Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Vasshjulet

Vasshjulet

Dramatisk novelle. In medias res!

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Tema
Grøssere


Hjulet snurra mykje fortare nå. Vatnet rant striare og meir kraftfullt. Sola var forsvunnen bak nokre mørke skyer som gradvis inntok himmelen. Men dei hadde ikkje tid til å tenkje på det. Uvêret byrja å rasa oppe i fjella mens tora gav gjenlyd mellom berghammarane. Der oppe blant dei ruvande bergknausane pøsregna det allereie, med det var slettes ikkje Arne og Erik klar over. Vinden tok til med den ustoppelege susinga som gradvis gjekk over til pisking. Med eitt blei dei oppmerksame på vassmassane som kom fossande nedover elva i stadig større fart. Duren av det mektige vatnet var tydelegare nå. I store mengder kom det rullande mot dei der dei stod; på ein holme midt i elva. På grunn av regnet var det nå blitt langt meir vatn i elva, og det var så tidlig som nå for seint å ta seg over til bredden. Steinane dei hadde brukt var nå heilt under vatn. Redsla og uroa breidde seg over dei akkurat som mørkret mørklegg landskap og byar om natta. Gutane berga seg i fyrste omgang opp på ein meterhøg steinknatt som befant seg midt oppå holmen. Men vatnet steig høgare og høgare, samstundes som det drog med seg steinar og sand. Vasshjulet som var så artig var også blitt borte. Regnet piska dei nådelaust i ansiktet og bulderet frå vatnet overdøyvde naudskrika deira. Kor lenge kunne steinen halde dei tørre?

 

«Korleis var det på jobben i dag, Helga?» Erik sin far var komen heim og sat saman med kona si i stova. Han var sjeleglad for at han hadde kome innadørs før uvêret braka laus for alvor. Nå sat han og las i avisa mens han roleg åt kveldsmaten.

 

Men der ute i elva stod dei to gutane og ropte tafatt om hjelp til halsane deira blei hese og såre. Vatnet nådde når som helst høgare enn steinen. Ingen høyrde ropa deira som stadig blei svakare og heile tida med større preg av fortaptheit i seg. Det grusomme veret gjorde at dei fleste haldt seg inne denne kvelden. På ein vanleg dag hadde det ganske sikkert kome nokon forbipasserande på stien, men ikkje i dag. Den stadig aukande angsten og uveret som syntest ustoppeleg sette tårene i gang. Fyrst ein, sidan fleire dropar trilla nedover kinnet til Erik. Berre det verste såg ut til å vera utgangen på denne knipa. Tankane åt Erik var aldeles utan håp no...

 

Asse la brått ifrå seg avisa. Eit snev av usikkerheit la seg over ansiktet hans. «Kvar er Erik?» Det var ein tanke forbausande at Erik ikkje sat framfor fjernsynet på denne tida av døgnet. «Erik er sikkert nede i kjellaren og snekrar. Det er ingen ting å uroe seg over». Nyfiken som Asse var, stolte han ikkje heilt på svaret frå kona si. Han sette i veg ned kjellartrappa overbevist om at Erik nok var der likevel. I verkstaden kunne han ikkje sjå noko spor etter Erik. «Pussig. Erik har nok ikkje vore her, elles hadde alt verktøyet vore framme på benken igjen.» Brått sperra han auga opp. Han hadde lagt merke til teikninga åt Erik...

 

Dei tok lommelykter med seg og byrja å leite langs elvebredda. Asselius, som var hans fulle namn, hadde eit uvanleg nervøst preg over seg no. Han kjende angsten sildre nedover ryggen mens han febrilsk myste etter folk i elva. Kroppen hans var ikkje roleg og avbalansert som den brukte å vera. «Hjelp! Hjelp oss nokon!» Ein av naboane som var med og leita, høyrde tvert ein spinkel gutestemme som tuta svakt og fortvila ute frå elva. Det måtte berre vera Erik. Men korleis i all verda kunne ein gutunge halde seg oppe ute i elva? «Hald ut, Erik. Hjelpa er undervegs!» Asse utpeika seg sjølv den som skulle fare ut i elva og sjå etter dei. Han vassa utover mot steinen med tauet rundt seg mens vatnet rant stritt rundt han. Vatnet nådde han etterkvart til magen. Mannfolka som stod i andre enden hadde ingen lett jobb. Ei kort stund kunne ein verken høyre eller sjå noko, men plutseleg såg dei han koma med ein skjelvande liten bylt på ryggen. Etter å ha fått Erik vel i land blei Arne også henta. Dei var alle letta over å ha berga dei to gutane.

 

«Eg undrast på om eg skulle laga ein vêrhane? Eller kanskje eit vasshjul? Eg trur det ville vera best med eit vasshjul, for vinden bles ikkje alltid, men i elva er det støtt vatn.» Omtrent slik var det Erik tenkte. Han gjekk i fjerde klasse og dreiv støtt på med eit eller anna, og han var stolt når han kunne visa kameratane sine noko som han hadde snekra saman. Faren hans var ikkje alltid like begeistra for denne snekringa, for Erik hadde ei dårleg vane: Han slurva med å leggje verktøyet tilbake i verktøykassa i kjellaren. Asse hadde til og med sagt til Erik at det kanskje var best at han slutta å bruka verktøyet åt faren. Tenk om kjellardøra blei låst for han ein vakker dag!

 

Då Erik denne morgonen sprang nedover kjellartrappa, håpa han at døra heller ikkje denne gongen var låst. Men døra sto ikkje open som den brukte å gjera. I staden var det festa ein liten papirlapp med ei teiknestift på den. «Hugs det eg har sagt, Erik. Pappa.» «No blir det ikkje noko vasshjul,» tenkte han nedbroten med seg sjølv. Og skuffa stakk han hendene djupt ned i lommane og hang med hovudet. Misnøyen lyste ut frå han. Då han på veg tilbake nådde det siste trinnet i kjellartrappa, stoppa han brått og sa halvhøgt til seg sjølv: «Hugs kva eg har sagt...» Men då er kanskje døra likevel ikkje låst!

 

Med ein stor, raud tømmermannsblyant teikna Erik eit stort vasshjul på ei skriveblokk som faren alltid hadde liggjande på høvelbenken. Nokre tal teikna han også ved sida av skissa. Han hadde ikkje peiling på kva dei skulle vera for, men han hadde sett faren gjera det. Då skulle det vera slik. Etter ei god stund med snekring var hjulet ferdig. Vel tilfreds med seg sjølv hang han opp verktøyet slik faren hadde sagt og tok kortaste vegen ned til elva.

 

«Arne!» Midt i elva var det ein liten holme, og der stod Arne, klassekameraten hans og leika med nokre steinar. «Korleis i all verda har du kome ut der, Arne?» «Det var ikkje noko problem, det. Der borte ligg et to store steinar i vatnet. Dersom du gjer eit par lange lopp, går det lett å komme tørrskodd ut her.» Vel ute på den lille holmen prøvde dei det nye vasshjulet. Det virka som det skulle og dei var både svært opptadde...

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil