Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Flat skatt

Flat skatt

Innlegg om flat skatt.

Sjanger
Novelle
Språkform
Bokmål
Lastet opp
27.05.2000
Tema
Økonomi


No er det på tide at politikarane tek til vettet og høyrer på mellom anna Unge Høgre. Forslaget deira om flat skatt er genialt. Dei aller fleste vil tene på eit slikt skattesystem med lik skatteprosent for alle. Dagens system med progressiv skattleggjing er ikkje ei god nok løysing. Det nedset skattytaranes lyst til å gjere ein ekstra innsats, til dømes ved å arbeide overtid. Høg inntektsskatt “inspirerer” dessutan mange til skattesnyteri. Vi kan heller ikkje akseptere formuesskatt, eigedomsskatt eller arveavgift. Dette er tull. Då Arbediarpartiet kom med forslag om utsiktsskatt for noen veker sidan, vart eg forbanna. Noe slikt kan vi ikkje gå med på. Dagens skattesystem har vorte for innvikla for Ola Nordmann. Han greier ikkje å følgje med i alle regelendringane som kjem. Det finst altfor mange ordningar med frådrag, toppskatt, delingsmodellar og liknande i skattesystemet vårt. Dei aller fleste synest det er vanskeleg å halde orden på alle desse frådraga og ekstraskattane som staten krev inn. Eg støttar altså Unge Høgres forslag fullt ut. Forslaget går konkret ut på at ingen betaler skatt på dei fyrste 50.000 kronene dei tener. På resten av inntekta betales 30 % skatt. I tillegg vil barnefamiliar og pensjonistar få noen fordeler. Dette skattesystemet er langt enklare enn det vi har i dag. Meiningsmålingar viser at fleirtalet blant det norske folk støttar Unge Høgres forslag om flat skatt. Til og med mange av SV og SP sine veljarar støttar forslaget. SV og SP støttar jo i utgangspunktet den progressive skattleggjinga.

 

Mange er mot flat skatt fordi dei er redde for at det vil føre til at staten får reduserte inntekter. Dei trur staten vil kompensere for dette tapet ved å auke andre avgifter. Det stemmer at staten vil få reduserte inntekter med omlag 20 milliardar kroner kvart år med den nemnde ordninga. Dette er mykje pengar, men ikkje i denne samanhengen. I desse oljetider kan ein spytte inn litt av oljepengane utan at det vil føre til noe særleg høgare inflasjon eller arbeidsløyse. Eg ønskjer å minne om at vi aldri har visst om større oljereservar enn det vi gjer i dag. Det er for så vidt ikkje nødvendig å bruke oljepengane til å dekke dette tapet. Eg meiner at vi bør ha ein mindre offentleg sektor enn det vi har no. Fleire av dei offentlege institusjonane må verte privatiserte. Då kan vi få skikkeleg fart i næringslivet. Dette fører til fleire arbeidsplassar og eit meir rettferdig samfunn. Dei som er sjuke eller treng hjelp, må betale for det. Eg vil sjølvsagt ikkje ha bort trygdeordningane heilt, men det offentlege bør spille ei mindre viktig rolle her. Dei aller fleste nordmenn vil tene på flat skatt, noe som vil føre til at folk kjøper meir og brukar meir pengar. Staten vil då få meir momsinntekter.

 

Eg trur ikkje samfunnet slik det er i dag er det vi er best tent med. Det faktum at vi vert styrt av ei stadig meir venstreorientert regjering er langt frå bra. Sjølv bur eg i Nedre Eiker, ein kommune like utanfor Drammen. Her har Arbeidarpartiet styrt i over 90 år. Eg trur dei aller fleste av oss som bur i kommunen er samde om at Nedre Eiker ikkje er ein spesielt bra kommune å bu i. Dette viser seg mellom anna ved at dei kommunale avgiftene er høge, eldreomsorgen er for dårleg, skoletilbodet er ikke særleg bra og så videre. Eg trur vi treng eit nytt parti til å styre kommunane og landet vårt. (les Høgre) Flat skatt vil kunne vere med på å gjere situasjonen betre for oss som privatpersonar og for bedriftene. Vi må hugse på at dersom vi innfører flat skatt, vil halvparten av skatteletta gå til dei som tener mindre enn 200.000 kroner i året. Einslige som tener 100.000 kroner i året, vil få redusert skatten sin med heile 42 %! Bare noen få prosent av skatteletta vil gå til dei som tener over ein million kroner. Dette er altså ikkje eit forslag som gjer “dei rike” rikare og “dei fattige” fattigare. Det hadde vore ønskeleg at “mannen i gata” hadde brukt pengane han fikk til overs på til dømes sparing i ulike former. Det kan vere sparing i obligasjonar, emisjonar eller aksjar. Dette vil gi ein positiv verknad for heile samfunnet. Bedrifter og “AS Norge” vil tene på det. Oppsvingen i aksjemarkedet vil halde fram og bedriftene vil klare seg betre dersom folk investerer pengane sine i dei.

 

Eg håpar at nordmenn tek til vettet og ser at forslaget frå Unge Høgre er eit svært godt forslag. Ønskjer du eit betre skattesystem som igjen kan føre til eit betre samfunn, stem Høgre! No er det på tide at politikarane tek til vettet og høyrer på mellom anna Unge Høgre. Forslaget deira om flat skatt er genialt. Dei aller fleste vil tene på eit slikt skattesystem med lik skatteprosent for alle. Dagens system med progressiv skattleggjing er ikkje ei god nok løysing. Det nedset skattytaranes lyst til å gjere ein ekstra innsats, til dømes ved å arbeide overtid. Høg inntektsskatt “inspirerer” dessutan mange til skattesnyteri. Vi kan heller ikkje akseptere formuesskatt, eigedomsskatt eller arveavgift. Dette er tull. Då Arbediarpartiet kom med forslag om utsiktsskatt for noen veker sidan, vart eg forbanna. Noe slikt kan vi ikkje gå med på. Dagens skattesystem har vorte for innvikla for Ola Nordmann. Han greier ikkje å følgje med i alle regelendringane som kjem. Det finst altfor mange ordningar med frådrag, toppskatt, delingsmodellar og liknande i skattesystemet vårt. Dei aller fleste synest det er vanskeleg å halde orden på alle desse frådraga og ekstraskattane som staten krev inn. Eg støttar altså Unge Høgres forslag fullt ut. Forslaget går konkret ut på at ingen betaler skatt på dei fyrste 50.000 kronene dei tener. På resten av inntekta betales 30 % skatt. I tillegg vil barnefamiliar og pensjonistar få noen fordeler. Dette skattesystemet er langt enklare enn det vi har i dag. Meiningsmålingar viser at fleirtalet blant det norske folk støttar Unge Høgres forslag om flat skatt. Til og med mange av SV og SP sine veljarar støttar forslaget. SV og SP støttar jo i utgangspunktet den progressive skattleggjinga.

 

Mange er mot flat skatt fordi dei er redde for at det vil føre til at staten får reduserte inntekter. Dei trur staten vil kompensere for dette tapet ved å auke andre avgifter. Det stemmer at staten vil få reduserte inntekter med omlag 20 milliardar kroner kvart år med den nemnde ordninga. Dette er mykje pengar, men ikkje i denne samanhengen. I desse oljetider kan ein spytte inn litt av oljepengane utan at det vil føre til noe særleg høgare inflasjon eller arbeidsløyse. Eg ønskjer å minne om at vi aldri har visst om større oljereservar enn det vi gjer i dag. Det er for så vidt ikkje nødvendig å bruke oljepengane til å dekke dette tapet. Eg meiner at vi bør ha ein mindre offentleg sektor enn det vi har no. Fleire av dei offentlege institusjonane må verte privatiserte. Då kan vi få skikkeleg fart i næringslivet. Dette fører til fleire arbeidsplassar og eit meir rettferdig samfunn. Dei som er sjuke eller treng hjelp, må betale for det. Eg vil sjølvsagt ikkje ha bort trygdeordningane heilt, men det offentlege bør spille ei mindre viktig rolle her. Dei aller fleste nordmenn vil tene på flat skatt, noe som vil føre til at folk kjøper meir og brukar meir pengar. Staten vil då få meir momsinntekter.

 

Eg trur ikkje samfunnet slik det er i dag er det vi er best tent med. Det faktum at vi vert styrt av ei stadig meir venstreorientert regjering er langt frå bra. Sjølv bur eg i Nedre Eiker, ein kommune like utanfor Drammen. Her har Arbeidarpartiet styrt i over 90 år. Eg trur dei aller fleste av oss som bur i kommunen er samde om at Nedre Eiker ikkje er ein spesielt bra kommune å bu i. Dette viser seg mellom anna ved at dei kommunale avgiftene er høge, eldreomsorgen er for dårleg, skoletilbodet er ikke særleg bra og så videre. Eg trur vi treng eit nytt parti til å styre kommunane og landet vårt. (les Høgre) Flat skatt vil kunne vere med på å gjere situasjonen betre for oss som privatpersonar og for bedriftene. Vi må hugse på at dersom vi innfører flat skatt, vil halvparten av skatteletta gå til dei som tener mindre enn 200.000 kroner i året. Einslige som tener 100.000 kroner i året, vil få redusert skatten sin med heile 42 %! Bare noen få prosent av skatteletta vil gå til dei som tener over ein million kroner. Dette er altså ikkje eit forslag som gjer “dei rike” rikare og “dei fattige” fattigare. Det hadde vore ønskeleg at “mannen i gata” hadde brukt pengane han fikk til overs på til dømes sparing i ulike former. Det kan vere sparing i obligasjonar, emisjonar eller aksjar. Dette vil gi ein positiv verknad for heile samfunnet. Bedrifter og “AS Norge” vil tene på det. Oppsvingen i aksjemarkedet vil halde fram og bedriftene vil klare seg betre dersom folk investerer pengane sine i dei.

 

Eg håpar at nordmenn tek til vettet og ser at forslaget frå Unge Høgre er eit svært godt forslag. Ønskjer du eit betre skattesystem som igjen kan føre til eit betre samfunn, stem Høgre!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil