Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kampen om tilværa

Kampen om tilværa

Intervju med ei kvinne som tidligere var en alkoholiker.

Sjanger
Annet
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
09.03.2005


- Eg har klart det eg trudde var umogleg, seier Anne. Det er snart to år sidan ho drakk sist. I mange år hadde ho eit alvorleg alkoholproblem. Ho frykta at ho skulle dø. Alkoholen tok heilt overhand og ho mista kontrollen over sitt eige liv. I dag ser ho lyst på framtida og ynskjer å hjelpe andre menneske som misbrukar alkohol.

 

Det er ikkje lett å sjå at Anne har vore ute i ”hardt vêr”, der ho sit på andre sida av kafébordet. Ho ser ut som dei fleste kvinner tidleg i trettiåra, men ho har nokre vanskelege ungdomsår bak seg. Faren var alkoholikar og mora døydde då ho var femten.

 

Korleis prega det oppveksten din at du hadde ein far som var alkoholikar?

- Eg hadde det godt då eg var lita. Eg visste ingenting om pappa sitt alkoholproblem før eg var tretten år. Han var aldri i lag med oss borna då han drakk. Mor fortalde oss at han måtte reise mykje med jobben, men sanninga var jo at han var ute og drakk. Det var vanleg at han var vekke i fleire månader utan at vi såg han. Men då han var heime, var han snill. Pappa var veldig oppteken av korleis vi hadde det. Eg var ikkje så gammal, men eg hugsar godt at han tok med seg storebrørne mine og meg på fisketurar. Vi hadde det hyggeleg i lag, og han sa at han var lei seg fordi han var så mykje vekke frå oss.


 

Etter kvart fekk faren til Anne problem med å halde kontakten med familien sin. Han begynte å drikke meir og klarte ikkje lenger å halde seg edru lenge nok til å vere i lag med familien. Anne sin far ville ikkje at borna skulle få oppleve han full. Difor forsvann han berre. Heime sat mora igjen med tre born som lurte på kor faren deira var.

 

- Eg hugsar godt den kvelden då mamma forklarte oss at pappa var alkoholikar, seier Anne og tek ein slurk av colaen før ho forsett. - Vi fire var samla i stova. Mamma sa at ho hadde noko alvorleg å seie til oss. Ho gråt. I ettertid har eg tenkt mykje på korleis det måtte ha vore for ho å fortelje borna sine at faren ikkje ville komme heim meir. Den gongen skjønte eg ikkje heilt det med alkoholen og at vi ikkje ville få sjå pappa igjen. Brørne minne som eg trudde var to tøffingar som aldri gråt, sat i sofaen med store tårar som rann nedover kinna. På veggen hang eit bilete av pappa. Det var sommar og han sat i den vesle robåten og reinska garn. Det var ubeskriveleg vondt å vite at eg ikkje ville få vere med på fleire fisketurar saman med faren min. Eg følte ei sinne inne i meg, sjølv om mamma presiserte at pappa hadde ein slags sjukdom som gjorde at han drakk. Ho prøvde så godt ho kunne å få oss til å forstå at pappa ikkje ynskja å drikke, men at han ikkje klarte å la vere.

 

Det må vere ein stor påkjenning å oppdage at det mennesket ein har valt å dele livet sitt med har eit alkoholproblem. Korleis opplevde du at mora di takla det?

- Mamma var jo den fyrste som visste at pappa drakk. Eg veit ikkje kor tid pappa begynte å drikke, men han hadde nok drukke nokre år før problemet vart så alvorleg at mamma måtte fortelje om det. Difor trur eg at ho var førebudd på at den dagen kor pappa ikkje skulle klare å leve saman med oss, ville komme. Men klart det må ha vore ein håplaus situasjon og forferdeleg trist for ho. Likevel var ho flink til å prate med meg om korleis eg hadde det. Ho hadde full jobb og i tilegg hadde ho ansvaret for oss tre søskena. Eg kunne ynskje at eg hadde visst korleis mamma opplevde det heile. Men det fekk eg jo aldri noko svar på, seier Anne og blir alvorleg.

 

Berre to år etter at faren forlét familien, fekk Anne eit nytt sjokk i livet sitt. Mora døydde av hjartestans. På nytt kom smerta og angsten. I løpet av to år har ho mista begge foreldra. Etter at alkoholen ”tok” faren ifrå ho, betydde mora hennar alt for Anne. Av mora fekk ho den trøst og støtte ho trengde. Vi kan vel alle tenkje korleis det må vere for ei femtenårgammal jente å oppleve noko slikt som det Anne gjorde.

 

Det må jo ha vore ei utruleg har påkjenning for deg då mora di døydde. Korleis takla du det?

- Då mamma døydde fekk eg sjokk. Det kom heilt uventa. Eg hadde ikkje ein gong tenkt tanken at eg skulle oppleve å miste mamma også. Då presten sat framfor meg i klasserommet, føltes det som om eg hadde falt ut av eit fly og skjønte at eg ikkje ville ha sjans når eg tilslutt ville treffe bakken. Eg kunne ikkje begripe korleis eg skulle komme vidare i livet.

 

Anne hadde ikkje familie i nærleiken. Ho flytta difor til tanta si som budde på ein annan kant av landet. Ho fekk seg nye venar, men etter kvart kom vanskane.

- Eg hamna i feil miljø, fortel Anne. – Etter kvart klarte eg ikkje å følgje med på skulen. Det var tøffare å skulke og vere i byen saman med gjengen i stade. Det vart mykje festing og småkriminalitet som butikktjuveri og herverk.

 

Men tanta di då, såg ho ikkje kva som skjedde? - Ikkje med ein gong. Då eg kom til tante, var ho godt over femti. Ho hadde ikkje eigne born eller noko anna erfaring med oppdraging. Tante var nok litt naiv og trudde at alt skulle gå bra, berre ho var snill mot meg. Stort sett fekk eg gjere det eg ville og ho sette ingen grenser for meg. Det kom som ei stor overrasking på ho då ein politimann ringte og bad ho komme ned på politistasjonen, fordi eg hadde vore med i eit brutalt slagsmål. Då fekk ho greie på kva slags miljø eg vanka i. Ho lova både politi og barnevern at ho skulle passe betre på meg.

 

Tida etter slagsmålet blei vanskeleg for Anne. Sjølv om ho kom seg ut av det småkriminelle ungdomsmiljøet, sleit ho med psykiske problem. Ho følte at tanta ikkje gav ho den omsorga og tryggleiken som ho trengde. Framleis hadde Anne vanskar på skulen og ho var redd for korleis framtida hennar ville bli. Men så kom det endeleg eit lyspunkt i livet til Anne. Ho fekk seg kjærast. Det forandra heile kvardagen hennar, han gav Anne sjølvtillit og tru på livet. Då Anne var atten år flytta ho og kjærasten, Andreas, til Oslo.

 

Så Andreas kom som ein reddande engel for deg?

- Ja han gjorde jo på ein måte det, svarar Anne med eit stort smil om munnen. - For meg var Andreas den søtaste og greiaste guten i heile verda. Då vi flytta saman til Oslo, føltes det som eg hadde fått eit nytt liv. Eg trudde at Andreas var han eg skulle gifte meg med, men slik gjekk det jo ikkje.

 

Kva skjedde?

- Etter berre tre månader i Oslo vart det slutt mellom oss to. Ein morgon eg vakna var Andreas vekk. Det låg ein lapp på bordet. Eg veit ikkje kvifor han gjekk i frå meg. Vi hadde det jo så bra saman. Han studerte ved universitetet og eg jobba i ein butikk. No var eg heilt åleine i Oslo. Andreas såg eg aldri noko meir til.

 

Korleis gjekk det med deg etter at kjærasten din forsvann? - Det vart svært vanskeleg for meg. Eg kunne ikkje forstå at han kunne gjere noko slikt mot meg. Eg hadde jo ingen eg kunne gå til, ingen som kunne trøste og ta seg av meg.

 

Dei to brørne dine, kunne ikkje dei hjelpe deg?  - Eg hadde ikkje sett dei sidan mamma døydde. Dei var så gamle at dei kunne greie seg sjølv. Då eg flytta til tante mista eg kontakten med dei.

 

Anne fortel om ei tøff tid i Oslo. Dei negative tankane kring meininga med livet kom tilbake. Ho begynte å drikke fordi ho såg ei slags hjelp i det. Anne sjølv synes ho hadde eit uproblematisk forhold til alkoholen.

- Eg opplevde ikkje at eg drakk for mykje. I byrjinga drakk eg berre i helgene. Eg fekk meg veninner som eg gjekk på byen saman med. Det var fint å kunne gløyme den trauste kvardagen og ha det moro i lag med dei andre. Eg var alltid edruleg då eg skulle på jobb på måndagane, men heile veka gjekk eg og gleda meg til helga og drikkinga.

 

Du seier at du i byrjinga berre drakk i helgene, begynte du å drikke i veka også?

- Ja, eg drakk meir og meir alkohol. Eg tenkte at det ikkje var så farleg om eg drakk litt etter jobben. På den tida drakk eg mest øl. Eg merka at eg stadig hadde lyst på alkohol. Det var ikkje smaken av ølet som freista meg, men verknaden av alkoholen i ølet. Den gav meg livsgnist, eg drakk for å få ein falsk lukke. Å drikke


var det einaste eg kunne gjere for å holde humøret mitt oppe. Dei psykiske problema gjorde at eg fekk vanskar når eg skulle vere saman med andre. Eg følte at det var nødvendig å drikke for å ikkje vere sjenert då eg var i lag med vener. Viss eg ikkje var rusa klarte eg ikkje å slappe av og hygge meg saman med andre.

 

Når gjekk det opp for deg at du hadde eit alkoholproblem?

- Det teke ei stund før ein blir avhengig av alkohol. Då eg var rundt femogtjue var det så ille at eg ikkje kunne jobbe lenger. Det var vel då eg innsåg at eg var alkoholikar. Besteveninna mi hadde lenge prøvd å få meg til å forstå at eg drakk for mykje. Eg prøvde å ta det på alvor og gjere noko med det. Det var ikkje lett. Alkoholen var i tankane mine heile tida. Den kom først, og alt anna vart mindre viktig. Då eg prøvde å slutte blei eg uroleg og nervøs. Uroa blei borte ved å drikke på nytt. Trongen etter alkohol var der heile tida, eg hadde blitt avhengig.

 

Trur du at du arva alkoholproblema etter faren din?

- Det er vanskeleg å seie, men det er nokså mange alkoholikarar som har foreldre som også er alkoholikar, seier Anne. Det er gjort undersøkingar for å finne ut om alkoholisme kan vere arveleg. Forskarar har snakket med vaksne som blei adoptert bort like etter fødselen fordi mora eller faren led av alkoholisme. Dei kom til familiar der ingen hadde denne lidinga. Nokre fleire av desse vart alkoholikarar enn det som er vanleg, fortel Anne ivrig.

 

Etter kvart begynte Anne å misbruke sterkare drikkevarar. Ho blei det vi kan kalle for ein svært belasta alkoholikar.

 

Korleis klarte du å leve utan jobb – alkoholikarar har jo eit stort pengeforbruk?

- Eg gjekk på ”sosialen”, men det er ikkje så mykje pengestøtte du får. Anne ser

litt oppgitt ut der ho sit og tenkjer tilbake på tida som alkoholikar i Oslo.

- Den vesle pengestøtta eg fekk frå sosialkontoret, var jo brukt opp den same dagen den kom på kontoen. Det meste av pengeforbruket gjekk til å kjøpe drikkevarer. Eg hadde ikkje råd til å behalde leilegheita, så eg budde ei stund på gata. Eg måtte låne pengar av folk for å kjøpe ting eg trengde. Det gjorde at eg fekk ganske høg gjeld. Det førte igjen til at eg måtte gjere kriminelle handlingar, slik at eg på den måten fekk pengar og kunne betale tilbake det eg skyldte.

 

Vi veit jo alle at alkohol er helsefarleg, kva gjorde alkoholmisbruket med helsa di?

- Alkoholen heldt på å ta livet mitt, seier Anne og det blir stilt ei stund. Det er tydeleg å sjå at ho har problem med å halde tårane tilbake. – Eg kan ikkje forstå at eg lever i dag. Ein vinter budde eg på gata i Oslo. Det er ikkje mykje eg hugsar, men det var kaldt, og eg var sikker på at eg ville komme til å dø, anten av kulda eller alkoholen, seier ho med ei overtyding i stemma. - Når du er så ”ute og køyrer” som det eg var, er du temmeleg nær ei grense kvar kroppen ikkje tåler meir, forklarar Anne.

- Alkohol skadar hjernen. Evna til å hugse og tenkje blir dårlegare. For meg gjekk det så langt at eg fekk ein slags hjerneskade som gjorde at eg ikkje ante noko om meg sjølv lenger. Det var då eg vart innlagd.

 

For to år sidan var tilstanden til Anne så alvorleg at ho vart tvangsinnlagd på ein klinikk for alkoholikarar. Det vart redninga for Anne. Ei intens behandling fekk ho på beina igjen, men det kosta. - Det var kjempetøft. Eg ville jo slutte, men kroppen min ”skreik” etter alkohol. Hadde det ikkje vore for at dei haldt meg ”innestengt” på klinikken, ville eg ikkje hatt sjans. Eg ynska å ta livet mitt og det var nære på nokre gongar. Heldigvis passa personalet godt på meg.

 

Då situasjonen til Anne hadde stabilisert seg, anbefalte psykiateren ved klinikken at ho skulle bli med i ei samtalegruppe der alkoholikarar fortalte om deira opplevingar til kvarandre.

- Det var eit veldig flott tilbod, seier Anne. - I byrjinga syns eg at det var litt vanskeleg å snakke om korleis eg hadde det. Men etter kvart som eg vart kjend med dei andre gjekk det betre. Det var ein fin gjeng med mange flotte menneske som på lik linje med meg, ynskja å komme tilbake til eit normalt liv igjen. - Også var det jo ein kjekk mann der òg, seier Anne og blunke lurt til meg.

 

Så du fann mannen i ditt liv i denne samtalegruppa?

- Ja, saman med han har det vore lettare å avvende seg. Vi to har støtta kvarandre. Det er mykje lettare å nå eit mål når ein er to om det. I desse dagar helde vi på å flytte inn på eit nedlagt småbruk vi har kjøpt. Han er snekker og kan fikse det meste på huset. Medan han pussar opp, går eg kring å prøver å hjelpe han så godt eg kan. - Eg er så lykkeleg for at eg har fått ein ny sjanse her i livet.

 

Du har jo ingen utdanning. Har du nokre planar for framtida med tanke på jobb?

- I dag er det vanskeleg å få seg eit levebrød utan at du har ei utdanning å vise til. No har eg begynt på vaksenopplæringa for å ta igjen den tapte skulegongen. Eg har lyst til å studere psykologi. Drømmen er jo å kunne hjelpe andre menneske med alkoholproblem. For meg følast det nesten som ei plikt å gjere det. Eg veit kor forferdeleg håplaust og vanskeleg det er, seier Anne og teke den siste slurken av colaen. Eit mål eg og kjærasten min har, er å prøve å gjere om småbruket til ein stad der menneske med alkoholproblem kan komme å få hjelp. Sjølv om det blir ei stund til, håper eg at eg kan få moglegheita til å hjelpe menneske som har ein vanskeleg kvardag.

 

Det er litt av ei livshistorie Anne har å fortelje, sjølv om ho berre er i sin ”beste” alder. Vi andre kan prøve å førestille oss korleis det må vere for ein alkoholikar, men vi vil vel aldri kunne forstå det heilt. - Alkohol er eit alvorleg helseproblem vi må ta tak i her i Noreg. Det handlar om å vise respekt og forståing, seier Anne medan ho tar på seg pelskåpa og går ut døra. Denne gongen frys ho ikkje, sjølv om det er aldri så kaldt der ute.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil