22

Ein berbar radiosendar og mottakar, går også under namnet mobiltelefon, eller som ungdomane seier: mobil. Mobiltelefonen; er det eigentleg ein telefon? Eg synest at telefonpreget på mobilane byrjar å bli meir og meir borte for kvar mobil som blir laga. Før var telefonane store kassar som hang på veggen, men no er dei så vidare utvikla at ein kan knappast kjennar igjen ein telefon om ein ville.

 

I gamle dagar hadde vi ikkje så mange telefonar. Dei var meir for dei rike som måtte ha noko å vise fram til sine naboar og vener. No er telefonar, for ikkje å snakke om mobiltelefonar, heilt vanleg. Alle har dei, til og med 9 åringar har  mobiltelefon slik at dei kan ringe til foreldra og fortelje kvar dei har stokke av hen etter skolen.

 

Uansett, tilbake til gamle dagar. Eg kan hugse ein gong da eg var å vitja min besteven Gjertrud. Med ein gong eg kom inn døra til huset deira, blei eg så godt som overfalla av ho Gjertrud. Ho ville tala om den nye telefonen dei hadde kjøpt. Eg skulle få vete om alle funksjonane og alt den kunne gjere før eg drog heim den kvelden. Når eg ser tilbake på dette, så skulle eg gjerne ha vist fram min nye mobil som eg har no. Det var dottera mi som hadde kjøpt den åt meg til min 70 års dag. Det var visst ein sånn her Sony Ericsson M600i. Den er så smal at eg kunne hatt både to eller tre i lomma utan å kjent dei. Jau, berre ho Gjertrud hadde fått sett den, så hadde ho vel fått seg eit sjokk eller to. Den er nok mykje betre enn den gamle kassatelefonen dei hadde den gongen. Og den kan eg love deg ikkje går i nokon si lomme. No når eg snakkar om det, så kjem eg på at eg må vel ta meg ein tur innom ho Gjertrud på gamleheimen i den her veka. Mon tro om ho har fått med seg at Se og Hør ikkje er eit så påliteleg blad som dei vil ha det til. Veit du korleis eg fekk vete det? Jaudå, eg fekk ei melding på den nye Sony Ericsson M600i mobiltelefonen min. Det er der eg får all min informasjon om kjendislivet og om alt som hende i kongefamilien. Enten det har hendt eller ikkje, så får eg det med meg.

 

Men det skal vi no ikkje gå noko nærare inn på no. Eg har jo blitt hyra inn for å skrive ein artikkel om mobil blant ungdomane. Men korleis kan eg vete dette? Eg hadde jo ikkje mobiltelefon da eg var ung, men eg skal prøve mitt beste. For dottera mi kan alt og eg har fått fleire kurs i korleis ho handterer mobiltelefonar og kva ho brukar dei til. Dottera mi meiner at mobiltelefonar kan bli så viktige for folk at dei rett og slett bestemmar for korleis ungdomane levar. Dei må ha med seg mobilen uansett kor dei går og uansett kva dei gjer. Dei klarar seg rett og slett ikkje utan mobilen sitt selskap. Enkelte gonger kan mobiltelefonane bli så viktig at folk må på avvending. Eg har hørt om nokon som har blitt lagt inn allereie, men avvendinga er ikkje komen til Noreg endå. Noreg er alltid litt seine når det gjeld slike ting.

 

No for tida er ikkje mobilar berre mobilar, men dei er mykje anna også. Det er jo blant anna komen både fotoapparat og musikk på dei, og ein kan visst ta bilete for så å føre dei over til ei datamaskin. For meg høyres dette heilt vanvittig ut. Kvifor skal ein ha dei same bileta på datamaskinen, når mobilen no er laga for å ha alt på? Ein treng jo ikkje ha bileta inn på datamaskina, når man kan få både internett og datagreier inn på mobilen.

 

Nokon vil seie at det er særdeles bra å kunne ha med seg heile verda i lomma. Når man sit å ser på mobilen så sei dei at du får med deg heile verda. Det du ikkje ser er den verkelege verda. Den verda som berre føregjeng når man er for opptatt med å sjå på kva mobilen har å tilby. Eigentleg går du glipp av den verkelege verda, men du kan framleis få med deg nyheitene frå den. Du kan til dømes sitte på ein benk på Karl Johan og lese om eit drap som nett hende, men det du ikkje såg var at  drapet forgjekk nokon meter ifrå deg. Det får du ikkje med deg. Du berre les om det som hende etteråt.

 

Mobilbruken hos ungdom kan vere overdriven. Mobilbruken blir det berre meir og meir av, og den verker ustoppeleg.

 

Mobilen kan så avgjort by på problem. Ein vakker dag når du har det travelt kan det meir enn gjerne hende at du sendar ein sånn SMS til heilt feil person, noko som kan bli eit på problem. Du kan ikkje sende svara på oppgåvene til Nøttelørdag til Tippeonsdag heller…

 

No når eg har komen meg igjennom heile denne artikkelen om mobilforbruk, er eg komen fram til ein ting. Eg trur ikkje eg orkar å ta meg ein tur bort til ho Gjertrud likevel. Kan hende at ho også har oppdaga at mobiltelefonane eigentleg ikkje er noko bra, men heller eit brot på av det sosiale liv. Denne spådomen fekk no eg på min nye Sony Ericsson M600i…

 

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst