Norrøn mytologi

Gjennomgang av den norrøne mytologien.
Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.05.29

Den norrøne tida reknar me frå ca 700-1370. I denne tida var det norrøne språket utbreidd over land som Noreg, Shetland, Færøyane, Island, Grønland, Orknøyane, Hebridane, Man og delar av Skottland og Irland. Etter den katastrofale svartedauds tida blei trua til dei nordiske folket stadig meir utkonkurrert med kristendomen, men det fanst framleis ”syndarar” som dyrka dei norrøne gudane. Desse blei dessverre straffa med bøter til kyrkja.

 

Dei oppfatningane dei nordiske folka hadde om verda og gudar, jotnar, alvar, menneske og andre skapnader, blir kalla den norrøne mytologien – vikinganes religion. For å kunne forklare verdsbiletet, må me sjå på korleis det heile oppsto. Heilt ytst låg det djupe verdshavet. I dette havet ”ruva” Midgardsormen, men dette var ikkje ein vanleg orm. For denne ormen nådde nemleg rundt heile jorda og kunne bite seg sjølv i halen! Langs strendene ved det store havet låg Utgard – jotnanes bygder. I denne frosne øydemarka fanst all verdas ekle skapnader som rimtussar og vetter. Mot nord i Utgard, låg Jotunheimen, som var heimen til jotnane, vondskapens representantar i den norrøne mytologien.

 

I følgje den norrøne mytologien oppsto det eit tomrom før verda blei skapt, som fekk namnet Ginnungagap – det store svelget utan botn. Gapet låg mellom to verden: kulde- og tåkeverda Nivlheim i nord og ildverda Muspelheim i syd. Der ilden og frosten møttes, byrja isen å smelte og dryppa. Av dråpane oppstod det liv, og dei voks seg til det enorme tvikjønna urvesenet Yme, som livnærte seg av melka til urkua Audhumla. Ein dag Audhumla slikka i seg salt frå nokre steinar, kom eit hår til synlegskap. Andre dagen blei eit mannshovud synleg og tredje dagen kom heile kroppen fram. Og slik kom Bure, som var stamfar for gudanes – æsenes – ætt, til verda.

 

Jotnane derimot, blei til ved at jotunen Yme avla barn med seg sjølv. Historia skal ha det til at medan han sov, byrja han å sveitte. Av sveitten i den venstre armhola voks det fram ei kvinneleg og ein mannleg skapnad. Ikkje nok med det. Den eine foten til Yme fekk ein son med den andre!

 

Det siste gudane skapa, var menneska. Ein dag Odin, Vile og Ve kom vandrande langsmed stranda, fann dei to trestammer, ein ask og ein alm. Odin blåste livets pust i desse trestammene, medan Vilje gav dei forstand og rørsle. Form, tale, høyrsel og syn gav Ve dei, og til slutt utvikla desse trestammene seg til menneske, ein mann og ei kvinne. Mannen kalla dei Ask og kvinna Embla.

 

Verda er nå fullverdig, men den er dessverre full av fiendskap og ufred. Særleg utgjer jotnane ein trussel mot menneska, og på grunn av dette bestemm gudane seg for å leite etter noko som kan verne dei. Dei kjem over Ymes bryn og augevipper og av dette bygger æsene eit festningsverk. Bak festningsverket oppstår menneska sin heim – Midgard.

 

Midt inne i Midgard, finn me Åsgard. Dette er bustaden til æsene og åsynjene, dei me i dag kallar dei norrøne gudane. I den norrøne førestillingsverda var det nettopp desse som hadde den høgaste rangen; dei var gode og hjelpte menneska med å verne dei mot jotnane. Faktisk var det desse som skapa brua mellom æsene og menneska som fekk namnet Bifrost, som me i dag kjenner som regnbuen. Buen som kjem til synes med dei utallige flotte fargene.

 

Eit tre som spela ei svært stor rolle i den norrøne verda, var livstreet Yggdrasil som stod midt i Åsgard på Idavollen. Dette treet var alltid grønt. Kvifor dette treet var slik spesielt, skjønar ein då ein får høyre om dens tre røter. For det var nettopp desse røtene som haldt verda saman; den eine rota var hos æsene i Åsgard. Under den var Urdarbrønnen. Den andre rota var hos rimtussane, og under den fann ein den vise jotunen Mimes brønn. Den tredje og siste rota finn me i Nivlheim, hos ormen Nidhogg.

 

Åsgård omfattar også Valhall. I følgje Snorre Sturlason blei Valhall beskriven som ein eventyrleg høvdingsal og krigersk kongeborg, som hadde eit tak som var dekka av gylne skjold. Alle einherjarane som hadde falle i kamp kom til Valhall for å fortsette sin idrettar, kampar og drikking frå jorda – til Ragnarok. Snorre fortel om einherjarane: ”Hver morgen tar de rustningane på, går ut på tunet og kjemper. Den ene feller den andre; det er sporten deres. Senere vender de hjem til Valhall og setter seg til drikkelaget.”

 

Valhall var ganske så stor. Dette skjønar ein når ein får høyre at Valhall har 540 dører, som kvar var rekna for 800 mann på same tid. Snorre fortsett: ” Men det kan aldri bli så mange samlet i Valhall at galten Særimners flesk ikkje er nok til alle. Den blir kokt hver dag, men den er like hel og levende hver kveld. Kokken heter Andrimne, og kjelen Eldrimner. En geit som heter Heidrun står på taket av Valhall og spiser løv av grenene på det berømte Lærad(eit anna namn på Yggdrasil), og av dens jur flyter det mjød som hver eneste dag fylles i en kumme. Det er så mye at einherjane blir godt drukne:”

 

Ein sit kanskje med den oppfatninga av at livet var ein dans på roser for gudane, men dette stemmer ikkje. Det finst ein undergong, og denne heiter Ragnarok Årsakene til undergongen var: 1. Mor til Odin var ei jotunkvinne(hadde altså vondt blod.) 2. Mykje løgn og uvennskap også mellom gudane. 3. Midgardsormen, Fenresulven og jotnane skapte heile tida uhygge.

 

Som følgje av Ragnarok, kjem Fimbulvinteren - den store vinteren som varar i 3 år utan sommar imellom. Rett og slett ei heilt ubegripeleg årstid fylgt av det minst tenkjelege ein trudde kunne skje. For nemleg i denne perioden kjem snøen frå alle himmelretningar, vinden bles og kulden bit. Blant anna fangar ulven sola og sluker den, Fenresulven ryk seg laus frå bandet sitt og Midgardsormen vrir seg i sinn og fører til at havet blir skylt over land.

 

Så kven er det som kjempar for verda? Jo, dette er nettopp gudane. Dei gjer seg no klare til kamp og slaget som fylgjer er fylt med gru og drap; Odin blir slukt av Fenresulven, men sonen hans drep ulven etterpå. Tor drep Midgardsormen, men døyr av ormens gift. Verdstreet står heldigvis stødig, men jorda går under. Opp kjem ei ny jord – grøn og fruktbar: Ein mann og ei kvinne kjem til, men det lurar farar då ein mørk og glinsande drage med lik i fjæra slår seg ned. Ny dommedag?

 

Den norrøne mytologien var polyteistisk, det vil seie at det eksisterte fleire gudar, æser. Den mektigaste av æsene var Odin.(den einøygde). Han var den som skapa verda og gav liv til menneska. Odin hadde to koner, Jord og Frigg, og mange av sønene hans er blant dei viktigaste av gudane: Tor, Balder, Vidar, Våle, Heimdall og Brage.

 

Den sterkaste derimot, var Tor, sonen hans. Han var herre over ver og vind, og æsenes fremste vernar mot jotnane. Det han blir hugsa for, er nok hammaren hans, Mjøllne. Kasta Tor han mot noko, trefte han alltid målet og vende sidan tilbake til handa til Tor.

 

Me har også andre viktige gudar: Frøya, frævleikens gudinne, blei påkalla ved kjærleikshøve; ved graviditet og fødsel, Loke, den norrøne ”narrarguden” som sto for flest ugjerningar, og Balder som var guden av lyset, våren, freden og gleda.

 

I dag ser me på 2 bøker som svært viktige for den norrøne mytologien; Snorre Edda og Den eldre Edda. Snorre Edda var ei handbok i gudelære og skaldskap som blei skriven av Snorre Sturlason. Denne boka spela lenge ei særs viktig rolle for norrøn gudelære heilt til 1643, då ein islandsk biskop fann ei gamal skinnbok med eit merkeleg innhald. Innhaldet omfatta omkring 30 dikt om gudar og heltar. To av desse var gudedikta Voluspå og Trymskvida.

 

Til og med i dag lev endå den trua dei nordiske folka hadde. Ein held ein liten knapp på det ein har høyrt og blitt fortalt. Ser ein på stadnamn, så er det mange av desse som stammar frå dei norrøne gudane og dyrkinga av desse. Dei gudenamna som me oftast finn i norske stadnamn er Tor, Frøy, Frøya og Ull. Dette tyder å at det var desse som blei dyrka mest. Også vekenamna ber preg av norrøn gudsdyrking; både onsdag, torsdag og fredag har utgangspunkt i kjende gudar frå norrøn mytologi.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst