Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Nordsjøfarten

Nordsjøfarten

Om Nordsjøfaren; om de som tok seg over til Storbritannia under krigen.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
03.09.2006


Kva var Nordsjøfarten?
Den såkalla Nordsjøfarten under okkupasjonen av Noreg omfatta både Englandsfarten, dvs. dei som tok seg over til Storbritannia på sivile fartøy av ulike slag, og dei som vart henta av britiske fartøy eller fartøy i britisk teneste.

 

Kor stort var omfanget?
Omlag 5800 personar tok del i Nordsjøfarten. Av desse utgjorde englandsfararane, altså dei som drog med sivile fartøy, omlag 3300. Dei fordelte seg på omlag 300 farkostar. Englandsfarten tok til allereie før kampane i Noreg var over. Forsommeren 1940 og hausten 1941 var dei mest aktive periodane. Dei aller flest drog frå juli til september 1941. Då sette berre frå Sogn- og Fjordane og Hordaland 112 båtar kursen over Nordsjøen. Mesteparten tok seg over til Shetland, nokre også til Orkenøyane. I Englandsfarten var det mest fiskeskøyter av ymse slag og storleik som drog avgarde, men åpne båtar var heller ikkje uvanleg. Til og med robåtar vart brukte


 

Kven var det som drog?
Det var særleg tre fylke som skilte seg ut: Møre- og Romsdal, Sogn- og Fjordane og Hordaland. Dei aller fleste var unge menn, fiskarar, sjøfolk og studentar som ønsket å verve seg til alliert teneste. Om dei er det blitt sagt at dei flykta til krigen. Av englandsfararane var omlag 10% kvinner. Av og til drog óg familier med barn av stad. Dei aller fleste drog frå kysten og øyane. Få drog frå fjordane. Det heng saman med at kyst- og øyfolket var vande med å ta seg over til Shetland frå gamalt av

 

Frå improvisasjon ...
Når det gjaldt Englandsfarten, var dei fleste turane improviserte. Ein eller fleire som ville gjere ein innsats mot okkupasjonsmakta prøvde å kome seg til England, og så snart båtskyss var i orden, drog dei. Kor mange som drog frå kvar plass varierte mykje i dei tre fylka. Nokre stadar langs kysten var prosentsatsen svært høg, medan det andre stadar var nesten ingen som drog.

Det avgjerande ser ut for å ha vore det ein kan kalle den personlege faktoren. Dersom sterke leiartypar drog i veg, utløyste det ofte ein kjedereaksjon, slik at mange følgde etter. Frå Vigra på Sunnmøre drog omlag 70-80 personar frå eit område med 1200 mennesker. Frå Telavåg på Sotra drog 40 ungdomar av ei samla folkemengd på litt meir enn 400.

 

… til organisering.
Etter kvart vart arbeidet betre organisert, både frå norsk og britisk side. Mange motstandsgrupper i det okkuperte Noreg bygde opp eit såkalla eksportapparat, slik at dei som var i søkjelyset til Gestapo kunne kome seg over Nordsjøen til fridomen. Eksportapparatet var både folk som kunne halde dei ettersøkte i skjul, og dei som hadde båt og kunne ta dei over. Steinorganisasjonen i Bergen bygde t.d. ut eit slikt apparart, mellom anna med kontaktar i Telavåg.

 

I britisk teneste
Det varte ikkje lenge før britane tok til å interessere seg for englandsfararane. Det begynte med at enkelte fiskeskipparar, som sommaren 1940 kom til Shetland med flyktningar, vart bedne av britane om å ta med agentar og utstyr tilbake til Noreg. Same haust fekk SOE og SIS hand om mykje av denne trafikken.

 

Basane
Den første norske basen låg i Lerwick på austsida av Shetland. Deretter nytta ein Lunna Voe omlag 50 km nord for Lerwick. Basen vart brukt til å frakte både SOE- og SIS-agentar til Noreg. I den norske avdelinga av SIS kom dei etter kvart til at det var ein risiko for tryggleiken at skøytene til Shetlandsgjengens frakta agentar frå begge organisasjonane, og ein flytta difor basen til Peterhead på den skotske austkysten sommaren 1941.

 

Frå slutten av august 1942 flytta også SOE basen på Shetland. Denne gang til Scalloway, som låg på vestsida, og dermed var mindre utsett for tyske flyåtak. Her var det skikkelig verkstad, og ein slipp vart bygd og opna av dåverande Kronprins Olav. Slippen har framleis navnet hans.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil