Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eit glitrande tilvere

Eit glitrande tilvere

Om vår tids ekstreme kjendisfokusering. Videre om menneskets søken etter bekreftelse.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
07.06.2006
Tema
Kjendiser

Du har kanskje oppdaga det sjølv, eit forbode sug, eit ubevisst ynske inst i magen om få sjå deg sjølv på ein tv-skjerm ein gong. Det hadde vori kjekt, eller kva? Svirra inn i studioet til Skavlan, i kledd siste kreasjon frå Versace, tatt han nonchalant i handa og trollbunde publikum frå fyrste smil. Og tabloidane neste dag skulle nærmast ha hylla din uimotståelege sjarm og utstråling. Tankar som dette svirar i hovudet medan vi slit oss gjennom nok ein heseblesande Idol-kveld. Vakre menneske, med pene klede og glitrande auge trollbind deg frå tv-ruta til stolen der vi sit,. Hadde det enda vori meg, tenker vi og lar suget i magen ta overhand, ynskja om eit glitrande tilvære lik deira er utan tvil freistande.

 

Vi lever i 2005, eit moderne tusenår der nettopp glitter og glamour er viktige stikkord for menneske over hele verda. Dette gjeld også for alvor i Noreg, framleis eit lite land, men vi har da også fått våre store heimlege idol. Alle er dei vakre og rike og stel forsida på Se og Hør med ein gong dei får ny kjærast eller skil lag. Og fordi vi er eit lite land, trur eg det gjer oss enda meir påverkelege. Magasin på glansa papir med smilande, glitrande, strålande menneske på forsida er kvardagsskost i heimane og dei sel som aldri før. Dette er noko marknadskreftene har skjønt for lengst, og dei satsar for fullt mot alle målgrupper og proppar bladhyllene fulle med glansa papir. Freistande, sjølvsagt. Og vi bit på.

 

Media har omfamna denne såkalla glamourjournalistikken og oppdaterer oss på alle kantar, gjennom tv-ruta, på radioen og ikkje minst ved stadig å trykke artiklar om celebritetar og deira spennande liv. For vanlege, dødelege menneskjer som oss verker dette som uhyre spesielt og vi higar etter å få vite meir om dei. Ein kan spørja seg kvifor. Ein viktig grunn trur eg er dette nemnte ønsket om å vere berømt sjølv, eit ubevisst og forbode ynske om at det er oss sjølv som ein gong skal pryda et magasin eller glitra gjennom tv-ruta.

 

Sjølvsagt er ikkje alle menneske like påverkelege, og ein stor del av oss er fornøgd med det sedvanlige tilværet vårt. Dei unge derimot, er sårbare og uerfarne og omgir seg ofte med eit ubevisst press om å være penast og populærast i venneflokken. Dette er noko media, og da særleg magasinforlaga veit å utnytte. Dei unge blir fora med blad som inneheld artiklar av typen ”korleis bli glam-chic nr 1”, ”stel stilen til Celina” og liknande. Dette går utan tvil inn hos alle og ein kvar.

 

Det ligg i naturen til menneske, dette ynsket om å bli berømt, bli likt, bli beundra. Det er noko vi alle vil, i større eller mindre grad. Å gå ned ein raud løpar, smile det vakraste blenda-smil og vinke til alle fotografane er blitt et allment ynske. Det kunne vori meg, tenker vi og drøymer oss bort. Kanskje melder vi oss på eit eller anna realityprogram i von om å få ein del av kaka.

 

Samfunnet er endra. Mål og ynskjer er utvida og for mange menneskjer er nettopp ynskje om eit glamorøs tilvære lik Celina Midelfarts, stort. I vår vanlege kvardag tillat vi oss meir og meir, kjøpar dyrare klede og høgare sko, skålar i sjampanje i naboens sitt lag, niles artiklar om kjendisane og kanskje ordnar vi oss hårsveis som Jennifer Aniston. Vi treng stadfesting på oss sjølv. Dette er heile forklaringa bak kvifor Se og Hør sel bort hele opplaget og kvifor Idol slår alle sear rekordar. Vi skulle ynske det var oss og samanliknar oss med berømthetane. Og vi håpar, tenkjer stille for oss sjølv at kanskje, ein gong, er det oss dei fyljar dei siste sidene i tabloidane med, oss dei intervjuar på direkten i Tv2. Og resten av verda skulle vilje ynske at dei var like vakre, like glamorøse og strålande som oss.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil