Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Når elevane manglar motivasjon"

"Når elevane manglar motivasjon"

Oppgaven var å gjengi hovedsyn fra artikkel "Når elevane manglar motivasjon" av Svein Magne Sirnes og kommentere de.

Karakter: 4/5

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
29.11.2005


Dagens samfunn er under stadig utvikling, og skulens stilling i samfunnet har endra seg drastisk dei siste åra. For eit halvt århundre sidan var ein gunstig stilt om ein fikk skuleplass, mens no har alle krav på det. Før i tida var skulen eit mannsdominert sted, mens no er det fleire kvinner som tar utdanning også, og skilnaden mellom jenter og gutar er blitt jamnare. Stadig fleire utdannar seg, og stadig fleire studerer lengre. Krava samfunnet stiller til skulen og dei tilsette blir stadig høgare. Debatten kring skulesystemet opptar mange og går rundt middagsbordet så vel som i media, blant både elevane sjølv, foreldre, ekspertar og politikare. I NRK Dagsnytt 22. september var hovudsaka ”Halvparten av alle elevane i den norske skulen manglar motivasjon og får ikkje tilpassa opplæring som dei har krav på”. Instituttleiar Yngve Lindvig hevda seinare at læraranes manglande kunnskapar var årsaka til dette problemet, og at det går utover alle elevane i den norske skule, sånn at lærarane nå må skjerpe seg.


 

Forfattaren av leiar artikkelen i Lektorbladet nr. 5, 2005, Svein Magne Sirnes, var overraska over denne uttalinga. Han seier at problemet ikkje er nytt, og heller ikkje noko særnorsk fenomen. Lærarane leggjar merke til det kvar dag, men årsaka er ikkje så enkel å finne som Lindvig påstår. At dei som undervisar har ansvar er klart, meiner han, men det er mange andre faktorar òg. Elevane er eit produkt av si samtid og har eit mykje meir komplisert liv å leve nå, enn for eit par generasjonar sidan. Da hadde familien meir tid til kvarandre, noko dei kanskje ikkje har til same grad i dag. Levestandarden er for dei fleste ein heilt anna no enn kva den var på den tida, og dei fleste har utalege fleire ting som sloss om deira merksemd. Di større velstand ungdommen opplev, di mindre blir interessa for fag og skule, påpeker Sirnes. Alt skal være kjapt og underhaldande, seier han. TV og andre massemedium tilfredssteller disse behova, mens han påstår elevane synest lekser og skule er utidige og brysame. Svein Magne hevdar også at mange heller satsar på ein framtid som t.d. fotballproff eller popsongar, og at den draumen nedprioriterer skulegang. Sjølv om det er mange faktorar til kvifor elevane manglar motivasjon, fortel han at skulefolk likevel har eit klart ansvar til å auke motivasjonen til elevane og ha ei positiv haldning mot dei, t.d. ved å jobbe mot eintydige og realistiske mål.

 

”Dagens elevar er sjølvsagt eit produkt av si narsissistiske samtid..” påpeiker han, og får det til å virke som noko negativt, og at det har deler av skylda for at elevane er umotiverte. Viss elevane er narsissistiske kan det i seg sjølv vere ein grunn til at motivasjonen er på topp. Ein er sjølvdyrkande person vil jo nødvendigvis sjølv vere best, og det gjeld jo sjølvsagt også skule samanheng. Målet må vere å bli best i faga på skulen, så vel som å ha kontroll på kvardagen sin elles. Ein må då disponere tida si sånn at ein når alle måla og får gjort det ein skal, og dertil blir best til det ein vil.

                                                                                                

Sirnes hevdar at di større velstand, di mindre interesse for skulefag generelt. Om dette er heilt sant kan vel diskuteras. Velstand og utdanning henger oftast saman. Dei familiane som er velståande har ofte foreldre med betre betalte jobbar, noko som krevjar høgare utdanning. Tal frå SSB visar at 9 av 10 elevar som har foreldre med høgare utdanning fullførar vidaregåande skule, motfor under halvparten av dei som har foreldre med berre grunnskule utdanning. Dette viser at velstand antageleg ikkje gjer at man har mindre interesse for skule, snarare tvert imot. Dei fleste av desse velståande familiane vet kva utdanninga er verdt, og eg vil tru at dei jobbar aktivt mot at ungane skal få ein god utdanning for å sikre framtida. Eg trur også at viss ein har større velstand, har ein større moglegheit til å ha interesse for skule fordi man kanskje ikkje treng å jobbe så mykje, berre for å klare seg, men kan ha fokus på faga og ikkje føle det som eit pes med lekser etter jobb når ein er sliten og trøtt. Så på den måten trur eg at dette kan påverke elevane frå mindre ressurssterke heim i staden for frå dei velståande familiane.

 

At mange foreldre i dag gir blaffen i utdanninga til barna sine, er ei anna påstand skribenten kommer med. Blant dei foreldra eg kjenner har eg den motsette oppfatninga. Dei hjelpar til med leksar, eller sjekkar at dei blir gjort, dei kjøper skulemateriale barna treng, stiller opp på foreldremøtar og stiller som representantar i FAU eller som klassekontaktar. Det kan kanskje virke som foreldra gir meir blaffen nå enn på 50-tallet, fordi dei ikkje snakkar så godt om det som før, men det trur eg berre er fordi det er meir vanleg med skulegang nå og ein heller vil snakke om noko barna har gjort som er litt meir unikt. Fleire har i dag også ein større materiell velstand og større moglegheiter til å følgje opp barnas behov på skulen og treng dei ikkje som arbeidskraft i heimen.

 

Noko anna han seier er at mange satsar på ein karriere som ikkje krevjar skulegang, som t.d. fotballproff eller popsongar. At fleire gjør det no enn for 40 år sia er det nok ingen tvil om, men det er heller ingen tvil om at langt fleire kan klare å leve av det no enn då heller. Eg synast også det er å ta i når han ytrar at mange kuttar ut utdanninga for ein slik karriere. Som eg har nemt tidlegare tar fleire og fleire i Noreg ei stadig høgare utdanning. Da kan det nødvendigvis ikkje vere så mange som vel karrieren og kuttar skulegangen, sjølv om nokon få gjer det. Idrettslinja er eit tilbod som har vorti veldig populært blant mange av dei som satser hardt på idrett. Her er tilbodet ved skulen lagt til rette sånn at elevane ikkje treng å kutte ut skulen for å gjennomføre treninga si, men kan kombinere begge og ikkje treng å velgje ein aktivitet fremfør den andre.

 

Generelt har nok kunnskapsnivået blant Noregs befolkning auka dei siste åra, inkludert skulefolk. Eg trur derfor ikkje at kunnskapsnivået hos lærarane i dag ligger noko lavare enn for 40-50 år sia, då folk var utroleg motivert for å få gå på skola. Altså må det være noko meir enn bare læraranes manglande kunnskapar som har skylda for den manglande motivasjonen, slik som Svein Magne Sirnes påstår og prøver å forsvare i sin artikkel. Noko av det han nemner som ein mulig forklaring på problemet er eg einig i, mens andre av hans ytringar ser eg meg ueinig i. Eg trur ikkje det er så negativt å vere eit produkt av vår narsissistiske samtid, sånn som Sirnes seier. Utsegne om at velstand har ein negativ verking på interessa for fag hos elevane, synast eg er feil. Snarare trur eg det kan ha den motsette effekten fordi ein har ressursar å rette mot skulearbeid. At foreldra ikkje aktivt bryr seg om utdanninga til barna er ikkje den oppfatninga eg har. Det er fortsatt mykje foreldra gjer for barna med omsyn til utdanninga, men at det i dag kanskje blir gjort på ei litt anna måte.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil