Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Terje Vigen

Terje Vigen

Handlingsreferat fra diktet Terje Vigen.

Karakter: 6-

Sjanger
Referat
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
21.04.2004


Terje Vigen, ein gråhåra mann med skjegg, som ikkje var greidd på lenge. Ein ganske skummel fyr, og når auga hans gnistra –helst i dårleg vær, var det ikkje mange som torde gå bort til han. Då sa dei at han var galen.

 

Terje hadde det ikkje så bra då han vaks opp, både mor og far hans kom frå han då han var ganske ung. Og han var ikkje gammal då han tok sine første basketak, han reiste på sjøen og var på sin båt den yngste mann. Då dei hadde kommi til Amsterdam hoppa han av båten og var der nokre år, før han ville heim at. Det var som å komme til eit nytt sted for her var det ikkje eingang nokon som huska at han drog, og det var nesten bare han som var igjen i slekta. Han var blitt ein mann no, ein stor og kald mann han sorga knapt over sine døyde foreldre.

 

Etter eit år hadde han funne seg ei jente, og gifta seg med ein gong. Dei bygde seg eit eige hus, der dei budde dei ein vinter i sus og dus. Men Terje orka ikkje bu slik på ein plass, så når våren kom tok han båten og reiste. Kona venta trufast og Terje kom når det begynte og fryse på. Då han kom inn til sin kone såg han at han hadde blitt far til vesle anna. Han var snill med sin dotter og ho blei Terjes forankring på land.


 

Men i 1809 kom krigen til Noreg, som den gang var i union med Danmark vart det krig i Europa og vi kom i strid med Storbritannia fordi danskane støtta Frankrike. Dei stengte heile den norske kysten for både inn og ut seling. Det var uår, så det vart lite med korn, og det vart matmangel, også heime hoss her og fru Vigen. Terje ville redde kone og barn så han tok årene fatt og reist ut på det store havet. Han skulle til Danmark for å hente korn. Det gikk ikkje fort for han syntes det var dumt med mast og seil. Han blei mindre synleg når han ikkje hadde det. Han kom seg fint til Frederikshavn, og han fikk med seg tre tønner korn tilbake, men kom han til å klare tilbakevegen.

 

Han hadde bare ein tanke i hovudet når han rodde tilbake: ”ro for kone og barn”. De tre første dagane gikk fint, herr Vigen rodde som ein motor heile natta, men då det lysna på morgonsida såg eit gjenskinn av eit skip i tåkehavet. Det kom rett mot han og han visste kvar dette kom til å ende. Nå var det ikkje langt igjen, han måtte klare det. Nå var Terje sliten, han var nær ved å be til Gud. Men det rakk han ikkje for tåka letta og korvetten kom mot han for fulle seil.

 

Plutseleg høyrde han eit smell, og dei hadde sett han, Terjes hjerte banket som aldri før og han måtte flykte. Vannet spruta frå årene og Terje rodde ikkje lenger for berre kone og barn, han rodde for sitt eiga liv også. Nå var han litt austafor Homborsund, og under to fot vann var det botn. Mot land Terjes båt for som ein pil. Men bak ham kom den engelske jollen med femten mann. Då skreik Terje Vigen høgt til sin gud: ”Innerst der inne på strandas grus sitter min kone ved det fattige hus og venter med barnet på brød”. Det hjelpte ikkje stort for de femten skreik nok høgare. Lykka var med engelskmenna, for Terje kjørte jolla på grunn. Offiseren hogde et hull i båtens botn og Terje såg at hans strev var til inga nytte. Det gjekk båten ned og med den mista Terje sitt korn. Terje slo ned alle britane og prøvde og dykke etter sitt korn, men det var utan hell.

 

Til slutt fisket britane han opp og fyre av ein sigersalutt. Han låg på dekk og gråt og gråt. Han enda i fengsel, og der vart han i mange år. Han drømte heim, det var då håret blei grått. Heilt til 1814 satt Terje Vigen i fengsel. Då blei han til slutt ført heim på ein svensk fregatt. Nå stod han atter aleine, for det var ingen som husket han. Når han ikkje hadde kommi heim med mat til kone og barn, så hadde de gått bort.

 

Igjen tok han årene fatt, men nå reiste han ikkje langt, for Terje jobba som los. Og ein kveld då det var mykje vind, og Terje såg ut av vindauget, såg han ein engelsk yacht. Og den hadde problem, storseglet var øydelagt, og Terje såg eit raudt flagg som tydde nød. Han flaug ut til båten, for å ro ut til dei, han sleit fælt, men kom seg sakte mot både vind og yacht. Etter lang tid fikk han kontroll på yachten og om bord der var ein adelsmann med kone og barn. Dei var så takksame, og adelsmannen sa at han ville gjøre Terje rik, men då slapp Terje roret og ropte: ”Den svikta kommando! I båtane ned Mylord og mylady med meg! Den slår seg i splinter –eg vet beskjed, - men innanfor ligger den trygge led; mitt kjølspor skal vise oss vei!” No var de på mot Terjes hus i Terjes båt. Plutselig slapp han roret igjen og svinga ein åre med bladet opp og hugg den i båtens botn. Redselen var stor blant de store folk. ”Anna mitt barn!” skreik kona om bord og rakk barnet høgt opp i det blå. Båten sank ned på sama sted som hadde tre tønner bygg. Då ropte lorden: ”Kjenn – båens rygg- den svikter, det er ingen skjer” losen smilte og svarte: ”Nei, vær De trygg! Ein sunket sjekte med tre tønner bygg er det som bærer oss no.” Då huska lorden eit minne frå før og han kjente matrosen som gråt i kne på korvettens dekk.

 

No var det lorden som måtte i kne, han bad om livet til sin kone og barn. For gjengjeldelens time var kommi, ”tilbake, mylord! Et einaste skritt, og det kostar deg kone og barn!” Lorden ville, men kunne ikkje slåss, for han var blitt grå og lat. Men Terje ville ikkje sloss for han hadde fått sin hemn.

 

Lorden kom med kone og barn og takket for hjelpen som Terje gav. Og då de reiste dei heiste det norske flagg, og Terje var atter glad.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil