Fuglane, et referat.

Referat av Tarjei Vesaas' Fuglane, samt en noe dristig tolkning.
Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Tema
Fuglane

Fuglane er ein roman skreve av Tarjei Vesaas. Han blei utgjeve for fyrste gong på Gyldeldal i 1957. Den har seinare kome ut i fleire opplag.

 

Handlingsreferat

 

I

 

Boka handlar om Mattis og systera hans, Hege. Mattis er nærmare 40 år, medan Hege er litt over 40. Dei bur i ei bygd på ein uviss stad i Noreg. Det lille huset deira ligg eit stykke frå dei andre husa i bygda, så det er sjeldan det kjem folk til bustaden deira, om lag like sjeldan som Mattis eller Hege vitjar dei andre i bygda. Det er med andre ord berre dei to for det meiste, og slik har det vore sidan faren døydde i ei arbeidsulykke for ganske lenge sidan. Mora er og dau. Hege står for hushaldet si einaste inntek, som kjem frå koftene ho sel.

 

Mattis har ein draum der han er sterk, skarp og har dame. Det er desse 3 tinga Mattis ynskjer seg. Ein dag legg Mattis merke til eit rugdertrekk som går over huset. Det tolkar han som eit teikn på forandring, ei forandring som vil føre til at tinga i draumen blir oppfylte. Han fortel det til Hege, men ho legg ikkje noke i det, og Mattis reagerer med sinne og fortviling. Mattis drar så ein dag inn til bygda for å finne seg arbeid, noke ein mann på ein gard gjev han. Medan han står og tynnar turnips blir han fascinert av eit ungt kjærastepar som og jobbar i åkeren. Arbeidet fiksar han dårleg, usikker og redd som han er. Dei går for å ete mat som kona til mannen har laga, og etter maten blir han sittande igjen å prate med kvinna. Han fortel om draumen og rugdetrekket, og spør og ”kvifor det er slik?”, altså kvifor han er ein tust som folket i bygda kaller han.

 

Ein dag merkar Mattis rugda har prikka teikn inn i sanda, noke han tolkar som fugleskrift og skriv tilbake. Slik kommuniserer Mattis med rugda. Dei dagane rugda ikkje flyg over huset eller har skreve svar til Mattis ottast han mykje for ho. Ein dag kjem ein jeger forbi og spør om det er sant at det går eit rugdetrekk over huset. Mattis skjønner for seint at jegeren skal skyte rugda, og svarer lykkeleg over at noken bryr seg ja. Jegeren skyt rugda som Mattis finn før han, og like før ho døyr ser ho Mattis i auge. Mattis gravlegg ho under ein stein.

 

II

 

Mattis er ute og fisker då han sovnar i båten, og då han vaknar er båten halvfull av vatn. Han klarer med naud og neppe å få båten inn til ein holme, der han bind han fast i foten og sovnar igjen. Han vaknar av at to unge kvinnelege turistar har kome til holmen. Han pratar lenge med dei og har kontroll gjennom heile situasjonen, mykje fordi dei ikkje veit at han er tusten. Han ror dei til brygga, der alle får sjå kva han har gjort. Ein dag blir ei av dei to ospene som Mattis assosierer med han og Hege råka av lynet, og Mattis meiner det er Hege som er råka, og lurer svært på kva følgar det kan få.

 

III

 

Så blir han fergemann, ein jobb som går ut på i å frakte folk over vatnet. Fyste dagen ror han fram og tilbake over vatnet, heilt til seint på kvelden. Da kjem ein mann på andre sida som vil ha skyss over. Mattis tek tømmaren Jørgen over vatnet, og Jørgen får bu hos Hege og Mattis over natta. Det som no skjer er at Jørgen byrjar å hugge trær i skogen i bygda, medan han blir permanent buande hos Hege og Mattis. Mattis fortsetter som fregemann, utan kundar, medan Hege og Jørgen blir samans. Jørgen tek Mattis med i vedskogen for å lære han å hugge tre, men Mattis berre et fluesopp. Alt i alt gjer Jørgen ein heil del ting for Mattis, men misunninga på Hege og Jørgen overskygger alt. Det heile byggjer seg opp til eit høgdepunkt, der Mattis testar seg sjølv. Han ror ut på vatnet og senkar båten for å prøve å symje til land ved hjelp av dei to årene.

 

Mattis

 

Mattis er tilbakeståande, men han er klar over sin tilstand. Dette kjem klårt fram gjennom at han synsast alle andre er skarpe; han veit at han blir kalla tusten og han spør ei kvinne kvifor det er slik. Han er lat, og ekstremt misstenksom overfor alle andre; usikker med andre ord. Han liker naturen og forstår den godt, og han tolkar forandringar og hendingar i naturen over på sitt eige liv, noke eg skal kome tilbake til. Det er 3 ting Mattis ynskjer skal hende. Han vil bli sterk, så sterk at han kan sprenge skjorta. Av dette kan ein tolke at han vil vere i stand til å arbeide som dei andre i bygda. Når Mattis gjer anna arbeid enn å ro, går tankane lett i surr for han, slik at han ikkje kan kontrollere hendene sjølv om han veit korleis det skal vere. Blant anna difor vil han blir klokare, eller skarp som Mattis sjølv seier. Han er utan tvil klar over det faktum at han er tilbakeståande, og påpeker om stort sett alle han møter kor skarpe dei er i. Han måler og skarpheitsnivået i sine eigne utsegn, og er medviten på om det han seier er skarpt eller teit. Når han seier noke han sjølv synst er skarpt, forekjem det for meg som eit utsegn ein kan forstå på fleire plan, altså eit poetisk og ”dypt” utsegn. Eg er av den oppfattning at Mattis ikkje er meir tilbakeståande enn ein normal person med karakteriatikken litt kort, problemet er berre at han ikkje klarer å gjere tankane om til handling. Eg kjem nærmare inn på dette på slutten av referatet. At Mattis ynskjer seg ei kvinne er naturleg; han er mann, 38 år gamal og han ikkje rørt eller omgått anna hokjønn enn syster og mor si. Han har same trong som alle andre. Som nevnt tidligare har Mattis eit spesielt forhold til naturen, og etter draumen der han er sterk, skarp og imponerar ei kvinne, kjem rugda. Mattis tek det som eit teikn på forandring. Dette er det fyste eksemplet me får på det sentrale i Mattis si utvikling. Mattis ynskjer ei forandring, og han finn teikn på dette i naturen og i hendingar. Når ei av dei to ospene blir truffet av lynet, tek han det som eit teikn på at enten han eller Hege vil bli utsett for noke fælt. Etter møtet med dei to damene på holmen ventar han forandring, og når han har byrja som fergemann skal ting bli betre. Diverre for Mattis kjem ikkje forandringa, eller det som skjer er at Hege og Jørgen blir samans, og Mattis føler han mistar Hege. Alt vonbrotet fører til slutt til at Mattis vil lage ein stor test for seg sjølv, for å skape forandringa som ikkje kjem av alt det andre som har hendt. Eg meiner med andre ord at Mattis ikkje utviklar seg nemneverdig i løpet av boka, men at det er mangelen på utvikling som er sentralt. Han blir berre meir og meir frustrert ettersom det ikkje skjer noke, og når forandringa endelig kjem, er den negativ i høgste grad for Mattis.

 

Kva fortel Vesaas

 

Det eg trur Vesaas vil fortelje oss med romanen, er at det ikkje er Mattis som er tusten, men alle oss andre. Ikkje i den forstand at Mattis ikkje er teit, det er sjølvsagt, men i måten han ser etter teikn på forandringar. Vesaas bruker ein tilbakeståande person for å gjere fortelinga interessant. Hvis han hadde brukt ein vanleg mann ville lesaren reagert med å sjå på personen som passe gal og paranoid, men med Mattis har alt si naturlege forklaring i at har er tilbakeståande. Det eg oppdaga etterå ha tenkt meg litt om var at det Mattis gjer i sin søken etter forandring ikkje er noke anna enn det me vanlige menneske gjer. Dette er vanskelig å forklare men eg skal gje eit eksempel for å prøve. Når eg for fyrste gong hadde vore samans med ei jente trudde eg at det ville bli mykje lettare å få tak i fleire jenter etter det, noke det ikkje blei. Me leitar etter teikn eller hendingar som vil føre til endringar i liva våre, og finn dei ofte, men forandringane utblir ofte. Det handlar og om å bryte barierer, som Mattis vil gjere då han skal gjennomgå den store testen. Dette er eit ekstremt eksempel, men det kan trekkjast paralellar til ”våre vanlige liv”. I og med at det er ein tust som gjer dette i romanen, får Vesaas oss til å tenke over kor normale våre eigne tankar er, tankar som me ikkje diskuterer eller fortel om til andre menneske.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst