Menneskesyn i norrøn litteratur

Sidemålsstil om menneskesynet i norrøn litteratur.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2007.01.24

Vikingtida vara frå omtrent 800 til 1030 e.Kr. Litteraturen som finnast frå den tida kan fortelje oss mykje om korleis ein såg på mennesket og samfunnet og kva som var rett og galt.

 

Ættesamfunnet var heilt klart eit klassesamfunn. I isleindingesogene finn vi at det i hovudsak fanst tre typar menneske; det var overklassa, som besto av høvdingar og deira slekter, det var bøndane som eigde eller ikkje eigde jord og det var trellane. Det var høvdingane som styrte, og dei hadde makt over jord, skip og menn. Dei var også religiøse ledare og ledare i krig, som er ein av dei fremste tinga man tenkjer på når man høyrer ordet vikingtid.

 

Bøndane levde altså i ætter. Familien var det som sto i sentrum, og det var det som spilte størst rolle i livet. Gården dei budde på var eit eiget lite samfunn, og man produserte alt man trengde av mat og klær sjølve. Og når man budde saman med alle sine slektningar hadde ein samtidig sosial tryggleik og vern mot fiendar.

 

Trellane blei ikkje behandla som menneske i det heile tatt. Dei vart solgt og kjøpt som dyr og behandla slik som eigarane sjølv bestemde. Trellane kunne også vere folk som var blitt tatt til fange av vikingane på tokt, eller ein bonde kunne bli dømd til trelldom av tinget, altså den tidas ”domstol”, som vedtok lover, løste tvistar og gav dommar.

 

Det norrøne samfunnet var, som mange andre samfunn også no, eit mannsdominert samfunn. Kvinna høyrde til inne i huset, der ho laga mat og passa unger, mens mannen var bonde og dyrka jorda, og dro ofte ut på tokt med dei andre vikingane. Då mannen var ute var det kvinna som fekk ansvaret for gårdsdrifta. I isleindingesogene, som handlar mykje om konfliktar, krig og heltar, forstår ein ut fra skildringane av heltar og andre personar at mannen skulle vere ærekjær, modig og aldri vise svakheit. Kvinna skulle vere sterk og handlekraftig, og gjerne vakker i tillegg.

 

Religion var ein viktig del av kvardagen. Dei dyrka mange forskjellige gudar, som til høves Odin og Tor, og det var ein sjølvfølgje at alle var med i trossamfunnet. I det offentlige ba dei nok til dei større gudane, mens i kvardagen ba og ofra dei meir til den guden dei likte best, eller som passa best til situasjonen dei var i. Odin var krigsguden, og ble bedt til føre krigar og slag. Forholdet mellom menneske og gud var ofte nært, om det gjekk ein ille, ville ein kanskje skulde på guden og sei at det var han som gjorde det slik.

 

Rettssystemet var eit uskrevent system bygd på ære. Ære var ein viktig faktor i samfunnet, ein mann uten ære var ingen å sjå opp til. Ættene plikta å hevne sin slektning om han var blitt fornærma, og mange var listige for å få hevna han best møyleg. Ordtaket "Trellen straks seg hevner, tufsen ingensinne" forklarer at dei som ikkje hevna seg var ærelause, mens trellane, som blei sett på som dumme, hevna seg med ein gong. Dei som venta ei lang stund for så å slå til så hardt som møyleg, var lure. Dei levde etter prinsippet «øye for øye, tann for tann». Isleindinge-sogene har blodhemnstridane som motiv, og blodhemn var ikkje uvanleg å bruke for å hevne ein slektning. Holmgang var også ein måte å løse tvistar på, det var ein slags duell mellom to personar. Vi kan lese om ein slik holmgang i Kormaks soge:

 

Nå blir fellen tatt og bredt under deres føtter. Torgils holdt skjoldet for sin bror og Tord Arndisson for Berse. Berse hogg først og kløvde Kormaks skjold; han hogg til Berse og nådde det samme. Hver av dem hogg sund tre skjold for den annen.”

 

Vi ser at normene i dette samfunnet er bygd på personleg styrke, både fysisk og psykisk, og å sørgje for at man fikk eit godt ettermæle var også viktig. Å døy ærelaus var det verste som kunne skje ein person, og det var bedre å døy ung i kamp med æren i behold enn å dø som gammel og ikkje ha nokon ære igjen. Å holde avtalar var også svært viktig for å bli sett på som ein god person, og å svikte vennar var så klart ikkje akseptert.

 

Det som hovudsakleg skiljer moral og etikk i vikingtida frå dei som gjeld i dag, er vel at vi i dag har ansvaret for våre eigne handlinger, og vi føler oss ikkje plikta til å hevne våre venner dersom noko skjer med dei. God moral var å holde det ein lovte, og vere lojal mot vennar, men ikkje mot fiendar, og det er jo ikkje ulikt frå i dag. I Håvamål (”Den høyes tale”) står det:

 

”Venen sin

skal ein vere ven,

honom og hans ven.

Men med uvens ven

venskap halde

høver kje fagna folk.”

 

Her forklarer Odin, som er taleren i diktet, at ein skal vere venn med sine vennar, men ikkje med sine uvennars vennar.

 

Manns- og kvinneideala har forandra seg; mannen er ikkje lenger ein beskyttar, han treng ikkje vere spesielt sterk eller modig, ikkje kvinna heller. Livet for oss handlar ikkje om kampen for å overleve, i det minste ikkje i Noreg, vi har det trygt og er ikkje redde for å bli drepne av eventuelle «fiendar». Kvinna er ikkje plikta til å vere heimeverande, dei får seg skikkeleg utdanning, og vil skape karriere like mykje som menn.

 

Vi kan altså seie at samfunnet har endra seg ein god del på dei mange åra som er gått sia vikingtida. Og godt er det, vi vil vel ikkje ha eit slikt system igjen som fanst på 900-talet. Men det er vel heller ikkje møyleg no, Norge er ikkje delt opp i mange ulike rike, vi har kun ein konge og ein annan religion enn den som var då. Vikingtida er heilt klart eit viktig kapittel i norsk historie, utan at vi ønskjer å oppleve den sjølve.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst