Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Rock er djevelen sitt verk

Rock er djevelen sitt verk

Sjanger
Resonnerende
Språkform
Bokmål
Lastet opp
12.06.2000
Tema
Rock


I den siste tida har det igjen vorte reist sterk kritikk mot rocken. Kritikk er noko som rocken har fått heilt sidan Bill Haley med "Rock around the clock" gjorde sitt inntog på arenaen. Det er særleg kyrkja, og hennar "pietistiske disiplar" som har vore først og hardast frampå med peikefingeren. Dette har vi eit døme på frå oppslaget i "Bergens tidende" (05.01.91), kor biskopen Per Lønning fer hardt fram og kritiserer rocken og dei negative sidene ved han.

 

Sex er ein av dei tinga kritikarane meiner rocken har ført med seg. Det herskar sort sett semje om det at mange rocke - band nyttar ein unødvendig stor mengde med sex i sine musikkvideoar og konsertar. "Madonna" er bare eit eksempel på kor sex er sett i senter i staden for sjølve musikken. Dette meiner mange kan bli sett i samanheng med at rocke - bransjen er ein tøff bransje, kor lyttarane fort mistar interessa dersom ikkje aktørane lagar stadig ny og god musikk. Dette er sjølvsagt vanskeleg, derfor går rockestjerna nye vegar for oppretthalde CD- salet og populariteten. Madonna nyttar sex, Kiss nytta ansiktsmaling og elles har det vore utruleg populært å knuse gitaren eller andre instrument på scena.

 

Ungdomsåra er ei tid kor ein prøver å finne seg sjølv. Ein merkar dette ved at ungdommane lausriv seg frå foreldra. Musikk er ein måte å gjære dette på. Ein del av dagens rock er slik at foreldra vil oppfatte han som irriterande, og kanskje plagsam. Dessutan strir framferda på mange av desse idola mot all skikk og bruk ein har prøvd å lære ungane frå dei var små.

 

Dei siste åra har vi sett ei auking innan ein spesiell del av rocken. Satanistiske - band har vorte meir og meir populære. Det er særleg denne form for rock kyrkja er sterkt i mot. Musikken fortel om og oppfordrar til drap og sjølvmord og verdas undergang . Det er strid om musikken kan verke nedbrytande. Mange meiner mykje av musikken er for latterleg til å bli påverka av, men faktum er at vi har i dag fleire høve kor ungdommar tydeleg har lete seg påverke av slik musikk. Eit nyleg eksempel har vi frå USA, kor ein far vitna mot det svært omtala bandet "Marilyn Manson", og skulda dei for å ha drive sonen til sjølvmord.

 

Min umiddelbare reaksjon til overskrifta i dette oppslaget, er sterk irritasjon. Eg er sjølv ein sterk tilhengar av mange ulike formar innan rocken. Sjølvsagt finnest det greiner av rock som kan ha negative effektar på tilhøyrarane, men å ta all rock under ein kam synast eg er gale. Ut frå eigne erfaringar må eg presisere at ikkje alle som høyrer på musikk med tilknyting til satanistiske miljø, nødvendigvis treng å ha sympati med satanisme som sak. Det er sjølve melodiane, og ikkje tekstane som fangar dei fleste ungdommane. I Noreg er det dessutan ikkje spesielt mange som høyrer på slik musikk. Det er nede på kontinentet, og særleg i Tyskland denne typen musikk har gripe om seg.

 

Ut frå mi oppfatning er skyldinga retta mot NRK direkte feilaktige. Med fleire år utan kabel - tv, og da NRK som einaste alternativ, har eg til dags dato enno ikkje sett ein video med satanistisk innhald og nesten ikkje skikkeleg tungrock samanlikna med anna kommersiell popmusikk. Dette til tross for at Noreg har fleire band som hevdar seg nede på kontinentet, f.eks. Burzum (Varg Vikernes) og Dimmu Borgir.

 

Ein fann fort ut at det ligg pengar i musikk. I dag har musikk vorte ein storindustri kor plateselskapa slåst om nye og gamle stjerner. Fansen forventar dessutan ny musikk og at det hyppig blir heldt konsertar. Presset blir dermed utruleg stort på artistane som ofte er unge. Ein trur at for å kontrollere nervane, har mange av rocke - artistane nytta narkotika. Det å vekke oppsikt har av mange blitt sett på som eit mål.

 

Eg må sjølv seie meg einig i ein god del av kva Lønning hevdar i oppslaget. Ein del av rockemusikken er direkte nedbrytande, og det er rett å stille seg kritisk mot ei slik utvikling. For faktum er at sjølv om dei ikkje er mange så har ein sett ei vesentleg auking innan

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil