Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Jeg velger meg april!

Jeg velger meg april!

Diktanalyse.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Bokmål
Lastet opp
17.06.2000

Dette diktet er skreve av Bjørnstjerne Bjørnson. Bjørnstjerne Bjørnson vart fødd 8. desember 1832 i Kvikne. Han vaks opp på Nesset prestegard i Romsdal. I fem år gjekk Bjørnson på skule i Molde (1844-1849). Han reiste til Christiania i 1850, då var han 18 år. Der ville han prøve seg som dramatikar. Bjørnson vart fort leiar i kampen for eit norsk teater. I 1858 gifta Bjørnstjerne seg med Karoline Reimers. Han reiste fort til utlandet og medan han var i Roma skreiv han mange av sine store verk. I løpet av fem år hadde Bjørnson blitt Noregs store nasjonale diktar. I 1865 var han sjef for Christiania Teater (Til 1867). Politisk var Bjørnson sterkt engasjert i det radikale venstre. Han var med i mange kampar for harmoni, fred, rettferd og moralske normer. Heile hans liv var sterkt prega av dette. Bjørnson fekk Nobelprisen i litteratur i1903. Han vart 78 år og døydde 26. april 1910.

 

«Jeg velger meg april!» vart skreve i 1879. Bjørnson skreiv på den tid mange dikt, skodespel og salmar. Det var på denne tida han braut med trua på kristendommen. Det er kanskje noko av det han ymtar frampå om i desse linjene av diktet: I den det gamle faller, i den det ny får feste; det volder litt rabalder,- dog fred er ei det beste, men at man noe vil. Det tyder at når det gamle blir borte kjem det nye til. Det kan bli litt bråk, men fred er ikkje alltid det beste, men at ein står på meiningane sine. Dette diktet er ei naturskildring samtidig som det fortel oss ein bodskap. Bjørnson fortel om våren, eller om vårmånaden april: I april får det nye feste, knoppane på trea kjem fram. Snøen smeltar fordi våren er sterk nok til å vinne over vinteren. Den nye årstida «stormar» seg fram og våren smiler. Det andre Bjørnson vil fortelje oss med dette diktet er det kostar deg litt å få til noko. Ein må stå på sine eigne meiningar og halde fast på det ein trur på. Det skriv Bjørnson slik: Det volder litt rabalder,- dog fred er ei det beste, men at man noe vil. Bjørnson har sikkert vald tittelen, «Jeg velger meg april!» fordi han likte sikkert April godt sjølv. Han hadde kanskje ei spesiell oppleving med månaden april.

 

Dette diktet er oppbygd slik at det er lett å lese det. Det er eit bunde dikt og det har enderim. Enderima er bygd opp på ein litt spesiell måte. Dei vanlegaste enderima er anten i AABB mønster eller i ABAB mønster, men i dette diktet er oppbygd i ABCBCA mønster. Dette systemet verker slik at A og A rimar, B og B rimar, og C og C rimar. Diktet har Ûg bokstavrim. Du kan finne døme på same konsonant og ulik vokal mange plassar i diktet. Det er flest døme i andre strofe. Slik: Fordi den stormer, feier, fordi den smiler, smelter. Når eg les dette diktet les eg det i ei jambe- rytme. Slik er det både i fyrste og andre vers. Med denne rytma er det lett å lese diktet. Diktet har to strofer som begge er ganske korte. Linjene er oppdelt på ein slik måte at enderima passar med kvarandre. Dette er Ûg veldig viktig for at det skal vere lett å lese diktet. Dette diktet er ikkje av noko spesiell type dikt. Haikudikt er det ikkje, og det er heller ikkje eit eddadikt. Det liknar vel mest på eit kortdikt; diktet er konkret med enkle og tydelege bilete, lydane spelar ei stor rolle, og diktet har rim.

 

Eg valde å skrive om dette diktet fordi eg synest det er veldig fint. April og våren liker eg veldig godt sjølv. Bjørnson har fått fram kor fin våren er på ein god måte, synest eg. Bodskapen i diktet er Ûg veldig fin. Når eg les dette diktet tenkjer eg med ein gong på våren, sola og blomstrane. Det får meg til å vente på våren, men også at eg må tru på meg sjølv og stå på meiningane mine.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil