Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Skulk og unnasluntring

Skulk og unnasluntring

Om skulk og unnasluntring.

Sjanger
Resonnerende
Språkform
Bokmål
Lastet opp
12.06.2000
Tema
Skole


I Noreg har vi i dag 10 års obligatorisk grunnskole. All skolegong etter dette er frivillig, men dei aller fleste vel å fortsette i vidaregåande skole. Likevel finn vi ikkje bare i grunnskolen, men også i vidaregåande skole, skulk og unnasluntring. Det er mange årsaker til at elevar skulkar og ein del av årsakene vil være felles for grunnskolen og vidaregåande. I grunnskolen er nok problemet størst i ungdomsskolen, og eg vil derfor konsentrere meg om disse elevane.

 

Skoletrøyttleik, for store klasser, keisam undervisning, og karakterpress er nok noe elevar slit med i begge skoleslaga, og medverkar nok til skulk og unnasluntring. Mye av tida til ungdommane er på skolebenken. År etter år blir meir eller mindre fastlåste rutiner, og sjølv elevane som trivast på skolen, kan gå trøyte. Dei kan begynne å skulke og sluntre unna sine plikter. Da er det kanskje ikkje så rart at også elevar som har mistrivest og vært lei i fleire år, ikkje orkar meir når dei kommer til ungdomsskolen eller vidaregåande.

 

For store klasser gjør at det er liten tid til enkeltelevar. For noen elevar blir det vanskeleg å følgje med når dei ikkje får den hjelpen dei treng og dei orkar da ikkje å delta i timane sidan dei ikkje skjønner noe likevel. Dei opplev skolen som eit nederlag og held seg heller borte. Spør elevar i ungdomsskolen eller vidaregåande om korleis dei opplever ein skoletime, og mange vil si at undervisninga er keisam. For mange blir det så keisamt at dei omtrent sovar vekk time etter time eller rett og slett uteblir.

 

Karakterar gjør også skolegangen vanskeleg for noen. Karakterane kan auke kjensla av nederlag og dei kan gjøre kvardagen til elevane veldig stressende. Ikkje alle taklar det presset dei blir utsett for og vel å tilbringe tida alle andre plassar enn på skolen. Alle veit at skoleåret blir avslutta med eksamen, og når karakterane er dårlege det meste av året, blir eksamenspresset stort både for den flinke og den svake. Det kan være lett å gi opp, og betre blir det ikkje når karakterane rasar ned i takt med fråværet.

 

Ei anna årsak til at elevar skulkar og sluntrar unna, kan være rusproblem. Dette gjelder nok mest for elevar i vidaregåande, sjølv om det nok finnes blant ungdomsskoleelevar også. Narkotiske stoffar fører blant anna til konsentrasjonsvanske og det lar seg dårleg kombinere med skolearbeid. Også vil disse elevane ofte få ein uvane med å komme seg opp om morgonen.

 

Det er vanskeleg å si at ei årsak for skulk og unnasluntring gjelder bare for grunnskolen og ikkje for vidaregåande, eller omvendt. Men ei årsak som mobbing på skolen er nok mest utbreidt i grunnskolen. Mens ansvar for egen læring gjør tilvera vanskeleg for mange elevar i vidaregåande. Vidare ser ein i vidaregåande skole at reforma har ført med seg fleire "fråverande" elevar. Vidaregåande er nærmast blitt obligatorisk og alle har krav på ein skoleplass. For elevar som har skulka mye i grunnskolen, er hollene så store fagleg sett at dei ikkje kan følgje med i samme tempo. Kanskje startar disse elevane på 2-årig grunnkurs og får større oppfølging enn dei elles hadde fått. Men enkelte elevar synes fire år er for mye, og gir opp.

 

Dei yrkesfaglege linjene har fått innført mye teori og gjør det ikkje bare vanskeleg for elevar med "holl", men også for skoletrøtte og "svake elevar". Det er nok av grunner for skulking og unnasluntring, men kva kan bli gjort for å komme skulkinga til livs? Trekker ein linjer frå det som er sagt om årsakene, er svaret enkelt. Klassene må bli mindre så det blir betre tid til å ta seg av kvar enkelt elev. Timane og skoledagen må bli meir interessant og karakterar og eksamensform må endrast eller fjernast. Samarbeidet mellom skole, heim og eventuelt hjelpeapparat må være tett for å kunne følgje opp elevar som får rusproblem og elevar som fell ut av systemet.

 

På vidaregåande må de yrkesfaglege linjene kutte ned teorien og kanskje hadde det vært ein idé å innføre eit slags "forsøk-grunnkurs" for dei som måtte trenge det. Noen elevar føler nok at dei er tvungen inn i vidaregåande. Dei veit ikkje kva dei eigentleg har lyst til å bli og valet av linjene blir derfor nokså tilfeldig. Med eit forsøksår kunne elevane prøve seg innan forskjellige linjer og sjå kva dei egner seg til og liker.

 

Det vil nok bli vanskeleg å unngå at enkelte elevar skulkar skolen, men sikkert er det at merknader eller 15%-regelen ikkje held alle elevar innanfor rammene. Eg trur det er viktig å ta omsyn til at noen ungdommar trenger både tid og rettleiing for å klare minst 13 år på skolebenken.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil