Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Bunaden

Bunaden

Har skrevet en stil på nynorsk om bunad. Er egentlig et lite kåseri.

Karakter: 5/6 (GK allmenn)

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
21.03.2006

Navnet bunad kjem av norrønt «búnaðr» som betyr ”utstyr til hushald” eller ”klede”. I Noreg finst det kring 200 ulike sortar av denne drakta – kvar med sin eigen bakgrunn og opphavsstad. I Setesdal, Hallingdal, Hordaland og deler av Telemark var bunadene i dagleg bruk heilt til etter andre verdskrigen. Dette meiner eg seier noko om kor viktige dei er og har vore.

 

Kvar gong eg høyrer ordet bunad, får eg eit bilde i hovudet mitt. Eg får litt sånn mjølkesjokolade-reklame-tankar – ja, du veit; innpakkinga på Freia-sjokoladen – kyrne som beitar om sumaren, budeia ikledd bunad og med eit mjølkespann i kvar hand. Eg trur du skjønar kva eg meiner! Alt er så romantisk, naturleg og flott. Så reint på ein måte. Det er nesten så eg kan kjenne lukta av det grøne graset og høyre rautinga frå kyrne.

 

Eg tenkjer sjølvsagt på 17. mai òg. Denne festdagen vi så stolte feirar kvart år. Då er det på med bunader enten det er regn eller sol. Inga bøn. Stakk og liv og skjorte og søljer og heile sulamitten. Ingenting skal overlatast til tilfellet denne dagen, nei! Ein lang dag med paradesjåing og tivoli set alltid sitt preg på finstasen – ketchupflekkar frå den vasstrokne hot dogen som vart fortært, restar frå softisen du berre måtte ha, og sjølvsagt har rømmegrauten òg fått lov til å ”piffe opp” antrekket ditt.

 

Bunadane vert jo nytta ved alle moglege høgtidelege tilstellingar, til dømes bryllaup og konfirmasjon, og for all del – til allereie nemnde – 17. mai. Bunadene er utsmykka med vakre broderingar og utrøkte detaljar – og så godt som alt er handarbeid. Er det rart at dei vert brukte som festplagg? Dei er jo rett og slett nydelege!

 

Personleg har eg ein bunad i frå Sogn med raudt, blome-brodert liv og ullforklede. Ja, og så har eg søljer og alt anna som høyrer med. Eg synest den er så fin! Og det trass i alt strevet det er med å ”skvise” den på. Mor mi og bestemødrene mine har sognebunad dei òg. Det er liksom tradisjon i min familie, kan du seie, sidan slekta mi eigentleg har sitt opphav i Sogn og Fjordane. Merkeleg nok har ingen av mannfolka her i huset bunad – uvisst kvifor – det berre er sånn!

 

Eg synes eigentleg det kan vere like stilfullt med bunad på menn som på kvinner. Med skjorte og vest, nikkers og sokkar. Men eg trur det er litt sånn i dag, at især menn skal la vere å gå med bunad. Det høyrer på ein måte damene til. For mi del burde både menn og kvinner – og born då sjølvklart – bruke bunader. I alle fall på 17.mai, det skulle nesten vore påbode!

 

Alt i alt er eg glad for at vi har bunaden her i Noreg. Ei stolt nasjonaldrakt som er eit kjenneteikn på det norske folket. Den kan vi sprade rundt i og vise alle og ein kvar at vi, vi er menneske frå det vesle landet i nord!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil