Søk i stiler
 

Johann Sebastian Bach (1685-1750)


Handler om komponisten Johann Sebastian Bach, hans oppvekst og litt av det han har komponert.
Sjanger:BiografiLastet opp:28.04.2005
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Klassisk musikk
Bilder: Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


 I dag kjenner me Johann Sebastian Bach som ei av historias mest kjende komponistar, men det har ikkje alltid vore slik.

 

Johann Sebastian Bach vart fødd i byen Eisenach i Thüringen, 27. juli i 1685. Faren var bymusikar, og familiane på begge sider var engasjert i musikk. Mor hans døydde då Johann Sebastian var 9 år gammal, og då faren døydde året etter blei det ein eldre bror som tok seg av oppveksten til Johann Sebastian. Faga Johann  først og fremst lærde var latin, teologi (ortodoks) og musikk. Seinare fekk han friplass ved byens latinskule der han leste latin, gresk, retorikk og logikk. Han var også med i gutekoret ved Michaelkyrkja i Lüneburg.

 

Då Johann var 18 år fekk han arbeid som fiolinist i Weimar før han seinare gifta seg med kusina si Maria barbara og dei flytta saman og kort tid etter vart Bach ansatt som kammermusikar og organist ved hoffet.

I 1717 fekk Bach eit jobb tilbod frå fyrsten av anhalt köhner, men hertugen av Weimar ville ikkje la han gå, og det heile enda i at Bach vart fengsla i ein månad for å ha provosert hertugen.

 

I 1720 døydde kona hans, Maria Barbara og han gifta seg på nytt med sangerinna Anna Magdalena Wülken. I 1723 blei Bach ansatt som kantor ved Thomaskyrkja i Leipzig. Forholda der var ikkje så gode som dei hadde vore i Köten, men Bach heldt ut fordi han kunne ha sønene sine på universitetet i Leipzig dersom han budde der. (han hadde etter kvart fått ganske mange av dei). Koret han leda besto av skulegutar utan noko særlig mykje disiplin, han måtte underviste dei også i latin.

 

Bach hamna stadig i konfliktar på grunn av sin musikalske overbevising. Heile sitt liv var Bach i teneste hos forskjellige arbeidsgivarar som han måtte komponere musikk for. Men han hadde ein overbevising om at han var Guds verktøy, og skreiv musikk til Guds ære.

 

Bach tilbrakte resten av sitt liv i Leipzig. Han gjorde imidlertid nokon få reiser, bl.a. for å besøkje sonen Carl Philipp Emmanuel, som var ansatt hos Fredrik den Store i Berlin.

 

I 1749 fekk Bach slag og vart nesten blind. 27. juli 1750 døydde Bach og blei gravlagd på Johanneskyrkjegården. Etter nokre år var både grava og musikken gløymd (grava var funne igjen i 1894).

 

I si samtid var Bach mest kjend som orgelvirtuos, få av komposisjonane hans blei trykt og fleire er derfor gått tapt. I 1829 oppførte Felix Mendelssohn "Matteuspasjonen" for fyrste gong sidan Bachs død, og innleia dermed ein Bach-renessanse.

 

I dag framstår Bach som ein av musikkhistorias aller største komponistar - eit geni som skapa verk som ikkje berre var sentrale i barokken, men og i musikken seinare.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet



Teksten er hentet fra Daria.no, www.daria.no