Søk i stiler
 

Johan Sebastian Welhaven (1807-1873)


Oppgave i norsk om Johan Sebastian Welhaven. Inneholder en del generelle fakta om Welhaven og livet hans.

Sjanger:BiografiLastet opp:02.10.2005
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Johan Sebastian Welhaven
Bilder: Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Welhaven vart fødd i Bergen i 1807, og døydde i 1873.

 

Far hans var prest og arbeidde på eit sjukehus for spedalske, han var eit varmt og omsorgsfullt menneske, som stod son sin nær.

 

Skulen var noko Johan ikkje likte, han gjorde det dårleg. Når han begynte på Bergens Katedralskule blei han meir interessert i skulen, når han fekk Lyder Sagen som norsklærar. Lyder Sagen lærde Johan og verte glad i dansk og klassisk litteratur.

 

Johan hadde mange vener, sjølv om han kunne vera byrsk og avvisande. Det var mange som beundra og støtta han. Folk meinte han var intelligent og vakker, med mørke auge å ein fin røyst.

 

I 1825 byrja han og studera teologi i Kristiania (Oslo). Teologi tyder ”Prestestudie”. Wergeland studerte og dette året her. Johan tok aldri eksamen, han skulle å ville bli forfattar.

 

Johan var veldig oppteken av at dikta skulle spegla av det harmoniske. Dei skulle ha ein enkel og klar form, meinte han. Han meinte og at kunstnaren skulle formidle det vakre og harmoniske i sjela si, men dikta måtte og gje uttrykk for ”det uutsigelige” og tala til den djupaste menneskesjela.

 

Johan har skildra det i eit dikt:

 

Diktets Ånd

 

Hva ei med ord kan nevnes

I det rikeste sprog,

Det uutsigelige

Skal diktet røpe dog.

 

Av sprogets strenge bygning,

Av tankeformers bånd

Stiger en frigjort tanke,

Og den er diktets ånd.

 

Johan var ikkje noko impulsiv diktar, han arbeidde med opplevingane lenge før han kunne skrive dei ned. Og først etter opplevingane på avstand og kjenslene hadde roa seg, kunne diktet forma seg, det gjorde opplevingane til varige og evige minne.

 

Om du les diktet ”en vårnatt” gjer det eit godt døme på kva eg meinar, likevel tek eg med det første verset som gjer deg eit innblikk. Diktet er romantisk og naturskildra med ei roleg rytme, balanse og vakker musikalitet.

 

En vårnatt

 

Vårnatten stille og sval

Favner den slumrende dal.

Elvene nynner de lange

Dempende, dyssende sange.

Alver sukke

For de smukke

Liljer: << O, ta oss til fange >>

 

Johan var kjend og ofte med i selskapslivet i Kristiania (Oslo). Då trefte han søstera til Henrik Wergeland, Camilla Collett. Han blei straks forelska i vakre Camilla, han tykte at ho var vakker, intelligent og ei sjarmerande jente. Hans sendte Camilla romantiske og lidenskaplege kjærleiksdikt og brev, der han fortalde om kjenslene for henne. På avstand kunne han tenkje på henne i draum og fantasi, og ikkje minst forguda hennar vakre utsjåande og utstråling. Johan elska ikkje berre Camilla men og naturen, han meinte naturen hadde sjel og at det låg romantiske stemningar om han. I naturen kunne han vinna att sjelefreden og tilbe sin kjære.

 

Johan tenkte nok på Camilla når han skreiv ”Fôrårsdikt V”. Saknet av den kvinna han elska gav han inspirasjon.

 

Forårsdikt V

 

I skovens ly eg sitter

Ved birkens rot;

Blant vårens lyst og kvitter

Synker mitt mot.

 

Men her, bak disse skygger,

Jeg fant skjul;

I birkens grene bygger

En stille fugl.

 

Jeg skal en vårdag huske

Med varig savn;

Da klang fra alle buske

Et deilig navn.

 

Der er rune ristet

I brikens hud;

Den har sin krone mistet,

Er gået ut.

 

Kjærleiksforholdet til Camilla førte til konfliktar for Johan sin part og Camilla sin. Johan kunne vera sta som eit esel og avvisande når ho kom med krav og eigne ynskjer. Kanskje likna dei for mykje på kvarandre? Dei var begge to sterke personar med kunstnarlege evner og romantiske draumar.

 

I 1837 møtte Johan ei anna kvinne, Ida Kjerulf. Ho var 20 år når ho møtte Johan. Johan fridde til ida og fekk ja som svar, men mor til Ida nekta dei å ekte kvarandre, fordi ho meinte at Johan ikkje kunne forsørgja dottra hennar. Dei haldt kontakten hemmeleg i tre år, då skreiv Johan mange kjærleiksbrev til Ida. Vinteren 1840 mista Johan, Ida, ho døydde av tuberkulose, tre veker etter at Johan ble utnemnd til Lektor i Filosofi.

 

Johan blei prega av denne hendinga, det satte spor i diktinga hans. Dei blei meir dystre og triste, nesten for tragiske av kjærleikssorg.

 

Etter at Ida døydde, blei Johan godteken som svigerson av ”fru Kjerulf”, han budde hjå dei, inntil han gifta seg med ei dansk kvinne. Han samarbeidde mykje med Halfdan Kjerulf i denne perioden. Halfdan Kjerulf var bror til avdøde Ida Kjerulf, han var og komponist. Dei to kunstnarane budde i same huset i nokre år, og Halfdan satte musikk på nokre av Johans verk. Men i 1849 reiste Halfdan til Hallingdal, Hardanger og Sogn med målaren Hans Gude. Der hørde han slåttemusikk og folkevisesongar som han omgjorde og bruka i sine eigne klaver og romansestykkar. Med norsk folkevisesongar skapte Halfdan ein særeigen norsk tonekjensel som føregreip musikkstilen til Edward Grieg.

 

Johan var ikkje berre romantikar, men og nasjonalromantikar, han vart begeistra for det nasjonale gjennombrotet som førte til ny interesse til folkediktinga. No kunne han og andre skildra norsk natur, folkeliv og folketru.

 

Johan forsvann utover i nasjonal romantikken, etter han døydde, men han har aldri blitt glømd, han lever enno

 

I Diktas Verd.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet



Teksten er hentet fra Daria.no, www.daria.no