Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Johan Petter Falkberget (1879-1967)

Johan Petter Falkberget (1879-1967)

Kort om hvem Johan Petter Falkberget var.

Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
03.12.2006


Den norske forfattaren Johan Petter Falkberget, vart født 30. september 1879 på garden Falkberget ved Rugelsjøen i Røros. Han var einebarn, og vart døypt med etternamnet Lillebakken, men skifta dette då han var 14 år gamal. Han vaks opp i ein kristen heim, og vart tidleg ført inn til det åndelege i verda. Faren arbeidde ved gruva Christianus Sextus, og Johan Petter byrja å arbeide der som malmvaskar berre 7 år gamal. Han skifta arbeid til gruvearbeidar same stad som 12-åring, og jobba der til han var 27 år.

 

<bilde>

Falkberget skreiv i nyrealismen, og han skildra særleg det harde livet til gruvearbeidarane på Røros. Han kjende stoffet sitt til botnen, og gjorde mange kulturhistoriske undersøkingar som han innarbeida i bøkane sine. Han brukte særleg verkemiddel som kontrastar, metaforar, humor, og dialogar slik at handlingane i bøkene hans skulle bli meir fulle av liv. Den kristne trua og bibelen er også gjennomgåande i alle verka hans.


 

Johan Petter hadde inga anna utdaning enn folkeskulen, men han kom jamvel langt i arbeidslivet, og gjennom livet jobba han både som redaktør i avisa ”Nybrott” i Ålesund, redaktør i ”Smaalenenes Socialdemokrat” i Fredrikstad og redaktør av bladet ”Fjell-Ljom”.

 

Han debuterte med den vesle boka Når livskvelden kjem i 1902, og etter det gav han ut noko nesten kvert år. Gjennombrottsromanen hans Svarte fjelde kom ut i 1907, og det etter at han hadde skrevet ho elleve gonger! Der skildra han livet til gruvearbeidarane og fjellfolket i Røros, og tok opp mange viktige spørsmål som han også tok opp i seinare bøker.

 

Johan Petter Falkberget gifta seg 20 år gamal (med Anna Marie Skjølsvold), og fekk forfattarstipend frå staten 32 år gamal. Han reiste igjennom Europa, og budde i Italia i 11 år. Han fekk Staten sin diktergasje 51 år gamal (1930), og kom inn på Stortinget for Det norske Arbeidarparti i 1931. Han var ein aktiv samfunnsperson, og han vart utnemnt som æresborgar av Røros Bergstad i 1939.

 

Boka Johan Petter Falkberget er mest kjend for i ettertid, er Den fjerde nattevakt som kom ut i 1923. Den handlar om sterkt kjærleik mellom to mennesker, kjærleikssorg, omgjevnadene si fordømming, menneska sitt kjensleliv og verdien av å ha gode støttespillarar i livet. I tida før han skreiv denne boka gjennomgikk han mange religiøse prøvingar og ein konflikt mellom tro og tvil. Alt dette beskriv han i boka, slik at den blir meir gripande og levande.

 

Alt i alt har Johan Petter Falkberget skrive omlag 50 bøker, 15 novelle samlingar, 2 diktsamlingar, 6 artikkelsamlingar og over 7000 bidrag til dagsaviser og andre tidsskrift.

 

Kjente bøker utanom Den fjerde nattevakt (1923) og Svarte Fjelde (1907) er; Eli Sjursdotter (1913), Lisbet paa Jarnfjeld (1915), Brændoffer (1917), Bør Børson jr. (1920), trilogien Christianus Sextus (1927, 1931, 1935), I vakttårnet (1936) og firologien Nattensbrød (1940, 1946, 1952, 1959).

 

Falkberget fekk ”Hjertenes Nobelpris”* då han var 70 år gamal, og då han vart 84 år fekk han offentleg æreslønn av staten. I 1964, like før han fylte 85 år fekk han Borgardådsmedaljen i gull, som var landets høgaste utmerking.

 

<bilde>
Under 2. verdenskrig var Falkberget sterkt med i motgangskampen mot nazistane, men dette påverka ikkje diktinga hans i noko stor grad, bortsett frå at han etteråt også vart kjend som ”Jøns”, som var dekknamnet hans under krigen.

 

Johan Petter Falkberget hadde ein utradisjonell politisk ståstad teke i vurdering tida han levde i, og han skrev bøker som skildra bergdriftene og samfunnet elles i Røros.

 

Johan Petter Falkberget døydde 88 år gamal, 5. april 1967, og vart gravlagt på kostnaden til staten 10 dagar seinare.

 

 

* Falkberget vart føreslått til Nobelprisen fleire gonger, men fekk den aldri. I 1948 då alle trudde han ville få den, lånte han pengar til nytt hus. Då han ikkje fekk prisen, kom han i naud grunna dei lånte pengane. Ein ven av Falkberget sette dimed i gong ein innsamlingsaksjon, og dei fekk inn 165.000 kroner. Desse pengane fekk han til 70-årsdagen sin (1949), og i ein tale som vart haldt, vart denne ”prisen” kalla ”Hjertenes Nobelpris”.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil