Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Skulen

Skulen

Kåseri om skulen min.

Karakter: 5

Sjanger
Kåseri
Språkform
Bokmål
Lastet opp
15.04.2005

Skulen, det kan vere ein grei plass det… Dårlig luft, øydelagde stolar, rare pultar, deprimerande klasserom og gørr kjedeleg undervisning. Dette er noko av dei tinga som møter elevar kvar skuledag, men dei tinga som ikkje er nemnt her er heilt okay (dersom det er noko eg ikkje har nemnt då…)

 

Ein ting som er positivt med skulen er at du lærar noko (i alle høve dei fleste…). Du lærar vanskelege ord og setningar som vi kan breefe med (til dømes nynorske ord og matteformlar. Til dømes ofseleg og pirøygd, og V=G∙h=∏r²∙h). Eg kan nemne mange negative ting om skulen, men det har eg ikkje tid til! Eg har nemleg så mykje lekser! Ein får alt for lita tid til overs av fritida vår som ein kan bruke på hobbyane våre. For meg (og sikkert for deg også…) verker det som at lærarane trur at vi har allveras med tid til lekser, men det har vi ikkje!

 

Klasserommet vårt er sikkert blant dei fem ”beste” klasseromma på heile skulen… Veggane er mala i ein deprimerande, gyselig, spy-gulfarge ,( kunst og handverk lærarane seier at det er ein farge vi ”lærer bra i”…) golvet er grågrønt med mange hol i (på grunn av vipping på rare stolar…) og døra er mala rosa. Vindauga trekkjer og omnane virkar ikkje som dei skal. I tillegg bråkar lufteanlegget forferdelig (ikkje byttar det ut lufta heller…). Ein av dei tinga i klasserommet som faktisk er heilt ok er ei grøn og raud hylle langs den eine veggen, men den har vi ikkje lov til å nytte… Den tek opp masse plass som vi kunne ha nytta til dei rare og dårlige pultane våre… Pultane i klasserommet er nemlig heilt merkeleg plassert. Det er nesten umogeleg å flytte seg rundt i klasserommet utan å velte ein stol, eller å rive ned bøkene som ligg på pulten (berre tenkt deg korleis det er når 30 elevar pluss to lærarar skal gå rundt der ein heil skuledag…) Lærarane har vel sikkert danna ein heil del samansverjingar mot oss elevar, tenkjer eg…til dømes LEF (=La Elevane Fryse…), ILEBHIK (Ikkje La Elevane Bruke Hyllene I Klasserommet…), IFL,GELF (Ikkje forbetre Lufteanlegget, Gje Elevane Lengre Friminutt…) og IGEMU (=Ikkje Gje Elevane Morosam Undervisning…)  

       

Ein anna negativ ting om skulen, er at lærarane ikkje snakkar saman når det gjelder prøver. Dei bombarderer oss med mange prøver i ei veke, og så gjev dei  ingen i dei neste vekene (heilt til dei finn ut at dei skal gje oss ein haug med nye prøvar då…). Lærarane har vel sikkert danna ei samansverjing der også tenkjer eg… Til dømes BEMPISV (= Bombarder Elevane Med Prøvar I Same Veke…!)

 

Sidan lærarane no har så mange ulike samansverjingar å halde styr på, hadde det vel vore fint med eit samlenamn for alle samansverjingane… Til dømes VEME (=Ver Ekle Mot Elevane…)

 

Men alt i alt så er vel ikkje skulen den verste plassen du oppheld deg i løpet av livet…eller?... Dersom vi ser bort frå alle dei negative tinga, (om det er noko då…) så er vel ikkje skulen så ille…? Til dømes blyantane og viskelæra vi får utdelt… Skulegarden… Venene dine… Dersom skulen eg går på/skal gå på inneheld venene mine, ein skulegard og viskelêr og blyant… så vil eg vel overleve… trur eg…

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil