Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Saga om Sigmund

Saga om Sigmund

Selvskreven saga etter norrøn oppskrift, med persongalleri.

Karakter: 5+

Sjanger
Annet
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
06.03.2004


Tormod heitte ein mann. Han var son av Trond den mektige og kom frå den største garden på Ringsletta i Mo. Han hadde ein einaste son. Det var Sigmund. Sigmund var ein staut ung kar. Han skrev kvad etter kvad, var god i idrett og var elles ein svært pen gut. Det vart sagt om han av Hurd, spåkona, at han ville komme til å utføre eit drap for så å døy i ung alder. Drapet ville vere på grunn av ei jente. Ei han elska. Ho ville og vere grunnen til at han døydde.

Sigmund fekk aldri vete dette, men alle visste det.

 

I nærleiken til Ringsletta låg andre garder. I den eine garden, ”Spiren”, budde småbonden Torkild, son av Sturla. Han hadde ein son og ei dotter. Sonen het Mons. Han var ein stor sterk kar, bygd for arbeide og kamp. Han var ein svært sint gut og kom ofte i slagsmål. Ragnfrid var systera hans. Ho var svært ven å sjå til, alltid blid, og snill som eit lam. Ho hadde aldri gjort noko gale i heile sitt liv.

 

I den andre garden, ”Knåden”, budde storbonden Svein, son av Eskild som var storhøvding i si tid. Svein hadde bare ei dotter. Ho heitte Brynhilde. Svein ynskja seg alltid ein son. Derfor behandla han Brynhilde som ein gut opp gjennom heile barndommen. Han tok henne med på jakt, fekk henne til å gjere mannfolkarbeid og gav henne aldri kjolar eller andre fine klede. Brynhilde var derfor ei svært maskulin dame med eit hardt utsjåande. Ho var ofte med i jaktkonkurransar der ute i skogen.


 

Så var det ein dag at Tormod, far til Sigmund, og Svein, far til Brynhilde, gjekk saman for å diskutere barna deira si framtid. Dei meinte at Sigmund og Brynhilde skulle gifte seg innan eit halvt år. Tormod sa til Svein: ”Men vi seier ikkje noko til dei.” Svein svarte: ”Nei, dette er vår overrasking. Vi vil jo ikkje ha noko oppstyr.”

 

Sigmund hadde ein einaste god ven. Torleif heitte han. Han var son av Hals frå Gitlegard i Song. Torleif var liten av vekst, men usedvanleg pen i andletet. Han blei sett på som den penaste mannen i området, men sedan han var så liten og lite sterk blei han ikkje så populær. Fedrane i bygda ville ha store sterke mannfolk til å gifte seg med dotrene deira.

 

Ein gong i månaden kom Torleif innom Sigmund og dei reid ein tur i fjellet. På ein slik tur sa Sigmund til Torleif: ”Eg trur eg har funni kvinna i mitt liv!” ”Kven?” spurde Torleif. ”Ho bur på ein gard ikkje så langt frå vår. Ho er dotter av Torkild, og systera til Mons. Ragnfrid heiter ho!” svarte Sigmund.

 

Tida gjekk. På ein anna tur oppe i fjellet seier Sigmund til Torleif: ”No har eg prata med ho. Ho er like snill som ho er ven.” ”Verker ho interessert?” spurde Torleif. ”Ja, eg trur så.” svarte Sigmund.

 

Tida gjekk enda meir. Nok ein tur oppe i fjellet seier Sigmund til Torleif: ”Eg trur eg elskar henne!” Torleif svarte: ”Det trur eg og du gjer. No har vi vore fem turar her på hesteryggen. Og du har ikkje prata om anna enn Ragnfrid. Henne bør du gifte deg med!” ”Eg er samd. Eg må bare prate med henne fyst. Og far min. Og far hennar.” sa Sigmund.

 

Sigmund gjekk til Ragnfrid rett etter turen. Ho stod ved elva og vaska kler. Han sa ”Eg vil gifte meg med deg. Det er deg eg vil ha.” Ho svarte: ”Det er deg eg og vil ha.”

 

Sigmund gjekk så til far sin og sa: ”Eg har funne kvinna i mitt liv!” Faren svarte: ”Å? Det er vel ikkje ho i nabogarden?” Sigmund sa: ”Jo, ho som er så ven å sjå.” Så sa faren medan han smilte: ”Det passa bra, det er henne du skal gifte deg med om ei veke!” Sigmund lyste opp og sa: ”Kva? Er det sant? Veit ho det?” Faren såg ned og sa: ”Nei, ikkje meir enn det du visste for litt sidan.” Sigmund skynde seg mot døra. ”Kor skal du?” spurde faren han. ”Eg må fortelje henne om det! Ragnfrid skal bli min viv!” ”Ragnfrid? Du meiner vel Brynhilde?” sa faren. ”Brynhilde? Eg vil ikkje gifte meg med henne!” ropte Sigmund: ”Eg vil ha Ragnfrid!” ”Det går nok ikkje” svarte faren: ”Det er allereie bestemd.” Sigmund gjekk snart ut.

 

Ragnfrid satt framleis ved elva da Sigmund kom tilbake. Han var blaut om auget. Ho såg opp på han. Han sa: ”Eg er trulova med Brynhilde. Kva skal eg gjere?” Ho reiste seg, såg seg raskt om og gav han ein klem. Så sa h ”Det skal gå så fint. Vi finn ei løysing. Heilt sikkert.”

 

Sola stod opp og gjekk ned to gangar.

 

Så vart Brynhilde drepen. Ho blei overfalt da ho var ute i skogen på jakt. Alle trudde det var Mons, son av småbonden Torkild, som hadde gjort ugjerninga. Brynhilde hadde nemleg slått han i ein konkurranse om å felle flest dyr på jakt i løpet av ei veke. Han hadde blitt så arg da ei jente slo han at han bare gjekk frå sigersfesten hennar. Men no var Mons sporlaust forsvunne. Og familien til Brynhilde var svært hemngjerrige. Så ein dag tok dei systera hans, Ragnfrid, som gissel. Dei sa: ”Om ikkje Mons kjem tilbake før midnatt, døyr systera hans!”

 

Da Sigmund fekk høyre dette reid han fort til der ho vart heldt i fangenskap. Han fekk ikkje komme inn så han drap vakta og gjekk inn til Ragnfrid. Toeine gjekk dei ut til hesten til Sigmund. Dei andre vaktene kom raskt på plass, og for etter dei. Det tok ikkje lang tid før Sigmund og Ragnfrid vart omringa. Dei blei tatt med tilbake. Etter ein lang prat mellom Tormod og Svein vart dei drepne begge to ved midnatt. For Mons kom ikkje tilbake.

 

Torkild og Tormod, fedrane til Sigmund og Ragnfrid, gjekk saman neste dag. Ved solnedgang vart Svein funne død. Og ved midnatt var Torkild og Tormod og ut av sagaen.

 

<bilde>


 

<bilde>

 

<bilde>

<bilde>


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil