Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Asia og India

Asia og India

Historie, kultur, befokning og mykje anna generell informasjon om verdensdelen Asia og landet India.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
23.06.2006


ASIA

 

Befolkning

Asia er den største av dei sju verdsdelane, og utgjer omtrent ein tredel av alt landet på planeten vår. Arealet er 44 391 162 km² og folketettheita ligg på omtrent 86 personar per km², dette varierar sjølvsagt veldig på kvar det er, for eksempel i sentrale områder i Japan og India kan det bu over 1000 menneske per kvadratkilometer. Tilsaman bur det omlag 3830 millionar mennesker i Asia, det utgjer omtrent 61 % av heile jordas befolkning, og folketalet i Asia veks med omtrent 1,78 % kvart år. Før var Kina det einaste landet i verda som hadde over ein milliard innbyggarar, men no har faktisk India det også. India og Kina har tilsaman meir enn ein tredel av Jordas befolkning.

 

Geografiske hovudtrekk

Geografisk strekk Asia seg nesten rundt halve jorda. Heile verdensdelen ligg på den nordlege halvkule untatt nokre indonesiske øygrupper. Det nordlegaste punktet på det asiatiske fastlandet er Kapp Tsjeljuskin i Sibir og det sørlegaste punktet er Tanjong Bulus på Malayahalvøya. Asia er er omringa av hav untatt den nordvestlege delen. Det kryr av høge fjell, djupe dalar i Asia og mange verdskjente stadar. Verdens høgaste fjell befinn seg her også, Mount Everest ligg 8846 m o.h. i Himalayafjella mellom Nepal og Tibet.  Jordas største innsjø, Kaspihavet, ligg også i Asia. Kaspihavet er omlag 350 000 km² stort, og innsjøen inneheld saltvatn. Den strekk seg heilt frå Russland i nord til sentral-asia. Verdensdelen har opplevd mange dramatiske situasjonar og kriser. Jordsjelv og vulkanutbrot skjer ofte. Andre naturkatastrofer har også skjedd, for eksempel den tragiske tsunami-ulykka i desember 2004, der over 120 000 menneske vart drept og mange tusen vart skada.


 

Historie:

Asias historie har vore både brutal og imponerande. Dei aller første jordbrukssamfunna vart danna for omlag 7000 år sidan og det var på grunn av desse samfunna at dei gamle kulturane og byane vart danna. India og Kina var dei to største samfunna i Asia og fekk fleire handelsforbindelsar med andre samfunn rundt Middelhavet. Allereie på 1500-talet byrja europeiske land å kolonisere Asia, men Kina og Japan klarte å kjempe seg til å fortsette å vere sjølvstendige statar. Dessverre vart også desse landa tvungen til kolonisering seinare på 1800-talet.

 

Mellom 1911 og 1949 var det mange revolusjonar i Kina, dette førte til at den utenlandske overmakta mista mykje av kontrollen. Mange krigar føregjekk i Kina, dette skjedde også i Japan, men dei møtte eit stort nederlag i den andre verdenskrigen. Amerikanarane slapp den første atombomba i historia over Hiroshima i Japan den 6. august 1945. Med den bomba tok USA 80 000 menneskeliv og skada over 60 000, og gjorde heile området radioaktivt. Dette var eit av hovudgrunnane til at Japan måtte kapitulere i den andre verdenskrigen.

 

Etter den andre verdenskrigen klarte faktisk Japan i løpet av veldig kort tid å byggje seg opp til ein velståande stat med god økonomi. I 1947 vart India eit sjølvstendig land(mykje på grunn av arbeidet til Mohandas Karamchand Gandhi/ Mahatma Gandhi), det vart også Pakistan. I 1948 fekk jødane landet Israel, og det førte til den store Midaust-konflikta mellom Palestina og Israel. Terroristangrep frå begge partar skjedde ofte og skjer fortsatt den dag i dag. Fleire konfliktar oppsto, Korea-krigen og Vietnam-krigen, USA og Frankrike ville fortsette å ha kontroll over delar av Asia. Både Frankrike og USA møtte nederlag i konfliktane, og i 1976 vart Vietnam endeleg samla til eit land igjen. Seinare, i 1979, angreip Sovjetunionen Afghanistan.

 

Krigar har prega verdensdelen lenge, til og med i dag. USA har tatt opp ”krigen mot terror” og dette går mest ut over land i Asia. George W. Bush saman med resten av Amerika , har starta krigar i Afganistan og Irak allereie. Det er såklart ikkje berre desse statane som er mistenkt for terror. Nord-Korea, Iran og Syria er også store ”truslar” i følge Amerikas president og det er ikkje umuleg at krigar i framtida vil pågå mot desse landa.

 

Klima

Klimaet til Asia er veldig varierande. Luftsirkulasjonen og klimaet generelt er sterkt prega av forhold knytta til sjølve kontinentet. Det er stor forskjell på gjennomsnittstemperaturane i månaden i fleire områder. Forskjellen kan vere på over 30⁰ C i eit stort område, medan i dei skjerma dalane som ligg meir aust i verdensdelen kan forskjellen vere på over 60⁰ C. Klimamotsetnadane er også veldig store. I Nord-Asia har ein stor del av verdensdelen tundraklima med permafrost, medan i Sør-Asia kan klimaet vere prega av tropisk regnklima. Områda nær kysten i søraust blir ofte plaga med tropiske stormar i september-november perioda. Tett befolka område kan bli hardt ramma og mange menneske mistar livet. På grunn av lavt lufttrykk, sterk pålandsvind og sterkt regn blir det ofte store katastrofer. Orkanar frå det Indiske hav heiter syklonar, dei frå Stillehavet heiter taifunar.

 

Kultur

Asia er også sterkt prega av kulturar, det eg kome tilbake til lengre ut i oppgåva. Der tek eg utgangspunkt i Indisk kultur.

 

Næringsliv og økonomi

Næringslivet i Asia er veldig variert og pregast av store kontrastar. For eksempel nokre av dei 10 fattigaste landa i heile verda ligg her, og nokre av verdens rikaste ligg her. Bruttonasjonalprodukt (BNP) i mange land er også veldig variable. I land som Bangladesh, Nepal, Laos osv ligg BNP på under 250 amerikanske dollar per innbyggar. Medan i Japan, Kuwait og Forente arabiske emiratar ligg BNP over 20 000 dollar per innbyggar.

 

Etter 1960 – 1970 åra har Asia hatt ei overraskande rask industrivekst. Spesielt i Kina og Japan. Japan har i løpet av dei siste ti åra blitt ei økonomisk stormakt, og i søraust-Asia vaks det fram industriland som med elektronikk, skipsbygging og industrivarer.  Dei viktigaste eksportvarene til Asia er blant anna ris, te, tobakk, bomull og soyabønner. Dette er på grunn av at landa Kina og India har så stort område og eit enormt tal innbyggerar som gjer at dei er dei største produsentlanda for desse varene.

 

Levevis

Det er enorme forskjellar på levevis i Asia, for eksempel i slummane i storbyane finnast det enorme mengder heimlause og tiggarar. Medan mange i blant anna Japan lever som konger på grunn av deira enorme rikdom. Så det er veldig vanskeleg å trekke nokon konklusjon på akkurat dette temaet. Sør-Asia er dessvere prega med mange u-land og menneska som bur der lid på grunn av sult.

 

INDIA

 

Fakta

India, eller Bharat som det også blir kalla, er eit stort land som ligg sør i Asia. Republikken ligg sør for Pakistan, Nepal og Kina, og vest for Burma. Landet har 1 080 264 400 innbyggerar og er den nest størst befolka staten i heile verda, i flateinnhald er India verdens sjuande største land. Landemåla er rundt 3.2 millionar kvadratkilometer og hovudstaden heiter New Delhi. Det er to offisielle språk i India, hindi og engelsk. Engelsken kom under kolonitida, då England var overmakta i India. Folketettheita ligg på omtrent 319,3 pr. km². Dei største religionane i India er hinduisme (80%), islam (12%) og kristendom (2%). Mange religionar som utgjer mindre enn 1% finnast også i India, religionar som buddhisme, sikhisme og janinisme. Mynteinheita i India kallast Rupi og nasjonaldagen deira er 15. august (uavhengigheitsdagen).

 

Geografi

India har eit areal som tilsvarar omtrent ein tredjedel av Europas størelse. Heile landet strekk seg frå dei mektige Himalaya-fjella i nord og omfattar heile Deccanhalvøya i sør. Grensar mot Pakistan, Kina, Nepal, Bhutan, Bangladesh, Myanmar. Sri Lanka ligg veldig nært India i sør på den andre sida av Palkstredet. Nokre øygrupper er også med i republikken India. Andamanane og Nikobarane i Bengalbukta og Lakshadweep i Arabiske hav. India meinar dei eig staten Kashmir i nord, nær Himalaya og Karakorumfjella, men har berre kontroll over delar av staten. Den er delvis invandert av Pakistan og Kina.

India har eit areal som tilsvarar omtrent ein tredjedel av Europas størelse.

 

Historie og kultur

Omtrent 2500 år f. Kr. vart Induskulturen danna i Indusdalen (som no er Pakistan). Induskulturen er ein av dei eldste kulturane i verden vi veit noko om. Ingen viste om denne kulturen før i 1920-åra, då føregjekk det utgravingar i Harappa og Mohenjo Daro. Dei fann skrifter innrissa i huleveggane å det beviste at dei hadde eit skriftspråk, men ingen har til no klart å tyde språket. Det har også blitt funne innrissingar av ein Gud dei tilba, ganske likt med hinduistiske gudar. Mange forskarar trur at opphavet til hinduismen faktisk kom frå Induskulturen.


 

Keisar Kanishka skapte eit ”Stor-India” på 100-talet. Han herska over heile Nord- og Vest-India. Han skapte eit rike som vart eit sentrum for spreiing av den buddhistiske kulturen til andre land i Asia. Omtrent i år 1000 starta den muslimske erobringa av India for fullt, men hinduismen fortsette å leve heilt til den dag i dag. I starten av 1700 talet vil England og Frankrike ha kontroll over India. Etter mange konfliktar mellom dei to landa går britane av med seieren og tek kontroll over store delar av landet. Mellom 1857 og 1859 vart heile India kolonisert av England etter det store Sepoyopprøret. Sepoyopprøret var ein stor protest mot den engelske overmakta og dei ville kvitte seg med dei engelske koloniane. Dessverre førte det til motsatt virkning og India vart totalkolonisert.

 

India vart ein sjølvstendig stat i 1947 på grunn av Mohandas Karamchand Gandhis utrulege friheitsarbeid mot kolonistyret. Han overaska heile verda med å presse ein av verdens mektigaste land med sultestreik og ikkje-valds metoden sin. Han var ein folkehelt i India, men vart drepen av ein fanatisk hindunasjonalist i 1948. Mannen som drap han var ueinig med Gandhis syn på vennskap mellom hinduistar og muslimar.

 

Økonomi, naturressursar og industri

India har hatt ein ekstrem økonomisk framgang dei siste 10 åra. India har verdens fjerde største økonomi, og i 2003 var dei det landet i verda som hadde mest økonomist framgang, det einaste landet som slo India var Kina.

 

Bruttonasjonalproduktet til India er ca. 2900 amerikanske dollar per person. Det er ganske mykje for eit land med over ein milliard innbyggerar. Jordbruket er den viktigaste næringsvegen for dei fleste inderar, men samfunnet pregast av store rikdomsforskjellar. Dei utenlandske innvesteringane hadde ei stor auke dei siste åra, men er små sett i eit større internasjonalt perspektiv.

 

Matkorn teke opp omtrent ¾ av Indias dyrka areal. Der ris er det viktigaste kornslaget og opptek ca 25% av kornarealet. Dyrking føregår mest langs austkysten, Midt og Nord-India. Risavlinga i 1995 var på omlag 81 million tonn. Bomull og tobakk blir det også dyrka mykje av. India er verdens fjerde største bomullsprodusent og verdens tredje største tobakksprodusent.

 

Industrien utgjer om lag 19 % av landets arbeidsplassar og står for 28 % av bruttonasjonalproduktet til India. I perioda 1980 – 1993 hadde BNP ei auking på 6,2 % kvart år, i åra seinare vart auka på over 8 % per år. I utenrikshandel driv India mest foretningar med USA, Japan, Tyskland, Storbritannia og Hong-Kong. India driv også ein stor eksport av slepne diamantar. I 1995 sto diamantar for 18% av Indias eksportdrift.

 

Klima

India ligg i den tropiske og den subtropiske klimasone. Klimaet er veldig påvirka av monsunen.  Om vinteren blir det bygd opp eit stort høgtrykk over Asia (ved den nordlege halvkules kuldepol). Nordaustmonsunen bles over omtrent heile India og ut mot havet. Opp mot Himalayafjellkjeda bles det kraftig om vinteren. Om sommaren er klimaet veldig ustabilt og sørvestmonsunen fører til fuktig luft og det fører til skyer og nedbør.

 

Gjennomsnittstemperaturen for juli er over 30º C lengst nord i landet. Vind frå havet, skyer og lite sol fører som oftast til at juli og august ikkje er like varme som mai. Monsunen er veldig variabel frå år til år, nokre perioder kan det regne dobbelt så mykje som året før, nokre gongar er det meir sol enn aldri før osv.

 

Levevis

Som sagt tidlegare i oppgåva, så er det store rikdomsforskjellar i India. Dei aller fleste av Indias befolkning lev som bønder og lev av korndyrking. Medan andre rikare menneske kan leve som keiserar i sine luksusheimar. Det er slikt i dei fleste land som har vanvittig mange innbyggarar. På same måte som i Kina, Japan, Russland osv.  Tidlegare har India våre prega av hungersnød og overbefolkning, men landet har gått gjennom ein slags ny fødsel. India er blitt eit økonomisk sterkt land og er på god veg til å bli ei ny stormakt.

 

KJELDER
http://no.wikipedia.org/wiki/India#Historisk_kortversjon

http://www.japan.starwarsguiden.net/?id=asia

Aschehoug og Gyldendals Store Norske Leksikon (bok 7 Helm-Is) side 427-455

Aschehoug og Gyldendals Store Norske Leksikon (bok 1 A-Az ) side 530-545


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil