Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Du og eg

Du og eg

Novelle om ei jente som vert gravid. Nynorsktentamen (sidemål).

Karakter: 5+ (VK2)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
03.06.2005

Ho sank saman på badekarkanten mens ho stira vantru på det vesle plussteiknet. Ikkje tale om! Det måtte vere noko galt med testen. Ho kunne ikkje vere gravid! Ho som alltid hadde vore så forsiktig, - ikkje noko tull med henne nei. Og no; gravid? Med ein gut ho ikkje huska namnet på ein gong? Dette kunne ikkje hende. Det var ein vond draum, ikkje noko anna. Men klypet i armen gjorde verkeleg vondt, og når ho kikka ned, såg ho dei små raude merkene bleikne på huda.

Legen hadde vore veldig skjønsam, - ho var 10 veker på veg. 10 veker. Ikkje vart ho hadde vore så kvalm i det siste. Ikkje rart det virka som ho hadde lagd på seg. Ho kjende seg nomen i kroppen. Det var som om alle kjensler hadde forlét henne. Ho kjende ingen frykt, ingen redsel, berre ein iskald nomenleik. korleis ho kom seg heim, ante ho ikkje. Som i ein tåke hadde ho køyrd heim, parkert bilen i oppkøyrselen, og låst seg inn i huset.

Da mor hennar kom heim sat ho framleis og glodde blindt på den svarte tv-skjermen. Ho berre grynta til svar på dei vanlege spørsmåla; "Korleis har du hatt det i dag, da? Bra?" og "Er det ikkje fint ver ute? Ingen tvil om at sommaren nærmar seg." Berre fraser. Mora forventa ikkje eigentleg svar, så ho slapp lett unna med eit flatt "mhm.". Sommar, ja. Bikini-tid... Vart nok ingen bikini på henne i år. Kva skulle ho gjere?

Ho hadde framleis moglegheit til å ta det bort. To veker hadde ho, på å avgjere om ho verkeleg ynskja å bli mor i ein alder av 19 år. To veker. Det var rart, for berre nokre månader sida, hadde ho seti saman med ei venninne og snakka om akkurat dette. Om korleis dei så absolutt ikkje skulle ha barn enda, og om dei skulle bli gravide; - sjølvsagd skulle dei ta abort! Men no var det annleis. Ho var gravid. Det verka ikkje lengre som ei enkel avgjering.

Tanken gav gjenklang i hovudet hennar mens ho pussa tenner, skifta frå trong olabukse til vid nattkjole, og la seg. Ho kunne ikkje behalde det. Ho var jo knapt nok vaksen sjølv! Korleis skulle ho, som ikkje var i stand til å holde rommet sitt ryddig, klare å ta vare på ein unge? Om ho hadde vore fem år eldre, så kanskje. Men ho skulle ta utdanning, ho skulle sjå verda, få seg ein spannande jobb; - alle desse tinga skulle ho gjere før ho fikk barn. Sjølvklart måtte ho fjerne det. Folkehøgskulen ville i kvart fall ikkje bli noko av, om ho skulle vralte rundt som ein kvalross heile hausten.

Ho hadde sett altfor mange dømer på unge jenter som vart gravide, fekk ungen, og ødla livet sitt. Mista vennene sine gjorde dei, hoppa av skulen, vart feite, einsame og utslitne. Aldri i verda om det skulle bli henne! Ho skulle ringe i morgon. Bestille time fortast mogleg, bli ferdig med det. Så kunne ho fortsette å førebu seg til eksamen. Ikkje noko problem…

Tre veker seinare sat ho på skulen og skreiv diktanalyse. Dei hadde om etterkrigstida, og diktet var "Tung tids tale" av Halldis Moren Vesaas. Ho kjende forsiktig på den vesle, runde kulen på magen hennar. "Det heiter ikkje: eg - no lenger. Heretter heiter det: vi." Ho smilte; - du og eg vesle menneske, du og eg.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil