Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Skolegutt" av Laila Stien

"Skolegutt" av Laila Stien

Tolking av novella "Skolegutt" av Laila Stien.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
02.02.2006
Tema
Skolegutt


Laila Stien er ein novellist og lyrikar. Ho hentar stoffet til tekstene frå samisk miljø. Stien skriv eit konkret kvardagsspråk der ho får sagt mykje med få og enkle ord. Ho har også redigert antologiar med samisk litteratur, og oversatt ei rekkje tekster frå samisk til norsk.

 

Teksta handlar om ein liten samisk gut som heiter Mattis. Mattis går på ein norsk internatskule. Han strevar med å forstå kva læraren seier på norsk sidan dei snakkar samisk heime. Han lærer seg etterkvart fleire og fleire ord, men tør ikkje å seie så mykje, da han er redd nokon skal le av han, eller at læraren blir sint viss han ikkje forstår alt rett. Læraren seier at han må lære seg norsk, noko han treng for å bli vaksen og klare seg. Mattis lurer på korleis foreldra kan klare seg. Dei er vaksne, men han har aldri høyrt dei snakke norsk.

 

Kvar fredag får dei reise heim. Dei har det artig saman på skulebussen som tek 2 timar. Heime fortel han kva han har lært på skulen, men korkje Mattis eller foreldra hans tykkjer at han lærer noko nyttig på skulen. Han lærer ikkje korleis han skal drive rein, eller korleis han skal greie seg sjølv på fjellet.


 

Det kjekkaste Mattis veit om er å vere saman med familien og reinsdyra i helgene og sommarferien. Om vinteren likar han godt å køyre scooter, og han har sine eigne reinsdyr. Han hjelper faren mykje og får stort sett skryt, men ei helg går alt galt når Mattis skal hjelpe faren, og han blir frykteleg lei seg.

 

Helga tar slutt og Mattis reiser tilbake til skulen igjen. Det er trist å dra, men han blir glad når han treffer igjen dei andre på skulebussen. Mattis er glad i å rekne og tykkjer det går fint, men når han blir bedt om å seie høgt fadervår i klassen er det ikkje like lett. Han seier fadervår slik han har lært det, på samisk. Men då stoppar læraren han og seier at han skal seie det på norsk. Dette greier ikkje Mattis, kor mykje han enn strevar og prøver. Så tenkjer han på kva presten har sagt: Gud skjønar alle språk, så difor seier han fadervår på samisk. Læraren står berre der, og til slutt seier han: - ”Takk, takk, det … er bra.” Han har skjøna at Mattis kan alt læraren ventar av han, berre at Mattis kan det på samisk.

 

Dette hender på ein norsk internatskule om vinteren, truleg i siste halvdel av førre århundre. I historia blir det veksla mellom to forskjellige miljø. Det er miljøet på skulen me får vite mest om sidan mesteparten av handlinga tek plass der. Det andre sosiale miljøet er det samiske miljøet kor Mattis lever.

 

Mattis er hovudpersonen i denne historia. Han er ein samisk skolegut som er ca. 8-9 år gamal. Mattis er ein tenksam kar, og gjennom tankane hans får me eit sterkt inntrykk av korleis han sjølv opplever skulen. Han kjenner seg utrygg når alt skal gå føre seg på norsk, som han ikkje skjønar. Han er og redd for å seie noko. Hans far og mor er vanlege småkårsfolk som driv med reinsdyr. Dei tykkjer ikkje noko særleg om den norske skulen, tykkjer ikkje at Mattis lærer det han skal om rein, og at det er mest umogleg å bli god med reinen når han er så mykje borte på skulen.

 

Læraren vert framstilt som ein ”stor og sikkert veldig sterk” person. Det høyrest ut som han er av den strenge sorten, ”-Videre! Lærerens stemme er skarp.” ” - På nytt fra begynnelsen!” Men eigentleg trur eg han er snill og god inni seg. Dette speglar seg i det læraren seier heilt til slutt: ”- Takk, takk, det… er bra.”

 

Bussjåføren ”Sjåfør-Niilas” køyrer skulebussen to timar kvar veg i helgene. Han verkar som ein streng bussjåfør som ikkje skjønar at ungane treng å slå seg litt laus etter ei heil veke på skulen.

 

Teksta er delt opp i tre hovudavsnitt. I byrjinga er Mattis på skulen, seinare er han med faren og ser etter reinen, og til sist høyrer me korleis han på skulen blir høyrt i fadervår. Teksta er ei kronologisk tekst som byrjar in medias res. Spenningskurva er på topp når Mattis skal sei fram fadervår på norsk, og forteljinga får ein fin slutt når læraren let Mattis seie fadervår på samisk, og læraren seier at det er bra. Det er som om Mattis får rett. Det er ei levande scenisk framstilling av kor vanskeleg det er for samiske born å ha skule på norsk. Dei kjem inn i ein stor konflikt med heimemiljøet sitt, og med den samiske kulturen.

 

Me opplever historia gjennom kva Mattis gjer og tenkjer. Mattis gir uttrykk for det forfattaren sjølv meiner om at sameborn skal ha skule på norsk. Difor er det ei tredjepersons- forteljing med personal synsvinkel.

 

Forfattaren fører eit enkelt forteljande og skildrande språk som gjev ei sterk innleving i situasjonen. Dette er med på å gi oss lesarar eit større inntrykk av kven det eigentleg er me opplever historia gjennom, det er Mattis, ein liten skolegut. Difor skriv forteljaren som om det var eit barn som tenkte desse tankane. I teksta er det og eksempel på inversjon, ”Alltid, alltid må de synge”, og polysyndetisk setningsbruk, ” … sitt stille og gå ut og reis opp og kritt og enda mye mer.” Dette er med på å uttrykke at det er eit born historia handlar om. Teksta inneheld og mange ufullstendige setningar.

 

I siste delen av historia er det mange eksempel på metaforar. For eksempel ”Noen ganger snubler ordene…”, ” …, uten tid til punktum, en trillende vårbekk.”. Det er og samanlikningar, ” … ser ut som vingespennet på en liten fugl”, ”Noen er som små menn allerede”. ” En kald vinterlørdag.” er eksempel på eit vurderande adjektiv, men det som er brukt mest i historia er pluss-/minus-ord. Men det er nok fleire minusord enn plussord. ”mye tull”, ”rare sanger”, ”Læreren er så klok”. Noko som er med på å uttrykkje historias tema er bruken av samiske ord.

 

Litt ut i historia er Mattis med faren sin og ser etter reinsdyra. Då er det kaldt. Eg meiner dette speglar av korleis Mattis er til mote. Alt går dårleg og Mattis ser at hundane gjer ein betre jobb enn han sjølv. Men med ein gong han reiser att til skulen forsvinn mørket og ”ei bleik vintersol” skin inn gjennom vindauget, dette er då eit teikn på at han er glad igjen.

 

Temaet i novella er at folk skal få snakke morsmålet sitt. Eg meiner det er bra at Mattis står fram slik han gjer og at han tør å snakke samisk sjølv om læraren seier at han skal snakke norsk. Eg synest teksta skildrar kontrasten mellom det norske skolemiljøet og det samiske heimemiljøet på ein god måte.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil